Norsk Raudliste 2006 er eit oversyn over plante- og dyreartar som er vurderte av Artsdatabanken til å stå i fare for å verte utrydda eller utsett for å verte reduserte i stor grad i Noreg over tid, eller er sjeldsynte av naturlege årsaker.
Vurderingane er tufta på Den internasjonale naturvernorganisasjonen (IUCN) sine kriterium, sjå den globale raudlista. Arbeidet med Raudlista er utført av 23 ekspertkomitear som til saman har vurdert tilstanden for rundt 18 500 artar. Dette er nær halvparten av dei om lag 40 000 artane vi veit finst i Noreg.
Totalt for Noreg med havområde og Svalbard er 3886 artar raudlista, og 1988 av desse er vurdert å vere truga artar.
Artsdatabanken har òg sett opp ei svarteliste med framande artar.
Pattedyr | |
---|---|
Grønlandskval | Balaena mysticetus |
Ulv | Canis lupus |
Fjellrev | Alopex lagopus |
Fuglar | |
Dverggås | Anser erythropus |
Åkerrikse | Crex crex |
Hauksongar | Sylvia nisoria |
Lomvi | Uria aalge |
Hortulan | Emberiza hortulana |
Nasjonal Raudliste 1998 kan ikkje utan vidare samanliknast med Norsk Raudliste 2006. For det første er kriteria for klassifisering noko endra. For det andre er fleire artar vurdert denne gongen.
Endringar i arealbruken er den viktigaste grunnen til at arter er truga. Komiteen som har vurdert artane peiker på at artar knytt til gammal skog er trua som følgje av hogst. Vidare meiner dei at gjengroing i kulturlandskapet, og at det vert slutt på gamle driftsformer i jordbruket, gjer at mange artar knytte til kulturlandskapet er trua.
Tolking av raudlista kan vere vanskeleg. Noreg er eit langstrekt land, og mange artar vil ha sin naturlege nord- eller sørgrense ein eller annan stad i Noreg. Det vil vere mange artar som lokalt må vurderast som sårbare eller trua, sjølv om det ikkje er i fare for å bli utrydda globalt.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Norsk Raudliste 2006, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.