Dei sørlege egeiske øyane (gresk: Νότιο Αιγαίο, Nótio Egéo) eller Sør-Egearhavet er ein av tretten periferiar i Hellas og utgjer den sørlege delen av Egearhavet.
Dei sørlege egeiske øyane Νότιο Αιγαίο | |
---|---|
Land: | Hellas |
Hovudstad: | Ermoúpoli |
Periferieiningar: | Ándros Tínos Mýkonos Sýros Kéa-Kýthnos Mílos Náxos Páros Thíra Kálymnos Kos Kárpathos Ródos |
Folketal: | 308 975 (2011) |
Areal: | 5 286 km² |
Folketettleik: | 58 /km² |
Heimeside: | www.notioaigaio.gr |
Han består av dei to øygruppene og tidlegare prefektura Dodekanesane og Kykladane. Hovudstaden er Ermoúpoli på Sýros, medan enkelte administrative oppgåvert vert utførte frå Ródos by på Ródos, som er det økonomiske og sosiale senteret, samt turistsenter, i periferien.
Sørvest for periferien ligg Kreta, medan Tyrkia ligg i aust. Det greske fastlandet ligg i nordvest og i nord ligg Dei nordlege egeiske øyane.
Etter den administrative reforma i 2010 er periferien Dei sørlege egeiske øyane delt inn i 13 periferieiningar som omfattar 34 kommunar.
Periferieining | Innbyggjarar | Kommunar |
---|---|---|
Ándros | 9 221 | Ándros |
Tínos | 8 636 | Tínos |
Mýkonos | 10 134 | Mýkonos |
Sýros | 21 507 | Sýros-Ermoúpoli |
Kéa-Kýthnos | 3 911 | Kéa, Kýthnos |
Mílos | 9 932 | Sérifos, Sífnos, Kímolos, Mílos |
Páros | 14 926 | Andíparos, Páros |
Náxos | 20 837 | Náxos og dei små Kykladane, Amorgós |
Thíra | 18 883 | Folégandros, Síkinos, Íos, Santoríni, Anáfi |
Kálymnos | 29 452 | Agathonísi, Pátmos, Lipsí, Léros, Kálymnos, Astypálea |
Kos | 34 396 | Kos, Nísyros |
Kárpathos | 7 310 | Kárpathos, Kásos |
Ródos | 119 830 | Tílos, Khálki, Sými, Ródos, Kastellórizo |
Dei største byane og tettstadene i periferien er:
Tettstad | Kommune | Folketal 2011 |
---|---|---|
Ródos by | Ródos | 49 541 |
Kos | Kos | 19 432 |
Kálymnos | Kálymnos | 12 324 |
Ermoúpoli | Sýros-Ermoúpoli | 11 407 |
Ialysós | Ródos | 11 331 |
Náxos | Náxos og dei små Kykladane | 7 070 |
Afándou | Ródos | 6 072 |
Arkhángelos | Ródos | 5 384 |
Kremastí | Ródos | 5 363 |
Tínos | Tínos | 4 762 |
Páros by (Parikía) | Páros | 4 326 |
Mýkonos (Khóra) | Mýkonos | 3 783 |
Pastída | Ródos | 3 641 |
Zipári | Kos | 3 227 |
Koskinoú | Ródos | 3 175 |
Kalythiés | Ródos | 2 836 |
Kárpathos (Pigádia) | Kárpathos | 2 707 |
Paradísi | Ródos | 2 632 |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Dei sørlege egeiske øyane, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.