Skule

Ein skule eller skole er ein offentleg eller privat institusjon, eventuelt ein lærestad, der det blir undervist i fleire ulike fag, som regel for å gi born og unge kompetanse for eit yrkesliv som vaksne.

Undervisinga går føre seg gjennom eit samvirke mellom ein eller fleire lærarar som gjev undervising og ei gruppe eller klasse elevar eller studentar som får undervising. Ordet skule blir òg nytta om sjølve bygningen der undervisinga går føre seg. Skule kan òg tyde stil- eller læredannande retning innan eit fag, og i vid forstand danning eller oppdraging.

Skule
Elevar ved arbeidspultane i eit klasserom ved elitegymnaset Menntaskólinn Hraðbraut på Island.

I dei fleste landa er ein viss skulegang påkravd i løpet av oppveksten. Skuleplikta byrjar som regel når barnet er seks eller sju år og varer ofte til fylte 15 eller 16 år. Slik er det også i Noreg, og denne typen pliktig skulegang blir kalla grunnskule. I dag har alle rett til tre års vidaregåande skule i tillegg til den tiårige grunnskulen.

Ordsoge

Ordet skule eller skole fanst i to former allereie i norrønt, som skúli eller skóli. Ordet kan ha komme til norsk både gjennom lågtysk schole, gammalengelsk scol eller eldre nederlandsk scoele - som u-en i nynorsk 'skule' kanskje kjem frå. Ordet kjem opphavleg frå gresk skhole 'fritid, kvild frå kroppsarbeid; sysselsetjing med lærdomsøvingar'.

Shul er eit jiddisk ord som tyder 'skole' og som viser til ein synagoge.

Bilete

Referansar

Tags:

DanningInstitusjonLærarOppdragingStudent

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Fader vårKalsiumkloridSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974MS «Framstig»WienerklassisismenPetronella BarkerJeff KinneyToyota Motor CorporationFagorganisasjonHarrOlivia RodrigoBlåmannMjøsaMidsommarAfghanistanQawahBislett-medaljenThoriumkraftverkKreklingKirkeristenVoss heradRabagastJohn IllsleyDan Børge AkerøJordDamplokomotivTasmansk djevelProfessor emeritusSveitsDet norske alfabetetHandball-EM 2002 for mennJamstellingsvedtaketNordmennLibanonVladimir PutinSaruq i OmanSteingardar i NoregKamerun11. aprilMarie AntoinetteSigmaDurgaKorrespondentTveitaIngvild KjerkolAssociatesFreddie MercuryKnut T. StorbukåsDen muslimske verdaGeorg Wilhelm Friedrich HegelSilvia av SverigeIf I Were SorryTommy RobinsonMilanoPadlene26. aprilSosialdemokratiMike PinderAustraliaVevdesignBalkanInófytaHuaoraniarElvar i RusslandSilkeormLotta i BråkmakergataLars SponheimWikipediaTerje StrømdahlOperatunnelenTutankhamonEmil i Lønneberget🡆 More