Skopje: Hovudstaden i Nord-Makedonia

Skopje (makedonsk Скопје, tyrkisk Üsküb) er hovudstaden og den største byen i Nord-Makedonia med meir enn ein fjerdedel av innbyggjarane i landet.

Byen er det politiske, kulturelle, økonomiske og akademiske senteret i landet. I romartida vart staden kalla Scupi. Byen utvikla seg raskt etter den andre verdskrigen, men utviklinga vart brått stogga i 1963 då byen vart råka av eit særs kraftig jordskjelv. I dag er Skopje ein moderne storby med fleire interessante historiske monument.

Skopje
Скопје
Makedonia-plassen i Skopje.
Makedonia-plassen i Skopje.
Makedonia-plassen i Skopje.
Flagget til Skopje Byvåpenet til Skopje
Flagget til Skopje
Styresmakter
Land
Statistisk region
Nord-Makedonia
Skopje
Borgarmeister Trifun Kostovski
Geografi
Flatevidd 571,46 km²
Flatevidd
 - By

571,46 km²
Innbyggjarar
 - By (2021)
   - folketettleik

526 502
  887/km²
Koordinatar 42°0′N 21°26′E / 42.000°N 21.433°E / 42.000; 21.433
Høgd over havet 240 m
Tidssone CET (UTC+2)
Diverse anna
Postnummer 1000
Telefon-retningsnummer 02
Bilnummer SK
Heimeside: skopje.gov.mk
Plassering
Plasseringa til Skopje i Nord-Makedonia
Plasseringa til Skopje i Nord-Makedonia
Plasseringa til Skopje i Nord-Makedonia

Byen ligg på breidda av elva Vardar og mellom fjella Vodno og Skopska Crna Gora. Ein av dei viktige hovudfartsårene mellom Sentral-Europa og Aten går gjennom byen. Byen er 8 km brei og 32 km lang og har 506 926 innbyggjarar (2002, forstader medrekna).

Han er eit stort industrisenter for produksjon av metall, kjemiske stoff, tømmer, tekstilar, lêr og trykking, men har hatt mange nedleggingar etter 1991. Den industrielle utviklinga i byen har òg ført med seg utvikling av handels- og banksektoren, i tillegg til at ein har lagt vekt på kultur og sport.

Historie

Antikken

Staden rundt Skopje har vore busett sidan minst 3500 fvt. og det er funne restar etter steinalderbusetnader i den gamle Kale-festninga oppfor det moderne sentrumet. Det ser ut til at det var paionianarar som var busett i regionen. På 200-talet fvt. vart området invadert av dardanarar. Området kom under romersk styre etter at general Quintus Caecilius Metellus slo Andriskos av Makedonia i 148 fvt., og han vart først ein del av den romerske provinsen Makedonia som vart oppretta i 146 fvt. Etter kvart som riket ekspanderte nordover vart Scupi, som romarane kalla staden, ein del av provinsen Moesia under keisar Augustus si tid. I år 86 evt. vart han ein romersk koloni. Frå 395 vart området ein del av Austromarriket.

Den første kjende biskopen i byen var Perigorius, som deltok på Rådet i Sardica (343).

Mellomalderen

Skopje: Historie, Administrativ inndeling, Kjelder 
Illustrasjon av Skopje, 1594

Den austromerske keisaren Justinian I vart fødd nær Skupi, ved Tauresium, i 483. I 518 vart Skupi nesten heilt øydelagd av eit jordskjelv. Justinian hjelpte innbyggjarane ved å grunnleggje ein ny busetnad kalla Justiniana Prima nord for Skupi. Justiniana og restane av Skupi vart øydelagd av slavarar på slutten av 600-talet. Slavarane kalla staden Skopje, men vart etter kvart drive bort av austromarane.

Under mykje av den tidlegare mellomalderen vart byen stadig kjempa om mellom austromarane og Det første bulgarske riket. Frå 972 til 992 var han hovudstaden i Det bulgarske riket. Etter dette vart han hovudstad i den austromerske regionen (katepanatet) Bulgaria etter at det Det første bulgarske riket i 1018. Skopje var eit blømande handelssenter, men det gjekk nedover etter at han vart råka av nok eit kraftig jordskjelv på slutten av 1000-talet. Han vart hovudstad for bulgarske herrar, seinare keisar Konstantin Asen på midten av 1200-talet. Byen vart erobra av serbarar i 1282. I 1346 vart han hovudstad i Det serbiske riket under Stefan Dušan.

Den osmanske byen

I 1392, tre år etter serbarane taktep slaget om Kosovo i 1389, vart Skopje erobra av Det osmanske riket. Dei neste fem hundre åra vart byen kjend under det tyrkiske namnet Üsküb eller Üsküp. Den osmanske Üsküb var hovudstad i Kosovo vilayet, ein provins i Det osmanske riket som dekte eit mykje større område enn dagens Kosovo.

Karakteren til byen endra seg stort i denne perioden. Osmanarane innførte islam og bygde mange moskéar og andre typiske osmanske bygg, som hamman (offentlege bad) og gjestgjeveri, som framleis finst i dag. Mange sefardiske jødar som vart kasta ut frå Spania slo seg ned her. Byen vart igjen øydelagd av jordskjelv i 1555, men kom seg raskt att og blømde. På 1600-talet var innbyggjartalet mellom 30 og 60 000.

