Streptokokkhalsinfeksjon

Streptokokkhalsinfeksjon, streptokokkfaryngitt eller halsbetennelse med streptokokkar, ofte berre kalla streptokokkar, er ein form for halsbetennelse som skuldast infeksjon frå gruppe A-streptokokkar.

Infeksjonen rammar svelget, mandlane og stundom strupehovudet. Vanlege symptom er feber, sår hals og svolne lymfeknutar. Streptokokkar er ansvarlege for 37 % av tilfella av sår hals hjå barn; 5—15 % hjå vaksne.

Streptokokkhalsinfeksjon
Ein halskultur frå denne 16-åringen testa positivt for streptokokkhalsinfeksjon. Ein kan sjå det tonsillære eksudatet, som er oppsamlingar av puss.

Det er ein smittsam infeksjon som kan spreiast gjennom kroppskontakt. Sikre diagnosar kan gjerast med halskultur, men det er ofte nok å behandle symptoma. I sannsynlege eller stadfesta tilfelle kan antibiotika bidra til å minske komplikasjonar og minske rekonvalesenstida. Ein potensiell komplikasjon er revmatisk feber.

Symptom og sjukdomsteikn

Dei vanlege symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon er sår hals, feber høgare enn 38°C, tonsillære eksudat (puss på mandlane) og store halslymfeknutar.

Andre symptom er hovudverk, kvalme og oppkast, magesmerte, muskelsmerte, utslett frå skarlagensfeber eller petekkiar i ganen. Petekkiar i ganen er eit uvanleg, men veldig spesifikt funn. Inkubasjonstida, og dimed tida før symptom oppstår, er mellom ein og tre dagar etter kontakt. Streptokokkhalsinfeksjon er usannsynleg viss pasienten har raude auge, er hås, har rennande nase eller munnsår. Det er òg usannsynleg viss pasienten ikkje har feber.

Årsak

Streptokokkhalsinfeksjon skuldast infeksjon frå betahemolytiske streptokokkar i gruppe A (GAS eller S. pyogenes). Andre bakteriar, til dømes betahemolytiske streptokokkar ikkje-gruppe A og fusobakteriar, kan òg føre til halsbetennelse. Det blir spreidd ved direkte nærkontakt med smitta personar. Store folkesamlingar, som ein finn i militæret eller på skular og liknande, plar å auke transmisjonsraten. Tørka bakteriar i støv er ikkje smittsame, sjølv om fuktige bakteriar på tannkostar og liknande kan overleve i opptil femten dagar. Ureina mat kan stundom føre til utbrot. Hjå barn som ikkje visar symptom eller sjukdomsteikn, er 12% berarar av GAS i svelget, og 15% av desse held fram som berarar etter behandling.

Diagnose

Modifiserte Centor-kriterium
Poeng Sannsyn for streptokokkar Behandling
1 eller mindre <10 % Ingen antibiotika eller halskultur er påkravd
2 11–17 % Antibiotika basert på halskultur eller RADT
3 28–35 %
4 eller 5 52 % Empiriske antibiotikabehandlingar

Modifiserte Centor-kriterium kan brukast for å finne behandling til personar med halsbetennelse. Fem kliniske kriterium kan auke sannsynet for streptokokkinfeksjon.

Eitt poeng er gitt for kvar av kriteria:

  • fråvær av hoste
  • hovne og ømme halslymfeknutar
  • temperatur >38,0°C
  • tonsillært eksudat eller heving
  • yngre enn 15 år (trekk frå eit poeng viss alderen er >44)

Viss ein berre skårar eitt poeng, kan det tyde på at pasienten ikkje treng behandling, eller at halskultur må takast. Viss sjukdommen er utbreidd i familien kan det vere naudsynleg med vidare utgreiing og vurdering av risikofaktorar. Infectious Disease Society of America rådar likevel imot empiriske prøvar, og meiner at antibiotika skal atterhaldast for positive prøvar. Prøvar er ikkje påkravd for barn under tre år, sidan både gruppe A-streptokokkar og revmatisk feber er sjeldne. Unntaket er viss barnet også har sjuke søsken.

