Den Fyrste Verdskrigen

Den fyrste verdskrigen var ein global konflikt med sentrum i Europa, utløyst av skota i Sarajevo, som varte frå 1914 til 1918.

Over 70 millionar soldatar vart mobiliserte og over 9 millionar stridande og over 7 millionar sivile vart drepne i løpet av krigen. Krigen omfatta stormaktene på denne tida: Ententemaktene (opphavleg Frankrike, Russland og Storbritannia, USA frå 1917) og sentralmaktene (Tyskland, Austerrike-Ungarn, kort etter krigsutbrotet det osmanske rike). Begge alliansegrupper freista å mobilisere heile økonomien i ein total krig; særleg bidrog kvinner til mye av arbeidet. Sentrale årsaker til krigen var dei europeiske stormaktene sin imperialisme og militarisme, drivne fram av rasisme og nasjonalisme, i land prega av klassemotsetningar og diskriminerande kjønnsroller.

Den fyrste verdskrigen
Den Fyrste Verdskrigen
Dato 28. juli 191411. november 1918
Stad Verdskrig
Resultat Siger for ententen, oppløysing av Det tyske riket, Det russiske keisardømet, Det osmanske riket og Austerrike-Ungarn.
Partar
Ententemaktene:
Den Fyrste Verdskrigen Russland
Flagget til Frankrike Frankrike
Det britiske flagget Det britiske imperietDet amerikanske flagget USA m.fl.
Sentralmaktene:
Den Fyrste Verdskrigen Tyskland Tyskland
Den Fyrste Verdskrigen Austerrike-Ungarn
Den Fyrste Verdskrigen Det osmanske riket
Den Fyrste Verdskrigen Bulgaria (frå 1915)
Kommandantar
Flagget til Russland Nikolaj II
Flagget til Frankrike Clemenceau
Det britiske flagget D. Lloyd George
Det amerikanske flaggetWoodrow Wilson
Flagget til Austerrike-Ungarn Frans Josef I
Flagget til Tyskland Wilhelm II
Styrkar
Flagget til Russland 12 000 000
Det britiske flagget 8 841 541
Flagget til Frankrike 8 660 000
Det amerikanske flagget 4 743 826
Totalt: 42 959 850
Flagget til Tyskland 13 250 000
Flagget til Austerrike-Ungarn 7 800 000
Flagget til Det osmanske riket 2 998 321
Flagget til Bulgaria 1 200 000
Totalt: 25 248 321
Tap
Militære, døde:
5 421 000
Militære, såra:
12 800 000
Sivile døde:
Anslag 4-6 millionar
Militære, døde:
4 029 000
Militære, såra:
8 400 000
Sivile døde:
Anslag 3-5 millionar

Den 28. juli 1914 erklærte Austerrike-Ungarn krig mot Serbia. Tyskland angreip Belgia og Frankrike i vest, og Russland angrep Tyskland i aust. Etter nokre månader låste kampane på vestfronten seg, og fram til våren 1918 vart frontlinjene ubetydeleg endra. På austfronten var frontlinjene meir dynamiske, og krigen enda med at sentralmaktene sigra etter dei russiske revolusjonane i 1917. Kampane i Afrika braut ut i august 1914, då konflikten vart spreidd frå dei imperialistiske statane i Europa til koloniane. Frå 1915 sette Det osmanske riket i verk folkemordet på armenarane. Etter at Russland kapitulerte i 1918 konsentrerte Tyskland styrkane sine på vestfronten, men den tyske våroffensiven stoppa etterkvart opp. Hundredagarsoffensiven til Ententemaktene pressa den tyske hæren tilbake, og landet måtte underteikne våpenkvile den 11. november 1918.

