Krekling, krekebær eller kråkebær (Empetrum nigrum) er ein liten, eviggrøn plante i kreklingslekta i lyngfamilien.
Krekling | |
Krekling | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Lyngordenen Ericales |
Familie: | Lyngfamilien Ericaceae |
Slekt: | Empetrum |
Art: | Krekling E. nigrum |
Vitskapleg namn | |
Empetrum nigrum |
Han er kjend for bæra sine med same namn, som er blåsvarte og kan etast. Planten trivst i myrområde, høgfjell og i gran- og furuskog.
Krekling spreier seg utover i teppe, der buskane blir 10-25 cm høge og har mørkegrøn grunnfarge. Greinene og stenglane ligg nede på bakken eller bøyer seg litt oppover i endane. Blada er små, litt glatte/sukkulente, og sit i klasar langs mykje av stengelen. Dei nyaste skota er litt raudlege.
Blomane er små og raude, med tre gulgrøne begerblad og tre heilt raude kronblad. Ho- og hannplantane er separate.
I Noreg er arten svært utbreidd heilt opp til 1.800 m.o.h. I Nord-Noreg er bæra til krekling kjend som krøyk, krøkebær eller krykkjebær. Bæra har lite smak, men eigner seg godt til å laga saft eller gelé. Dei inneheld mykje vatn og kan vera god for tyrsten når ein er på tur.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Krekling, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.