Wiki Nynorsk 2022: Spesial:Siste endringar
NNVietnameseEnglish

Arfan Qader Bhatti (fødd 9. august 1977) er ein norsk islamist av pakistansk slekt. Han er kjend mellom anna for å vere dømt for medverknad til skytinga imot synagogen i Oslo,[1] og for å ha vore med i Young Guns.[2]

Arfan Bhatti
Fødd9. august 1977 (45 år)

I januar 2013 vart Bhatti meld sakna av familien medan han var i Pakistan. Det kom seinare same året fram at han var i fengsel i Dei føderalt styrte stammeområda i landet, der han sona ein dom på 6 år.[3] I 2015 kom Arfan Bhatti tilbake frå Pakistan, han vart gripen på Gardermoen flyplass av norsk politi sikta for trugslar og familievald.[4]

Våren 2022 vart Arfan Bhatti saman med seinare terrorsikta Zaniar Matapour stansa i ein bil i forbinding med ein SIAN-demonstrasjon.[5]

Kjelder

  1. Aftenposten.no: Bhatti frifunnet for terror 03.06.2008
  2. Dagbladet.no: - Jeg lever for Islam, og hater norske verdier 26.08.2002
  3. Bhatti til TV 2: Ønsker ikke hjelp av de vantro
  4. [1]
  5. [2]

Bakgrunnsstoff