Ved avslutninga av krigen vart grensene til mange land teikna om, og fleire nasjonar fekk tilbake sjølvstende eller vart oppretta. Det osmanske riket vart oppløyst. Austerrike-Ungarn vart erstatta av ei mengde mindre sentraleuropeiske statar. Tyskland vart omforma frå keisardøme til republikk. Under fredskonferansen i Paris i 1919 vart dei fire stormaktene (Storbritannia, Frankrike, Italia og USA) samde om vilkår for dei tapande nasjonane i ei rekke avtalar (mellom anna Versaillestraktaten), og Folkeforbundet vart oppretta. Byrjinga til avkolonisering vert kopla av historikarar til fyrste verdskrigen og etterverknadane av han. Første verdskrigen avslutta det hundreårlange hegemoniet til Europa over resten av verda. Ei rekke faktorar knytte til følgjene av fyrste verdskrigen, som revolusjonar, store økonomiske svingingar (den store depresjonen), og ei tysk kjensle av å ha vorte audmjuka (egga av nasjonalistisk propaganda, som i dolkestøytsoga), bidrog til utbrotet av den andre verdskrigen.

Alliansar

Den Fyrste Verdskrigen 
Dei europeiske landa i 1914. Land i trippelententen er markert med grønt, dei i trippelalliansen med raudt. Nøytrale land er markert med gult.
Ententemaktene Slutta seg til ententemaktene Sentralmaktene Slutta seg til sentralmaktene

Bakgrunn

Wienkongressen i 1815, etter Napoleonskrigane, teikna kraftig om på kartet over Europa. Målet var å skapa ein ny situasjon utan større konfliktar. Situasjonen endra seg etter kvart, i og med at nasjonalismen som tanke voks fram. Mindre statar med sams kultur byrja arbeid for å slå seg saman, og større rike risikerte å bryta saman etter som ulike folkegrupper ynskte sjølvstende. Samlinga av Italia og Tyskland er døme på den fyrste tendensen. I løpet av Otto von Bismarck si karriere oppstod eit system av alliansar mellom ulike land, for å skapa ei maktbalanse. I byrjinga av 1900-talet kom det fram ei rad spenningar mellom to store blokker av allierte som dreiv med militær opprusting. Frankrike ynskte oppreising etter nederlaget i den fransk-tyske krigen 1870-71, Storbritannia og Tyskland konkurrerte i kolonispørsmål og om marinestyrke, medan Russland og Austerrike-Ungarn hadde ulike meiningar om korleis Balkan og Austeuropa skulle delast opp mellom dei.

Namn

Sjølv om krigen 1914–1918 blir omtalt som «den fyrste verdskrigen», var det fleire verdsomspennande krigar mellom europeiske makter før den tida; den fyrste var sjuårskrigen (1756–1763). Fram til andre verdskrigen braut ut, vart fyrste verdskrigen vanlegvis berre omtalt som «verdskrigen» eller 'den store krigen' (engelsk the Great War, fransk la Grande Guerre, tysk der große Krieg).

Stormakter i verda 1871-1914

Den Fyrste Verdskrigen 
Måleriet «Den svarte flekken» (fransk La Tache Noire). Kongeriket Preussen hadde vunne den fransk-tyske krigen, og Alsace-Lorraine vart annektert, men skulebarn i Frankrike skulle ikkje gløyma tapet.
Måla av: Albert Bettannier (1851–1932) i 1887

Etter Napoleonskrigane (1803–1815) var Tyskland delt opp i mange statar; dei fleste var små, laust sammenknytte i det tyske forbundet. I 1860-åra var Preussen, under leiing av rikskanslaren Otto von Bismarck, den drivande krafta i arbeidet for ei tysk samling, mot rivalen Keisarriket Austerrike. Preussen overvann Danmark i den andre slesvigske krigen i 1864 og Austerrike i den austerriksk-prøyssiske krigen i 1866–1867 i konfliktar om landområde. Eit tilnærma samla Tyskland overvann Frankrike i den fransk-tyske krigen i 1870. Alsace-Lorraine vart etablert som ein prøyssisk provins (Reichsland Elsaß-Lothringen). Samlinga av Tyskland vart proklamert den 18. januar 1871 i Spegelsalen i Versailles. Dette skapte bitterheit og revansjisme – hemnlyst og krav om å få tilbake dei avståtte områda – i Frankrike. Med sigeren vart òg Tyskland den kontinentale stormakta i Europa. Tyskland vart både frykta og ein del av stormaktsspelet.

