Status i verda: LivskraftigStatus i Noreg: Sterkt truga
Myrflangre | |||
Systematikk | |||
Rike: | Planteriket | ||
Klasse: | Einfrøblada | ||
Orden: | Aspargesordenen | ||
Familie: | Orkidéfamilien | ||
Slekt: | Epipactis | ||
Art: | E. palustris | ||
Vitskapleg namn | |||
Epipactis palustris (Linné) Crantz | |||
Økologi | |||
Habitat: | kalkrik myr | ||
Utbreiing: | Europa, nordvest-Afrika, Kaukasus, vest-Sibir |
Myrflangre (Epipactis palustris) er ei plante i flangreslekta Epipactis i orkidéfamilien (marihandfamilien) Orchidaceae.
Denne orkidéen har ein heilt spesiell utsjånad, med store kvite blomstrar og ei grasiøs utforming har blant anna botanikaren Axel Blytt rekna han for å vera den vakraste blomeen i Noreg. Han blir ikkje så høg, rundt 40 centimeter, men han er slank og har lange, smale blad.
Blomstrane til myrflangre er kvite, store og sit i aks på rundt ti blomstrar. Samla gjer dei eit stort inntrykk. Myrflangre har jordstenglar.
Ein finn han i Europa, Nordvest-Afrika, Kaukasus og Vest-Sibir
Myrflangre er knytt til kalkrik (alkalisk) myr, samtidig som han er varmekjær. Svært mykje kalkrik myr har blitt dyrka opp, og det har ført til at myrflangre har blitt utrydda mange stader. Arten har nå få veksestader igjen i Noreg. Ein berømt veksestad der han framleis finst er Slåttemyra i Nittedal kommune i Akershus fylke.
Arten veks nå rundt Oslofjorden og i Rogaland. Sidan habitatet til arten framleis er truga, er myrflangre totalfreda i Noreg. Myrflangre er også raudlista som sterkt truga (EN).
Arten finst òg i Sverige (status LC, svensk namn kärrknipprot), i Danmark (NT, dansk namn sump-hullæbe) og i Finland (EN, finsk namn suoneidonvaippa).
Myrflangre (engelsk namn marsh helleborine) veks spreidde stader i England, Wales, Skottland og Irland. I både den britiske og den irske raudlista har arten status som livskraftig (LC). Lokalt er han nær truga (NT) i England, men livskraftig (LC) i Skottland og Wales.
I Estland (estisk namn soo-neiuvaip) er myrflangre vanleg over heile landet og er rekna som livskraftig (LC). Det er òg registrert ein varietet E. palustris var. ochroleuca sør i landet. I Latvia (latvisk namn purva dzeguzene) er arten temmeleg vanleg over heile landet på opne og halvopne fuktige stader. På den latviske raudlista er han klassifisert med usikker status (kategori 4 – nepietiekami pētītas). I Litauen (litauisk namn pelkinis skiautalūpis) veks arten over heile landet og er ein av dei mest vanlege orkidéartane i landet. Han er rekna som livskraftig.
I Benelux veks arten (nederlandsk namn moeraswespenorchis, fransk namn épipactis des marais) spreidde stader i Nederland, særleg nær kysten, men er i tilbakegang. I Flandern i Belgia finst han òg mest nær kysten, medan han i Vallonia mest er å finne i Ardennane. I den nederlandske raudlista er arten rekna som sårbar (VU, kwetsbaar). I Belgia er han rekna som nær truga (NT, bijna in gevaar) i Flandern og kritisk truga (CR, menacé d'extinction) i Vallonia. I Luxembourg er han rekna som sterkt truga (EN).
Hybriden mellom myrflangre og raudflangre (Epipactis atrorubens × palustris eller Epipactis ×pupplingensis) er registrert i Sverige.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Myrflangre, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.