Laboratorieundersøkingar

Halskultur er gullstandarden for diagnosen av streptokokkhalsinfeksjonar, med sensitivitet på 90—95 %. Snøgg antigenpåvisingsmetode (RADT) kan også brukast. Snøgg antigenpåvising er mykje snøggare, men har lågare klinisk sensitivitet (~70 %) og statistisk spesifisitet (98%) enn halskultur.

Ein positiv halskultur eller RADT saman med symptom er nok til å feste ein sikker diagnose. Negativ RADT er tilstrekkeleg for å avkrefte diagnosen hjå vaksne. Hjå barn er det tilrådd med halskultur for å stadfeste diagnosen. Asymptomatiske pasientar bør testast rutinemessig med halskultur eller RADT, sidan ein prosentdel av befolkninga alltid bærer streptokokkar utan å ta skade.

Differensialdiagnose

    Sjå òg Akutt halsbetennelse.

Symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon kan likne på andre tilstandar, og det kan vere vanskeleg å setje ein klinisk diagnose. Hosting, rennande nase, diaré og raude, irriterte auge, saman med feber og sår hals, tydar meir på virusinfeksjon enn streptokokkar. Nærværet av markerte lymfeknutar med sår hals, feber og store mandlar kan òg tyde på infeksiøs mononukleose.

Profylakse

Fjerning av mandlar kan vere eit rimeleg førebyggjande tiltak for personar med hyppige halsinfeksjonar (>3/år). Fordelane er likevel små, og episodane plar å minske med tida, uavhengig av tiltaka. Residiverande episodar av halsbetennelse som testar positivt for GAS kan òg tyde på at personen er ein kronisk berar av GAS som får residiverande virusinfeksjonar. Personar som er smitta, men som ikkje visar symptom, treng ikkje behandling. Behandling av berarar med GAS er ikkje naudsynleg sidan risikoane for spreiing og komplikasjonar er låge.

Behandling

Ubehandla streptokokkhalsinfeksjon plar å forsvinne etter nokre få dagar. Behandling med antibiotika minskar den akutte sjukdomstida med om lag 16 timar. Hovudgrunnen til å bruke antibiotika er for å minske risikoen for komplikasjonar, til dømes revmatisk feber og retrofaryngeale abscessar. Antibiotika har verknad viss det blir gitt innan 9 dagar etter at symptoma starta.

Smertestillande middel

Smertestillande middel som til dømes ikkje-steroide antiinflammatoriske middel (NSAID) og paracetamol (acetaminofen) har veldig god effekt ved behandlinga av infeksjonsrelaterte smerter. Tjuktflytande lidokain kan òg vere nyttig. Steroidar kan lindre smerte, men er ikkje rutinemessig tilrådd. Aspirin kan brukast hjå vaksne, men ikkje hjå barn, på grunn av risikoen for Reyes syndrom.

Antibiotika

Penicillin V er føretrekt antibiotika i USA, medan amoxicillin er føretrekt i Europa. I India er risikoen for revmatisk feber høg, og benzatinpenicillin G er difor føretrekt. Passande antibiotika minskar den symptomatiske perioden (3—5 dagar) med om lag éin dag, og minskar samstundes smitte. Dei blir oftast brukt for å minske komplikasjonar som til dømes revmatisk feber og peritonsillære abscessar. Argumenta som er i favør av antibiotikabehandling må balanserast med moglege biverknadar, og antimikrobielle behandlingar er frårådd for friske personar som reagerar på lækjemiddel. Føreskrivinga av antibiotika er høgare enn forventa førekomst. Erytromycin og andre makrolidar eller klindamycin er tilrådd hjå personar med alvorlege penicillinreaksjonar. Fyrstegenerasjons cefalosporinar kan brukast hjå personar med mindre alvorlege allergiar, og somme prov tydar på at cefalosporinar er betre enn penicillin. Streptokokkinfeksjonar kan føre til akutt glomerulonefritt; førekomsten av denne biverknaden kan ikkje reduserast med antibiotika.