Dei neste 19 åra, til 1890, vart dominerte av det diplomatiske systemet til Bismarck, der han fokuserte på å halde fred i Europa ved å halde Frankrike isolert politisk, og at Tyskland var på parti med minst to av dei andre europeiske stormaktene. Eitt av trekka var å opprette trekeisarforbundet med Austerrike-Ungarn og Russland i 1873. I 1890 avsette keisar Vilhelm II av Tyskland Bismarck. Under Wilhelm II nedprioriterte rikskanslarane diplomatiske avtalar med Russland, som då gjekk inn i forhandlingar med Frankrike og i 1894 inngjekk ein allianse. Dette var eit problem både for Tyskland, som vart inneklemt, og Storbritannia, som var imperialistisk rival til Frankrike i Afrika og til Russland i Asia, i åra 1895–1905 var særleg Storbritannia isolert i Europa. Ein allianse mellom to av Storbritannia sine rivalar ville tidlegare ført til ein britisk-tysk allianse. At så ikkje skjedde var dels grunna britisk tilbakehald, dels amatørmessig tysk diplomati, men særleg den tyske flåteopprustinga.

« Historia om tilbakeliggjande land i det nittande og tjuande hundreåret er historia om freistnaden på å nå att den meir utvikla delen av verda ved å etterlikna han. »

—Historikaren Eric Hobsbawm i boka On History

Ved hundreårsskiftet hadde Tyskland hjelpt Frankrike og Russland i Kina, medan britane hadde hindra dei. Forsøk på allianse, eller i det minste ein avtale, mellom Storbritannia og Tyskland mislykkast. Først i 1904 kom ei avgjerd, då Storbritannia og Frankrike signerte Entente cordiale (ein avtale, opphavleg berre knytt til grenser for koloniane deira). Tyskland tvilte på styrken til denne avtalen, og året etter reiste keisar Wilhelm II til Marokko for å støtte landet sitt sjølvstende. Marokko var kontrollert av Frankrike, og Vilhelm si vitjing vart oppfatta av Frankrike som ein provokasjon. Dette vart kjent som den fyrste Marokkokrisa, og enda i diplomatisk nederlag for Tyskland, medan ententen kom styrka ut. Også andre tyske framstøyt enda med å styrke ententen. I 1911 blussa det opp ein konfrontasjon i Marokko, Agadirkrisen, og igjen kom Tyskland tapande ut.

Gjennom store delar av 1800-talet hadde Russland og Storbritannia vore rivalar i det store spelet (rivaliseringa mellom Russland og Storbritannia over Afghanistan og tilstøytande område). Rivaliseringa vart avslutta ved at Russland vart ein del av ententen, no kjend som trippelententen. Av dei fem stormaktene var tre på same side, og Tyskland og Austerrike-Ungarn var i mindretal. Både før og etter Balkankrigane (1912–1913) var det osmanske riket ute etter ein sterk alliert. Tyskland hadde investert i jernbanen Berlin-Bagdad, og bistod med militær opplæring og rådgiving. Det osmanske riket hadde hatt ei rekke krigar mot Russland, og sidan Russland var alliert med Frankrike og Storbritannia, var det antirussiske alternativet gunstigast. Det var likevel ingen formell allianse med Tyskland – både Storbritannia og Frankrike hadde òg militære rådgivarar i landet.

Rasisme, imperialisme og rustningskappløpet

Bakgrunnen for fyrste verdskrigen var ein i hovudsak europeisk nasjonalisme, fundert på rasisme, som for dei større nasjonane (særleg Storbritannia, Frankrike og Tyskland) førte til etablering av koloniar, eller rivalisering om dei. Frå 1880-åra var det ei ny bølgje av kolonisering, kjend som ny-imperialisme eller høgimperialisme. Ifølgje historikaren John Morrow jr. kan fyrste verdskrigen ikkje forståast utan å sjå han i samanheng med den samtidige imperialismen. Offisielt vart ekspansjonen forklart med behov for råmateriale og marknader, geopolitisk vinning ved kontroll av strategiske område, auka nasjonal prestisje og for å sikre busetjing for den overflødige befolkninga i heimlandet. Ny-imperialismen spira frå og forsterka den utbreidde rasistiske nasjonalismen i Europa mot slutten av 1800-talet, basert på sosialdarwinisme. Den rådande forståinga av sosialdarwinisme i samtida - at statane var dømde til å kjempe mot kvarandre - spelte òg ei stor rolle for synet ein hadde på krig.

