Blom, blome eller blomster er ein plantedel brukt til forplanting av frøplantar.
Blomar har ofte fine, fargerike kronblad eller god lukt for å lokka til seg pollinerande insekt og andre dyr. Etter at ein blome er blitt pollinert kan han omdannast til ei frukt.
I daglegspråket kan blome visa berre til dei vakre, fargerike delane av ein plante, medan mindre imponerande, grønare blomar ikkje blir rekna med. Dersom ein plante berre har stengel og blad og ein fin blome på toppen, kan ein òg kalla heile planten ein blome. Har ein plante fleire små blomar tett saman, som i korgplantefamilien, blir ofte heile blomesamlinga rekna som éin blome.
På grunn av utsjånaden og den gode lukta blir mange ulike blomar brukte til å pynta med, inne som ute, som gåver og til seremoniar. Dei har òg inspirert ei rekke kunstnarar, særleg innan biletkunst og litteratur.
Ein del blomar kan også brukast til å laga mat og drikke. Nokre matblomar er hyll, løvetann, stemorsblom og syrin.
Ein typisk blome er sett saman av desse delane:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blome, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.