Prognose og komplikasjonar

Symptoma ved streptokokkhalsinfeksjon plar å forsvinne etter tre til fem dagar, uavhengig av behandling. Antibiotikabehandling kan minske risikoen for komplikasjonar og smitte; barn kan vende attende til skulen 24 timar etter antibiotikabehandling. Hjå vaksne er risikoen for komplikasjonar låg. Akutt revmatisk feber oppstår sjeldan i barn frå industriland. Det er likevel hovudårsaken til erverva hjartesjukdom i India, nokre delar av Australia og Afrika sør for Sahara.

Komplikasjonar som følgje av streptokokkhalsinfeksjon kan vere:

  • akutt revmatisk feber
  • skarlagensfeber
  • streptokokkbetinga toksisk sjokksyndrom
  • glomerulonefritt
  • PANDAS-syndrom
  • peritonsillær abscess
  • cervikal lymfadenitt
  • mastoiditt





I USA kostar sjukdommen om lag ~2,7 milliardar norske kroner årleg.

Epidemiologi

Halsbetennelse, som mellom anna omfattar streptokokkhalsinfeksjon, blir diagnostisert i 11 millionar menneske i USA kvart år. Dei fleste tilfella skuldast virusinfeksjonar, men betahemolytiske streptokokkar i gruppe A valdar 15—30 % av halsbetennelsar hjå barn og 5—20 % hjå vaksne. Tilfella plar å oppstå i sein vinter og tidleg vår.

Kjelder

Tags:

Streptokokkhalsinfeksjon Symptom og sjukdomsteiknStreptokokkhalsinfeksjon ÅrsakStreptokokkhalsinfeksjon DiagnoseStreptokokkhalsinfeksjon LaboratorieundersøkingarStreptokokkhalsinfeksjon DifferensialdiagnoseStreptokokkhalsinfeksjon ProfylakseStreptokokkhalsinfeksjon BehandlingStreptokokkhalsinfeksjon Prognose og komplikasjonarStreptokokkhalsinfeksjon EpidemiologiStreptokokkhalsinfeksjon KjelderStreptokokkhalsinfeksjonFeberHalsbetennelseLymfeknuteStreptokokkStrupehovudSvelgSår halsTonsill

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Georg III av StorbritanniaCornelis VreeswijkKattefamilienFilmen Land og fridomIsraelBritisk pundMariann Vestbøstad MarthinsenGrønlandKarl II av EnglandThe WeaversBizkaiaHerr Jesu Christ, wahr' Mensch und GottOnaniEuropaEiffeltårnetRoger AlbertsenNasjonaldyr2024Bill ChamplinSnøfte SmithKumøkkEurekaSumatraBjörn SkifsKokosmakronGullkvefsarFjodor TerentjevØBrasíliaNoreg under sommar-OL 2008Mats OlssonMagnetisk feltstyrkeLohengrin sjokoladeStrålingAsker kommuneTønsberg kommuneLagerthaArne RustadstuenParisLarge Binocular TelescopeLa LigaObligasjonHumleAlderspensjonOttomanGardasjøenUlstein kyrkjeGrete Ingeborg NykkelmoFrankrikeDet australske flaggetMesopotamiaJaroslav SoukupNasjonaldrikkGonzález IslandDen julianske kalenderenBook of KellsMartha LeivestadHollandTromsøDet norske flaggetBærum SportsklubbPeter GabrielISO 8601Ljubim te pesmamaIs This the Life We Really Want?Karel LismontThorleif HaugBergen kommuneSvartehavetKjøleskapTuvinskFilmen EllingMikal Kirkholt🡆 More