« Naturligvis må jeg ønske at vi seirer og håper på det ettersom vi er den sunnere, oppadstigende rasen. Dette viser seg ikke bare gjennom den bedre kroppslige kondisjonen, den større disiplinen og unektelig større påliteligheten hos tyskerne jevnført med franskmennene, men også gjennom deres bedre moralske tilstand. »

—Den austerrikske fysikaren Lise Meitner i brev til den svenske fysikaren Eva von Bahr, hausten 1914. Meitner hadde jødisk bakgrunn, og måtte flykte frå Tyskland i 1938.

Imperialisme og demokrati


Den kraftige styrkinga av imperialismen (kjent som nyimperialismen) og militarismen mot slutten av 1800-talet var ifølgje professor Rolf Hobson nært knytt til utstrekt demokratisering i europeiske land. Ved at større grupper av befolkninga fekk stemmerett, vart det òg auka folkeleg deltaking i utanrikspolitikken i landa. Kontrollen til dei tidlegare elitane over dei mest sentrale sakene til staten vart utfordra av ein nasjonalisme som omfatta stadig aukande delar av innbyggarane. Krimkrigen, dei tyske og italienske samlingskrigane oppstod dels og vart intensivert av nasjonale fiendebilde. Perioden er ifølgje Hobson eit døme på at demokratisering ikkje nødvendigvis fører til ei fredelegare verd.


Kulturen i perioden med ny-imperialisme var gjennomsyra av tanken på krig, den europeiske over- og mennene til middelklassen bokstaveleg talt lengta etter å utmerke seg i kamp. Ulike organisasjonar, frå speidarrørsla i Storbritannia, til wandervogel i Tyskland, skulle førebu ungdommen på krig. Imperialistisk tankegang preget europearane sitt syn på seg sjølv, og på andre europearar, til den grad at ulike nasjonalitetar vart oppfatta som forskjellige rasar.

« Imperialismen var til en stor del statlig organisert plyndring, muliggjort av overlegen militærmakt. »

—Professor Rolf Hobson, s. 314 i boka Europeisk politisk historie: 1750–1950

Under utanriksminister Bernhard von Bülow lanserte Tyskland mot slutten av 1890-åra ein strategi kalla Weltpolitik (global politikk). Bakgrunnen var innanrikspolitisk, men resultatet var eit ønske om koloniar, og med det òg ein vesentleg større marine. Som følgje av den tyske flåteutvidinga vedtok Storbritannia å bygge opp, og konsentrere ein stor flåte i Nordsjøen, med base i Skottland. Denne strategien vart støtta ved britiske avtaler med Frankrike, Japan og USA, der dei tre sjømaktene påtok seg å dekke andre område enn Nordsjøen. Erfaringane frå den russisk-japanske krigen (1904–1905) vart studert av dei europeiske stormaktene, den tyske generalstaben innsåg fordelen med skyttargraver og mobilt tungt artilleri.

I årene rett før 1914 meinte nokre europeiske leiarar, særleg i Tyskland og Frankrike, at ein storkrig i Europa nærast var uunngåeleg. Dette var eit resultat av endringane i maktbalansen, og dei store militære opprustingane som starta med flåtekappløpet, maktbalansen vart militarisert. Tyskland var den største landmilitære makten, og om den store krigen var uunngåeleg, var det mange tyske offiserar som hevda at han burde kome raskt. De hadde ikke råd til å vente på resultata av dei store militære opprustingane i Frankrike og Russland. Andre leiarar, spesielt i Storbritannia, meinte at Europa var så sammenknytt økonomisk at ein storkrig i praksis var umogleg. Den internasjonale finansmarknaden viste heller inga særleg bekymring for krig før dei siste dagane i juli 1914, først då byrja frykta for konflikt å visast i lågare prisar på statsobligasjonar.

