Sitron (Citrus limon) er ei sitrusfrukt som vert dyrka i California og i landa rundt Middelhavet.
Sitron | |
Sitron | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Sapindales |
Familie: | Rutaceae |
Underfamilie: | Aurantioideae |
Stamme: | Citreae |
Slekt: | Sitrusfrukt Citrus |
Art: | Sitron C. ×limon |
Vitskapleg namn | |
Citrus ×limon Osbeck, 1765 |
Ho er avlang med lys gult fruktkjøt og gult skal. Sitrontreet blomstrar året rundt, og det er derfor vanleg å sjå både frukt og blomar på same treet.
Sitron er rik på c-vitamin, medan smaken er syrleg, noko som kjem av eit høgt innhald av sitronsyre. Både kjøt, saft og skal vert brukt i matlaging, til drikkar og som garnityr.
Ein lager mellom anna den gode tørstedrikken limonade av sitronsaft, og bruker elles frukta som pynt på mat og til drikkar, der ho kan vera viktig for smaken. Syra i sitronsafta nøytraliserer smaken av amin i fisken, medan han ganske enkelt gjev ekstra smak til mange drikkar.
Romarane kjende til frukta, og ein har funne restar av sitron i Pompeii. Ho blei likevel gløymd i Europa, men blei introdusert til Arabia frå India rundt 900-talet. Namnet kjem frå persisk لیمو limu.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sitron, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.