Tavle

Tavle (norrønt tafla, frå latin tabula) er ei rektangulær flate som kan brukast til å skriva, teikna eller oppbevara ting på.

Tavle
Assyrisk leirtavle med eit brev.

Tavler har vore brukt gjennom historia til å hogga eller rissa inn eller skriva ned tekst på. Leirtavler er særleg kjende for kileskrift frå Midtausten, og er kjelde til mykje kunnskap om språk og kultur frå oldtida. Annan tekst kunne hoggast inn på steintavler. Ifølgje Bibelen var Dei ti bodorda opphavleg skrivne ned på steintavler.

Dei gamle grekarane og romarane brukte gjerne tretavler til å skriva brev på. Skriftflata var dekka med voks. Ein skreiv ved å rissa i vokslaget med ein spiss griffel av metall. Seinare tok ein i bruk skifertavler som ein skreiv på med griffel eller krit.

Undervising

Tavle 
Grøn veggtavle i eit tysk klasserom. Hovudtavla har sidetavler ein kan slå ut. På veggen til venstre er det montert ei whiteboardtavle, det vil seia ei kvit tusjtavle.

Ein har brukt tavler mykje i undervising, med ei tavle fremst i klasserommet for læraren til å skriva og laga figurar på og mindre tavler for kvar elev til å kopiera eller øva seg på. Tradisjonelt har lærartavla vore svart eller grøn og ein har skrive på henne med kvitt krit. I nyare tid har ein også teke i bruk kvite tavler, whiteboard, som ein kan projisera bilde og skriva med tusj på, eller ei smarttavle eller interaktiv tavle som verker med ein datamaskin.

Andre tavler

Ei tavle kan vera ei plate ein har måla bilete eller skrive varig tekst på. Altartavle er til dømes ei slik tavle ein kan ha bake eit altar i ei kyrkje. Hustavle kan vera ei tavle med reglar for ein huslyd.

Tavler kan også brukast til å henga ting på, som bilde og meldingar på ei oppslagstavle eller ein flanellograf.

Tavler for ulike instrument og brytarar kan vera apparattavle, brytartavle, instrumenttavler eller kontrolltavler.

Galleri

Kjelder

Tags:

Tavle UndervisingTavle Andre tavlerTavle GalleriTavle KjelderTavleLatinNorrønt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

157VM i friidrett 2022IrakHellasMiddelhavetIvar AasenKirunaVoss heradSpesifikk varmekapasitetDickey BettsMayo ClinicDanmarkAksla9182024Ski-NM 1967Charcot CoveGrønlandForvandlingaLonnie MackKvintakkordVåren av Aasmund Olavsson VinjeFriksjonØystein SundeAstrid LindgrenJosef Stalin1300-taletTidvatnHepatitt C-virusTrøndelag fylkeKvigeTangentPakistanA Collection of Great Dance SongsEddiksyreCaliforniaNasjonaldrikkTwitterSamisk språkhistorieTysklandJernHilde LyrånSovjetunionenKjemiItaliaJonsokNynorskFreaks of Nature av KansasØrnNasjonale minoritetar i NoregCelsiusGammeKvenerEnaresjøenMrs. RobinsonCarles PuigdemontHumphrey BogartThomas A. DorseyDen sørlege vasslangenKrigFacesH.C. AndersenVegard UlvangNoregFlåklypa Grand PrixSionismeUsbekistanImperialismeReligiøse nasjonalsymbolDet nederlandske koloniriketTrymskvidaSkypeHenry LawsonChristiania🡆 More