« Det generaloppgjøret som brøt ut i 1914, var en nesten uunngåelig følge av nasjonalisme, imperialisme og rustningskappløp. »

—Professor Rolf Hobson, s. 306 i boka Europeisk politisk historie: 1750–1950

I åra frå 1908 til 1913 auka dei europeiske dei militære utgiftene av maktene med 50 %. Rustingskappløpet, særleg det på land, var ei hovudårsak til krigsutbrotet. Frå 1911 var det ei kraftig auka av talet på soldatar i armeane til dei kontinentale stormaktene, i juli 1914 var 3,6 millionar menn i aktiv teneste, før sjølve mobiliseringa byrja. Austerrike-Ungarn var unntaket, det hadde ein mobiliserbar styrke på rundt halvparten av kva Tyskland eller Frankrike hadde.

Krigsplanar og tofrontskrig

Den Fyrste Verdskrigen 
Kartskisse over Belgia og den nordlege delen av Frankrike, med tysk framrykking etter Schlieffen-Moltkeplanen og ein planlagd fransk motoffensiv

Alle dei europeiske maktene hadde utarbeidd krigsplanar før krigsutbrotet. Medan planar for éin konkret krig er kjent allereie frå Aleksander den store (356–323 f. Kr), var generelle krigsplanar eit produkt av 1800-talet. Utbygging av jernbaner og etablering av militære stabsskular la grunnlaget for detaljerte planverk for korleis krigar kunne utkjempast. Medan krigsplanane til stormakten var både offensive (angrep) og defensive (forsvar), var krigsplanane til dei mindre maktene stort sett berre defensive, dei var avhengige av kva stormaktene gjorde. Hær- og marinestyrkane til dei ulike landa la kvar sine planar, og dei vart sjeldan samordna. Den øvste leiinga i statane var ofte ukjent med krigsplanane. Den tyske statsministeren Theobald von Bethmann Hollweg vart såleis ikkje fortald om krigsplanen i landet før i desember 1912, sjølv om planen hadde vore førebudd sidan 1905. Tilsvarande vart øvstkommanderande for den italienske marinen ikkje på førehand underretta om hæren si avgjerd om å gå til krig mot Austerrike-Ungarn. Underretninga kom fram til admiralitetet same dag som krigserklæringa vart gjeven. Overordna dei detaljerte krigsplanane låg hos begge alliansane ei tru på ein kort krig, avgjort ved offensivar rett etter krigsutbrotet, då ein lengre krig av ulike grunnar vart sett på som umogleg.

Krigsplanen til Det tyske keisarriket (ofte omtalt som Schlieffenplanen, meir korrekt Schlieffen-Moltkeplanen) førebudde ein tofrontskrig, mot Russland i aust og Frankrike i vest. Ved mobilisering skulle fronten mot russarane forsvarast med ein mindre styrke, medan hovudstyrken angreip franskmennene. Sidan festningane langs den tysk-franske grensa vart rekna som for sterke til å trenge igjennom, skulle det tyske angrepet gå gjennom det svakare Belgia, og deretter inn i Frankrike frå nord. Etter at Paris var inntatt og Frankrike var slått, skulle store delar av dei tyske styrkane transporterast austover med jernbane for å avgjere krigen mot russarane. Analyser etter krigen har vist at Schlieffen-Moltkeplanen var logistisk umogleg.

Den franske krigsplanen vart endra frå hundreårsskiftet, og fram mot 1914. Frå eit defensivt forsvar ved grensa, vart planen endra til angrep på Tyskland, og gjenerobring av Alsace-Lorraine. Medan ein mindre styrke skulle verne grensa mot Belgia overfor eit mogleg angrep frå Tyskland, skulle den franske hovudstyrken angripe Tyskland i aust, og trenge fram mot Rhinen. Bakgrunnen for endringa frå defensiv til offensiv strid, var dels ei utviding av den franske hæren, dels eit ønske om å bidra så sterkt som mogleg til å nedkjempe Tyskland, saman med Frankrike sin viktigaste allierte, Russland. Dei fransk-russiske krigsplanane var baserte på at krigen ville verta avgjort i løpet av dei fyrste seks vekene, derfor var rask innsats av store styrkar fra begge land avgjerande.

