Hatt: Hovudplagg

Hatt er eit hovudplagg med ein viss stivleik eller eiga form.

Hattar kan lagast av ulike materiale, som tekstil, skinn og strå, og kan ha ulike utformingar, som regel med ein pull som sit på hovudet, gjerne også ein brem som stikk ut frå nedre delen. Dei kan berast av både kvinner og menn, og har hatt ei viktig rolle innan mote- og drakthistoria gjennom tidene. Hattar har vore praktiske plagg til vern mot sol, regn og kulde, men er også blitt brukte som pynt eller for å markera yrkesmessig, sosial, militær eller religiøs posisjon.

Hatt: Ordet hatt, Hattemaking, Sjå òg
Jente med rosa solhatt i Jordan.
Foto: Gopal Venkatesan, 2009
Hatt: Ordet hatt, Hattemaking, Sjå òg
Emma Goldman talar for ei hattekledd folkemengd i New York i 1916. Fram til om lag 1950-talet brukte dei fleste hatt eller hovudplag utandørs i Vesten.
Hatt: Ordet hatt, Hattemaking, Sjå òg
La famille d'artiste (1896) av Auguste Renoir viser ulike typar hattar på dei ulike familiemedlemmene.

Ordet hatt

«Hatt» kjem av norrønt hǫttr, hattr og er i slekt med ordet «hette». Huer skil seg frå hattar ved at dei typisk er mindre, mjukar eller manglar brem. Grensa mellom «hatt» og «lue» er glidande, til dømes kan hovudplagg som beret og sikspens reknast som begge delar. Ordet «hatt» kan også brukast om noko hatteliknande, som «pipehatt», deksel på skorsteinar, eller den øvste, flate delen av fruktlekamen på visse soppar.

Hattemaking

Hattar kan lagast av privatpersonar eller fagfolk, kjende som hattemakarar eller modistar. Ein kan nytta mange slag lette materiale til å laga hattar. Strå er lett tilgjengeleg og lett å forma. Filt er svært vanleg, men lerretsstoff blir også brukt. Finare flosshattar kan lagast av silke som er trekt stramt rundt ein pappkjerne.

Sjå òg

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Tags:

Hatt Ordet hattHatt emakingHatt Sjå ògHatt KjelderHatt BakgrunnsstoffHattHovudplaggKuldeMilitærvesenRegnReligionSkinnSollysStråTekstilYrke

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

PortugalHaakon Magnus av NoregDet finske riksvåpenetKriminalitetSara SkjoldnesNorrøntElon MuskFolkerepublikken KinaAustraliaKaptein SabeltannBrunLofotenMoldedialektBuddhistiske høgtiderDesta Marie BeederTraneHjuldyrAmalie SkramPlaneten SaturnEuropazrbt6Electrolux AssistentHaikuElvis PresleySymbol2020BrasilÅArne SørliThespiésMaud av NoregDag HammarskjöldTettstader i RogalandGeologiSunnmøreKonflikten mellom Wergeland og WelhavenPN-overgangLimequatBlåsjøMarihønePeter BoszHege TunaalIALA maritime bøyesystemAtenGenèveDet norske alfabetetNihilismeAstrid LindgrenHellas29. juniRagnhild BrochmannItaliaI'm Still StandingMorellSilvia av SverigeDiktWiki CommonsSandnessjøenEirik BrandsdalMultiplikasjonMikroDag RiisnæsTanjung MorawaMatriarkMeter per sekundAusterrikeGro DahleFylkesveg 751Jon FosseGnuSamisk språkhistorieTiulenijJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughRingdrottenLeikanger kommuneVassendgutane🡆 More