I 1689 vart Skopje sett i brann av den austerrikske generalen Engelberto d'Ugo Piccolomini – tilsynelatande for å utrydde eit utbrot av kolera, men òg truleg for å hemne osmanarane sitt åtak på Wien.

Byen var i forfall dei neste to hundre åra og innbyggjartalet fall til berre om lag 10 000 på midten av 1800-talet. Dette kom seg att etter 1873 då jernbanelinja mellom Beograd og Thessaloníki vart lagt innom Skopje.

1900-talet

I 1905 hadde Skopje om lag 32 000 innbyggjarar, som var ei blanding av forskjellige etniske og religiøse grupper. I 1910 vart romersk-katolske nonna Agnes Gonxha Bojaxhiu, seinare kjend som Mor Teresa, fødd i Skopje.

Byen vart eit stort senter for opprør mot det svekka Osmanske riket og i 1903 hadde han ei nøkkelrolle i det mislukka Ilinden-Preobrazjenije-opprøret mot det osmanske styret. Osmanarane vart drive ut frå byen 2. august 1912 av den lokale slaviske folkesetnaden. Fleire månader seinare vart byen erobra av serbarar i byrjinga av den første balkankrigen.

I 1913 gjekk dei allierte i den første balkankrigen imot kvarandre og den andre balkankrigen braut ut. Serbia tok tilbake kontrollen over Skopja og Vardardalen vart ein del av Serbia. Dette varte til oktober 1915, då Bulgaria vart ein del av Sentralmaktene og tok store delar av det serbiskstyrte Makedonia.

Byen vart okkupert Serbia mot slutten av den første verdskrigen i 1918 då han vart ein del av Kongedømet av serbarar, kroatar og slovenarar (kjend som Kongedømet Jugoslavia frå 1929). Mellom 1941 og 1944 var byen under bulgarsk kontroll. Ein månad etter kommunistane tok makta i Sofia og den bulgarske hæren vart send for å kjempe mot tyskarane på vestfronten vart Skopje tatt av jugoslaviske troppar og vart ein del av Jugoslavia i 1944. Der vart han hovudstad i den nyoppretta Folkerepublikken Makedonia. I løpet av krigen vart resten av det jugoslaviske Makedonia innlemma i Tito sitt Jugoslavia.

Jordskjelvet i 1963

26. juli 1963 vart Skopje råka av eit kraftig jordskjelv som målte 6,1 på Richterskalaen. Meir enn tusen menneske mista livet og 120 000 vart heimlause. 80 % av byen vart øydelagd og mange viktige kulturmonument gjekk med. Tapet utgjorde heile 150 % av Makedonia sitt bruttonasjonalprodukt på denne tida og 15 % av Jugoslavia sitt. Med internasjonal hjelp vart byen raskt bygd opp att, men mykje av det gamle osmanske aspektet forsvann. Ruinane av den gamle togstasjonen i Skopje ligg der framleis i dag til minne om offera.

Skopje voks raskt under Jugoslavia og vart eit stort industrisenter i den sørlege, sentrale Balkanregionen. I 1991 braut Jugoslavia saman og Skopje vart hovudstaden i det sjølvstendige Makedonia. Hellas la inn protest på at namnet Makedonia skulle nyttast på det nye landet og påla ein økonomisk blokade av landet. Blokaden vart oppheva i 1995 etter ein avtale mellom dei to landa. I 2019 endra landet namn til Nord-Makedonia etter ein avtale med Hellas.

Administrativ inndeling

Skopje: Historie, Administrativ inndeling, Kjelder 
Kommunane i storkommunen Skopje

Skopje er styrt som ein storkommune og er sett saman av dei ti kommunane:

Kommune Folketal 2021
1 Tsentar 43 893
2 Tsjair 62 586
3 Butel 37 968
4 Gazi Baba 69 626
5 Aerodrom 77 735
6 Kisela Voda 61 965
7 Sjuto Orizari 25 726
8 Karposj 63 760
9 Gjortsje Petrov 44 844
10 Saraj 38 399
Skopje 526 502

Kjelder

    Fotnotar

Bakgrunnsstoff

Tags:

Skopje HistorieSkopje Administrativ inndelingSkopje KjelderSkopje BakgrunnsstoffSkopjeDen andre verdskrigenJordskjelvet i Skopje i 1963MakedonskNord-MakedoniaRomarriketTyrkisk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Krag-Jørgensen-rifleOlivettiJonas LieArabiskKoparSigmund FreudBuPindéosListe over primtalMengdKirunaVM i friidrett 1983Central Intelligence AgencyNord-AmerikaSaltBrasilRaudstrupeTeltBloggBizkaiaTønsberg kommuneLagerthaAndre verdskrigenAdolf HitlerJehovas vitneStore norske leksikonPungrevCelina MidelfartBokmål27-årsklubbenSigmaRotteØRudolf BlodstrupmoenMalariaIsPOSIXPave Johannes Paul ISør-PílioBoge i arkitekturenArtemisHundGjegnabuAureAftonbladetNederlandNorske kommuneblomarHarald EiaBrusselNaturMidsommarStomiØrsta kommuneBuskerud fylkeDet britiske riksvåpenetInsulinPorsgrunnssangenBiologisk familieOdd NordstogaJantelovenKari BakkeJamstellingsvedtaketTelemark fylkeMSjølvstendePierre-Simon LaplaceHistorisk oversyn over kommunar i HordalandMoldedialektVM i fotball 2022AlmyrósSnow White and the Seven DwarfsRusslandFossekallMP3🡆 More