Den russiske krigsplanen var prega av dei store avstandane i landet og at styrkeoppbygging derfor ville ta tid. Ein mogleg tofrontskrig mot Tyskland i vest og Austerrike-Ungarn i sørvest, var òg ei utfordring. Den russiske hæren vart stadig sterkare fram mot 1914, og i 1910 vart krigsplanen endra frå defensivt forsvar til å skulle angripe Tyskland. Den russiske overkommandoen såg på eit angrep på Tyskland som nødvendig for å hindre fransk isolasjon ved utbrot av ein krig.

Austerrike-Ungarn var den svakaste av dei europeiske stormaktene. Det rekna seg som truga av Serbia, som igjen var støtta av Russland. Ein konflikt ville derfor òg for dei bli ein tofrontskrig. Hæren skulle derfor delast i tre, den sterkaste gruppa skulle gå mot Russland i nordaust, ein mindre del mot Serbia, medan ei tredje gruppe skulle vere reserve for begge frontavsnitta.

Britiske krigsplanar skilde seg ut som følgje av at Storbritannia var eit øyrike, og i motsetning til andre europeiske land var marinen den primære forsvarsgreina. Landet hadde små ståande styrkar, og i motsetning til alle andre europeiske land, hadde dei ikkje verneplikt. Utan å ha avgitt noka formell forplikting var landet ope for å delta med ein styrke (British Expeditionary Force, BEF) på fransk side. Planen til den britiske marinen var fjernblokade (blokade der skip vart stoppa langt frå kysten) av Tyskland, defensive operasjonar og avskrekking.

Belgia sine krigsplaner hadde Londontraktaten av 1839 som grunnlag. Dei belgiske styresmaktene var fast bestemt på å ikkje binde seg til noko land, slik at deira eigen nøytralitet ikkje kunne nektast for av nokon av landa som hadde signert traktaten. Dei belgiske styrkane skulle konsentrerast sentralt i landet, med den befesta hamnebyen Antwerpen i ryggen. I denne posisjonen kunne styrkane forsvare seg mot eit angrep, anten det kom frå Tyskland, Frankrike eller Storbritannia.

Skota i Sarajevo og julikrisa

Den Fyrste Verdskrigen 
Kartskisse som viser kva tid ulike land kom med i fyrste verdskrigen, sentralmaktene i gult, ententemaktene i grønt.

Striden mellom Serbia og Austerrike-Ungarn tilspissa seg då Austerrike-Ungarn formelt annekterte Bosnia-Hercegovina i 1908. Dette var eit område Austerrike-Ungarn hadde okkupert sidan 1878, då dei erobra det frå Det osmanske riket. Mange av innbyggarane var serbarar, men samla var bosnjaker (stort sett bosniere med muslimsk bakgrunn) og kroatar i fleirtal. Serbia ønskte å innlemme Bosnia-Hercegovina i ein større sør-slavisk stat.

Den Fyrste Verdskrigen 
Gavrilo Princip gripen straks etter at han har skote Franz Ferdinand og kona hans.

Konfliktnivået var dermed allereie høgt då den austerrikske tronfølgjaren Franz Ferdinand og kona hans Sophie besøkte Sarajevo, hovudstaden i Bosnia, den 28. juni 1914. Der vart begge myrda i eit politisk attentat av den unge bosniske serbaren Gavrilo Princip. Attentatet gjekk over i historia under namnet «Skota i Sarajevo».

Då kronprinsen og kona skulle besøke ein offiser som var vorten skadd under eit tidlegare åtak, hoppa den 18 år gamle Princip opp på bilen og skaut fleire skot. Kronprinsparet døydde momentant. Guten var medlem av ein organisasjon som kalte seg Den svarte handa.

