Hangul

Hangul (eller hangeul, 한글) er eit fonetisk koreansk alfabet.

Det blir brukt for å skrive koreansk i både Nord-Korea og Sør-Korea, men i einskilde samanhengar blir det komplettert i Sør-Korea med kinesiske skriftteikn i form av hanja. Det er verdas einaste tilrettelagde og hyppig brukte fonetiske skriftspråk som med vilje er utforma slik at det skal vere enkelt å forstå: Som i indiske skriftspråk, blir konsonantane i hangul klassifisert etter kor i munnen dei skal uttalast, men hangul går eit skritt vidare, ved at teikna òg representerer eit skjematisk oppsett av korleis tunga og munnen skal posisjonerast for å uttale lyden. ㄱ [k] representerer at tunga er pressa opp mot ganen (symbolet viser tunga "sett frå venstre"), medan ㅋ [kʰ] i tillegg har ein strek som viser aspirasjon.

Hangul
Ordet Hangul skrive ved hjelp av det koreanske alfabetet Hangul. Det vert lese frå venstre mot høgre frå toppen og ned.

Sjølv om hangul er kjent for å vere fonetisk korrekt, er det, på grunn av endringar som har skjedd i språket etter at alfabetet vart laga, ikkje lenger heilt slik. Ein person som lærer seg å lese hangul er nøydd til å lære seg ei rekkje assimilasjonsreglar. Einskilde lydar som i litt eldre koreansk var ulike, slik som 애 (ae) og 에 (e), blir uttalt av mange koreanarar i dag (spesielt yngre koreanarar) heilt likt, og dette er ei utfordring for utlendingar som lærer språket, sidan ein kan lese skilnaden, men ikkje høyre skilnad, og difor må ein kunne skilnaden i skrift viss ein skal skrive ned nye ord.

Ved translitterasjon av koreansk nyttar Nord-Korea offisielt McCune-Reischauersystemet. I 2000 gjekk Sør-Korea over til å nytte ei revidert romanisering.

Hanguldagen blir markert den 9. oktober i Sør-Korea og 15. januar i Nord-Korea.

Referansar

Hangul  Denne språkartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.

Tags:

AlfabetFonetisk alfabetHanjaKoreanskNord-KoreaSør-Korea

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HVACMiklagardErik AndersenKina-regionenBlåbærDjurö, Möja och NämdöDanmarkCarles PuigdemontKalifatRomsonden PsycheRalph FiennesHolmenkollenIltalehtiAnaílson Brito NoletoDavid MarksJon FosseHenry FordHealth PointsFylkesveg 71793Sagaen om IsfolketZaniar Matapour1215TutankhamonGoogleBySilvestre y La NaranjaROBEKCarl LarssonMaskorama (sesong 4)SjarlatanSofie MarhaugTønsberg kommuneEspen LindNordlandsbunadRasjonalismeSovjetunionenTua ForsströmRytmeTeknologiTone Damli AabergeFranskGorna MalinaCaroline GlomnesNoregsmeisterskapen i fotball for menn 1974Sandro BotticelliVierslektaDavid BeckhamTyrkiaMåleri av Halsnøy klosterHeisDiezeJølstravatnetAskTrude DrevlandLerkKroatiaKrøllalfaSvenska flaggans dagHjalmar ChristensenBallinciagaRudolf BlodstrupmoenDrøbak-FrognBeltegrader i judoHattJSongen Trans-Europe ExpressCome Fly with MeArfan BhattiPokémon GoGalileo GalileiTidshjuletJean CocteauIngvild BrynAlcohol YouLaura MarlingValthorn🡆 More