Lærar: Person som underviser elevar eller studentar

Ein lærar er ein kunnskapsformidlar.

Ein person som er utdanna til å undervise barn og ungdom blir òg kalla ein pedagog.

Lærargrupper

Lærarar er delte inn i fleire undergrupper, ut frå kva utdanning dei har:

  • Førskulelærar: utdanna pedagog retta mot barn frå 3 til 6 år (opp til 10 år med tilleggsutdanning). Minimum 3 års utdanning.
  • Ålmennlærar: utdanna pedagog for grunnskulen (1. til 10. klasse) med minst 4 års utdanning.
  • Adjunkt: lærer med cand.mag.-grad eller bachelor og pedagogisk utdanning.
  • Lektor: lærar med hovudfag eller mastergrad og pedagogisk utdanning.
  • Yrkesfaglærar: lærar i yrkesfag / praktiske fag med praktisk og teoretisk utdanning innanfor sitt fagområde + pedagogisk utdanning.
  • Rektor: skuleleiar.

Lærarutdanning

Lærarutdanninga kan òg delast i ulike undergrupper som siktar inn mot ulike lærargrupper:

  • Førskulelærarutdanning på tre år.
  • Ålmennlærarutdanning på fire år.
  • Yrkesfaglærarutdanning på tre år.
  • Praktisk-pedagogisk utdanning på eitt år, nytta som påbyggingsstudium til bachelorgrad eller mastergrad, og for yrkesfaglærarar med praktisk og teoretisk fagutdanning, f.eks. fagbrev og teknisk fagskole.
  • Integrert mastergrad (femårig).

Det er laga nasjonale rammeplanar for dei ulike lærarutdanningane der det er fastsett studiepoengskrav i høve fag, fagdidaktikk, pedagogikk og praksis.

Historikk

Dei fyrste lærarutdanningskursa for allmugeskulen vart starta på slutten av 1700-talet. Desse var drive i privat regi og det same var mange av lærarskulane som kom til i siste halvdel av 1800-talet. Den fyrste offentlege lærarskulen vart oppretta i 1826 i Trondenes ved Harstad.

Dei to-årige stiftsseminara bygde på allmugeskulen, og var nytta som lærarutdanning på 1800-talet.

I 1890 vart lærarutdanninga for fyrste gong regulert gjennom ei eiga lov.

Lengda på lærarutdanninga vart i 1902 regulert til tre-årig, ved lærarskolelovene av 1930 og 1938 vart utdanninga fire-årig med ei to-årig studentlinje. Med lærarutdanningslova av 1973 vart ålmennlærarutdanninga tre-årig, bygd på gymnas/studiekompetanse, og frå 1992 fire-årig.

Den praktiske pedagogiske utdanninga (for å verte adjunkt, lektor eller yrkesfaglærar) blei i 1991 utvida frå eit halvt år til eitt år.

Bakgrunnsstoff

Tags:

Lærar grupperLærar utdanningLærar HistorikkLærar BakgrunnsstoffLærarPedagog

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HurtigrutaNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1973CyanØrnClaudio LangesWilliam OrpenDeltaDet norske alfabetetLundefuglJantelovenHound DogOksygenSunnmøreA Touch of Class27-årsklubbenJens StoltenbergEddiksyreDickey BettsValerij ZaluzjnyjDen romerske republikkenBergenRombeAlderspensjonIndonesiaMuhammedThe Big Bang TheoryRussisk kulturDen amerikanske sjølvstenderesolusjonenTaekwondoZoologiAtomvåpenPiknikkorg2006HovudsideØMolde kommuneFA-cupfinalen i fotball 2001SnikkarManuel Isidoro BelzuOrJaroslav SoukupSteve JobsDrivhusgassWiki CommonsLangnebbparakittClaudio MonteverdiMøteplassDet tredje riketPanterFredrik Solvang2019SkigardsviseLønnGrunnstoffliste etter atomnummerAfghanistanFredrik SkavlanDeAnna PricePogóniMikal KirkholtVerdas skriftsystemLonnie MackPalermoJean-Claude JunckerStyresettTeikneserieDet nederlandske koloniriketReidar JohansenVM i friidrett 2019ForelskingEngavågenGeorg III av StorbritanniaPandaTønsberg kommuneAnatolij FirsovMaud av NoregHannover🡆 More