« Vi var dømt til å dø. Vi kunne selv velge hvordan vi skulle dø, og vi valgte den verste måten. »

—Utanriksminister Ottokar Czernin om undergangen til Austerrike-Ungarn

«Den blanke sjekken»

Tyskland si uavgrensa støtte til Austerrike-Ungarn i byrjinga av juli 1914 (omtalt som ein blank sjekk, altså eit verdipapir der verdien ikkje er angitt) bidrog til at krisa enda med krig, og er sidan sterkt debattert blant historikere. Nokon meiner at det var eit forsøk på å utvide ein lokal konflikt til ein europeisk storkrig, medan andre meiner at det var eit forsøk på å avgrense konflikten. Dei fleste historikarar ser på at «den blanke sjekken» var ein siger for dei kreftene i Wien som ønskte krig mot Serbia.


Mordet på kronprins Franz Ferdinand og kona hans vart det utløysande momentet. Hendingane som følgde er kjende som «julikrisa». Etter ei tid med diplomatiske utspel mellom Serbia og Austerrike vart den svarte veka innleia med mobilisering mellom stormaktene. I Tyskland erklærte kanslar Theobald von Bethmann Hollweg at landet ville støtte Austerrike-Ungarn militært viss Russland blanda seg inn (i ettertid kjent som «den blanke sjekken»). Austerrike-Ungarn trudde derfor at Russland ville forhalde seg nøytralt, og Bethmann Hollweg såg innleiingsvis på at krisa kunne avgrensast til Balkan. Den 23. juli 1914 stilte Austerrike-Ungarn eit ultimatum på ti punkt til Serbia med frist på 48 timar. Viss ikkje Serbia sørgde for å slå ned på anti-austerrikske og nasjonalistiske straumdrag, ville austerrikarane gå inn militært i Serbia. Serbia sende 24. juli ein appell til tsar Nikolaj II, og bad om hjelp då dei såg på krava som nedverdigande og tidsfristen for kort. Tsaren svarte at ultimatumet var audmjukande for Serbia, og at Austerrike-Ungarn framprovoserte ein krig. Den 26. juli starta Russland mobiliseringa, sjølv om den offisielle mobiliseringsordren ikkje vart gitt før 30. juli.

Storbritannia ønskte i det lengste å løyse krisa diplomatisk, og inviterte 26. juli Tyskland og Frankrike til å diskutere situasjonen. Tyskland avslo, og pressa Austerrike-Ungarn med at invasjonen måtte kome raskt. Samtidig kom dei fyrste svake teikna frå Storbritannia om at dei ville støtte Frankrike om Tyskland angreip. Den 25. juli braut Austerrike-Ungarn samtalane med Serbia, og 28. juli kom krigsfråsegna i form av eit telegram. Då Tyskland 1. august 1914 kom med krigsfråsegna si mot Russland, betydde dette i praksis òg ei krigsfråsegn mot Frankrike (dei to land var i allianse). Leiarane for dei to alliansane frykta at krig ikkje ville verte akseptert av arbeidarklassen. Delar av sosialistrørsla meinte det samme, men under trusselen av det dei fleste oppfatta som forsvarskrig, vart sosialistane og arbeidarane verande lojale mot sine ulike land, og organisasjonen den andre internasjonalen vart splitta.

Då Storbritannia erklærte krig 4. august, var den direkte årsaka at Tyskland invaderte Belgia som eit ledd i invasjonen av Frankrike. Storbritannia hadde i Londontraktaten av 1839 garantert for Belgia sitt sjølvstende. Ein underliggande viktigare grunn var tysk kontroll over det kontinentale Europa, om Frankrike lei nederlag, det ville leidd til at Storbritannia si rivalisering med Russland og Frankrike om koloniar hadde halde fram, og at landet måtte alliert seg med Tyskland. Av landa i dei to alliansegruppene var det berre Italia som i fyrste omgang heldt seg utanfor krigen. Ved utbrotet av krigen hadde sentralmaktene (Tyskland og Austerrike-Ungarn) 136 divisjonar, mot ententen (Russland, Frankrike og Storbritannia) sine 182 divisjonar.

