Polens fyrste deltaking enda med ein andreplass, ein av dei sterkaste debutane i Eurovision Song Contest si historie. Polen har enno ikkje vunne Eurovision Song Contest, og dei siste åra har resultata vore relativt svake. I perioden 2004-2011 kvalifiserte Polen seg til finalen berre éin gong, men frå 2014-2017 var Polen i finalen kvart einaste år. I 2016 kom Polen på tredjeplass i telefonrøystinga og enda på ein åttandeplass totalt. Det er det tredje beste resultatet til Polen, og det beste resultatet til Polen sidan 2003. I 2018 til 2021 vart Polen slått ut i semifinalen.
|
|
Offisielt | Polen |
|
Uttakingar |
Nasjonalt | 12 |
Internt | 12 |
Deltaking |
Debutår | 1994 |
Deltakingar | 24 |
Beste resultat |
Semifinalen | 6 (2016 og 2022) |
Finalen | 2 (1994) |
Verste resultat |
Semifinalen | Sist (2011) |
Finalen | 24 (2008) |
Poeng |
Semifinalane | 1 204 |
Finalane | 960 |
Totalt | 2 164 |
Historikk
Det er den polske allmennkringkastaren TVP som sender Eurovision Song Contest i Polen, og som vel det polske bidraget til Eurovision Song Contest. Som ein del av den såkalla austblokka, kom Polen fyrst inn i tevlinga etter Berlinmurens fall. I 1994 deltok Polen - saman med Russland, Romania og Ungarn - for fyrste gong i Eurovision Song Contest.
Debuten
Det var landets store songstjerne Edyta Górniak som fekk oppgåva med å representere Polen for fyrste gong. Med balladen «To nie ja!» song ho Polen til ein sterk andreplass, noko som framleis er den beste plasseringa til Polen i Eurovision Song Contest. Górniak var imidlertid nær ved å bli diskvalifisert etter at ho song halve songen på engelsk under generalprøva dagen før finalen. Dette var sendinga som juryane bedømde sine poeng frå, og seks av dei andre deltakarlanda la inn protest mot Polen. Reglane for tevlinga kravde imidlertid at minst halvparten av deltakarlanda, i dette tilfellet 13 land, måtte protestere for at EBU skulle behandle saken. Dimed fekk Polen deltake som planlagt, og Górniak enda på andreplass, bak Irland, som vann tevlinga for tredje år på rad.
Den solide vart etterfølgt av ein rekkje svake plasseringar, og i 2000 og 2002 måtte Polen stå over tevlinga på grunn av dårlege plasseringar åra før. I 2003 hamna Polen på ein sjuandeplass, som til nå er den nest beste plasseringa til Polen. Den gode plasseringa sikra også Polen ein direkte plass i finalen i 2004, men i åra 2005-2011 hadde Polen sin svakaste periode til nå. Berre éin av sju gongar klarte Polen å kvalifisere seg til finalen, og i finalen hamna Polen på nest sisteplass.
Fråvær og retur
Mangelen på suksess gjorde at TVP beslutta å trekkje seg frå Eurovision Song Contest i 2012. Ei anna medverkande årsak var at TVP hadde store kostnadar i samband med produksjonen av tv-sendingane frå fotball-EM i Polen og Ukraina i 2012. Også året etter beslutta Polen å stå over Eurovision Song Contest.
I 2014 var Polen tilbake igjen, og duoen Donatan og Cleo tok Polen tilbake til finalen for fyrste gong sidan 2008. Duoen vart nummer fem i telefonavrøystinga, blant anna med 12 poeng frå Noreg, Irland og Storbritannia. Juryane hadde imidlertid det polske bidraget som nummer 23, og Polen enda samla sett på 14. plass av 26. I 2015 valde TVP artisten Monika Kuszyńska til å representere landet. Kuszyńska vart lam i beina etter ei bilulykke i 2006, og ho vart den fyrste deltakaren som satt i rullestol under framsyninga av eit Eurovision-bidrag.
I 2016 vann Michał Szpak den polske finalen med songen «Color of Your Life», og også han kvalifiserte seg til finalen. Medan juryane plasserte Polen nest sist med berre 7 poeng, var tv-sjåarane rundt om i Europa av ei heilt anna oppfatning. I telefonavrøystinga vart Polen nummer tre, slik at Polen til slutt hamna på ein åttandeplass - den beste plasseringa til Polen på 13 år.
Bidraga
År | Artist | Song | Språk | Finalen | Semifinalen |
Poeng | Plass | Poeng | Plass |
1994 | Edyta Górniak | «To nie ja!» | Polsk | 166 | 2 | |
1995 | Justyna Steczkowska | «Sama» | Polsk | 15 | 18 |
1996 | Kasia Kowalska | «Chcę znać swój grzech …» | Polsk | 31 | 15 | 42 | 15 |
1997 | Anna Maria Jopek | «Ale jestem» | Polsk | 54 | 11 | |
1998 | Sixteen | «To takie proste» | Polsk | 19 | 17 |
1999 | Mietek Szcześniak | «Przytul mnie mocno» | Engelsk | 17 | 18 |
2001 | Andrzej Piaseczny | «2 Long» | Engelsk | 11 | 20 |
2003 | Ich Troje | «Keine Grenzen – Żadnych granic» | Tysk, polsk og russisk | 90 | 7 |
2004 | Blue Café | «Love Song» | Engelsk og spansk | 57 | 11 | Topp 11 året før |
2005 | Ivan og Delfin | «Czarna dziewczyna» | Polsk og russisk | Ikkje kvalifisert | 81 | 11 |
2006 | Ich Troje med Real McCoy | «Follow My Heart» | Engelsk, polsk, tysk, russisk og spansk | 70 | 11 |
2007 | The Jet Set | «Time To Party» | Engelsk | 75 | 14 |
2008 | Isis Gee | «For Life» | Engelsk | 14 | 24 | 42 | 10 |
2009 | Lidia Kopania | «I Don't Wanna Leave» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 43 | 12 |
2010 | Marcin Mroziński | «Legenda» | Engelsk og polsk | 44 | 13 |
2011 | Magdalena Tul | «Jestem» | Polsk | 18 | 19 |
2014 | Donatan og Cleo | «My Słowianie – We Are Slavic» | Polsk og engelsk | 62 | 14 | 70 | 8 |
2015 | Monika Kuszyńska | «In the Name of Love» | Engelsk | 10 | 23 | 57 | 8 |
2016 | Michał Szpak | «Color of Your Life» | Engelsk | 229 | 8 | 151 | 6 |
2017 | Kasia Moś | «Flashlight» | Engelsk | 64 | 22 | 119 | 9 |
2018 | Gromee med Lukas Meijer | «Light Me Up» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 81 | 14 |
2019 | Tulia | «Fire of Love (Pali się)» | Polsk og engelsk | 120 | 11 |
2020 | Alicja Szemplińska | «Empires» | Engelsk | Tevling avlyst |
2021 | Rafał Brzozowski | «The Ride» | Engelsk | Ikkje kvalifisert | 35 | 14 |
2022 | Krystian Ochman | «River» | Engelsk | 151 | 12 | 198 | 6 |
Røystehistorikk (1994-2021)
Galleri
Sjå òg
Referansar
Kjelder
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Polen i Eurovision Song Contest, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.