P'yŏngyang (Pyeongyang) er hovudstaden og den største byen i Nord-Korea.
Han ligg ved elva Taedong, nordvest i landet. Pyongyang ligg 200 km nordvest for Seoul i Sør-Korea.
평양직할시, 평양시, 平壤直轄市 | ||
---|---|---|
Styresmakter | ||
Land | Nord-Korea | |
Geografi | ||
Flatevidd | 3 194 km² | |
Innbyggjarar | 3,255,388 (2008) | |
Innbyggjarar - By (2008) | 2 863 000 | |
Koordinatar | 39°1′0″N 125°55′0″E / 39.01667°N 125.91667°E | |
Høgd over havet | 38 m | |
Tidssone | UTC+9, UTC+8.5, UTC+9 (UTC) | |
Plassering | ||
Byen hadde 2,7 millionar innbyggjarar i 1993, og 3,3 millionar i 2008.
Skrivemåtar | |
---|---|
McCune-Reischauer | P'yŏngyang Chik'alshi |
Romanisert koreansk | Pyeongyang Jikhalsi |
Hangul | 평양 직할시 |
Hanja | 平壤直轄市 |
Soga fortel at byen blei grunnlagd som Wanggŏmsŏng i 2333 f.Kr og blei ein storby i riket Go-Joseon. I 427 blei hovudstaden i Goguryeo flytta hit. Etter at dette riket fall blei byen vesthovudstad igjen under Goryeo-dynastiet.
Byen var okkupert av japanske styrkar frå 1910 til slutten av den andre verdskrigen og deretter av Sovjetunionen. Han blei mellombels hovudstad i Folkerepublikken Korea i 1948 då denne kjempa for å ta tilbake den offisielle hovudstaden sin Seoul.
Byen blei lagt i ruinar av bombeåtak frå USA under Koreakrigen. Etter krigen blei han raskt bygd opp igjen, delvis støtta av Sovjetunionen. Han er no prega av betongbygg i stalinistisk stil.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Pyongyang, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.