Krigsutbrotet

Den Fyrste Verdskrigen 
Fransk kavaleri i Paris på veg til fronten i august 1914

Den 28. juli gjekk Austerrike til krig mot Serbia. Russland byrja mobilisering for å koma Serbia til hjelp, og erklærte krig, trass i åtvaring frå Tyskland. Tyskland var alliert med Austerrike og erklærte krig mot Russland den 1. august. To dagar seinare, den 3. august vart krig mot Frankrike erklært. Den 4. august erklærte Storbritannia krig mot Tyskland. Den 6. august erklærte Austerrike krig mot Russland.

Den Fyrste Verdskrigen 
Tysk gassåtak frå Austfronten 1916. Til høgre i biletet ser ein rekkjer av tyske infanteristar klåre til åtak.
Den Fyrste Verdskrigen 
Gravplass i Frankrike etter fyrste verdskrigen

Noreg og den fyrste verdskrigen

Den Fyrste Verdskrigen 
Luftskip av typen Zeppelin etter naudlanding ved Jæren i 1916.

Noreg var, på lik linje med dei andre skandinaviske landa, nøytralt under den fyrste verdskrigen.

Krigen gjekk likevel hardt ut over den norske handelsflåten, som måtte sigla gjennom krigsfarvatn. 915 norske skip vart senka av dei krigande maktene, og 1 892 sjømenn døydde. Desse 915 skipa utgjorde likevel ikkje meir enn om lag 20 prosent av flåten.

Sjå òg

Merknadar

Kjelder

Bibliografi

På norsk

  • Hobson, Rolf, Europeisk politisk historie 1750–1950, Cappelen Damm Akademisk, Oslo 2015, ISBN 978-82-02-24316-6
  • Høiback, Harald (redaktør), (2014), Første verdenskrig: operasjoner, myter og innflytelse, Abstrakt forlag, ISBN 9788279353607
  • Stone, Norman (2007), Første verdenskrig, Gyldendal, ISBN 978-82-05-46723-1

På engelsk

Bakgrunnsstoff

Den Fyrste Verdskrigen  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Den fyrste verdskrigen
Den Fyrste Verdskrigen  Denne historieartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

Den Fyrste Verdskrigen AlliansarDen Fyrste Verdskrigen BakgrunnDen Fyrste Verdskrigen KrigsutbrotetDen Fyrste Verdskrigen Noreg og den fyrste verdskrigenDen Fyrste Verdskrigen Sjå ògDen Fyrste Verdskrigen MerknadarDen Fyrste Verdskrigen KjelderDen Fyrste Verdskrigen BibliografiDen Fyrste Verdskrigen BakgrunnsstoffDen Fyrste Verdskrigen19141918Austerrike-UngarnDet osmanske rikeDet tyske keisarriketEntentemakteneEuropaFrankrikeImperialismeKrigMobiliseringNasjonalismeRasismeRusslandSentralmakteneSkota i SarajevoStorbritanniaStormaktTotal krigUSA

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

VatikanstatenRabagastFreddie MercuryWaitangitraktatenMusculus latissimus dorsiSamvirkelagBrennverdiOksidasjonHovudsideBlåmannPeriferieininga SérresAustraliaVardø kommuneMuttenKvartalSyriaNynorskRaudstrupeGro Harlem BrundtlandLindisfarne klosterIráklia i SérresMolde kommuneNatriumSør-KoreaCaesareaHelena Bonham CarterApeAtombombene over Hiroshima og Nagasaki19. aprilSkognNasjonaldyrTaylor SwiftNorske kommuneslagordFilmmanusWikimediaDen franske revolusjonenFriesland i NederlandSindikíNasjonaldagBergen kommunePiscoHermeneutikkAustvågøyArmeniaSymbol i hinduismenHavørnUSABjørnøyaKunsteventyrStavanger kommuneKommunar i SverigeStord kommuneEtasjeHaakon Magnus av NoregDurraEuropaSilje NordnesNattlysande skyerTrekanthandelInternasjonal telefonkodeWikipediaØresundbruaParlamentarisme i kommunar1989Sang til BergenGoogle MapsStorbritanniaSol InvictusKjerringSaltJesusRanværingØystein SundeLotta i Bråkmakergata🡆 More