Klippedua (Columba livia) er ein fugl i duefamilien.
Klippedue | |
Columba livia | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Klippedue | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Underklasse: | Neognathae |
Overorden: | Columbimorphae |
Orden: | Duefuglar Columbiformes |
Familie: | Duefamilien Columbidae |
Slekt: | Columba |
Art: | Klippedue C. livia |
Vitskapleg namn | |
Columba livia Gmelin, 1789 |
Den velkjende bydua, som lever i byar over delar av landet, er etterkommarar av tamme klippeduer (brevduer og duer som blei haldne som ei kjelde til mat året rundt) som igjen har forvilla seg. På grunn av dei forvilla tamduene (Columba livia domestica) er den opphavlege ville klippedua i fare for å bli genetisk utvatna, fordi dei to variantane parar seg med kvarandre og dannar hybridar. I Noreg reknar ein med at den ville klippedua er utrydda. Klippedua har ikkje hatt etablert hekkebestand i Noreg (dvs. minst 10 reproduserande individ i minst 10 år) etter år 1800, og blir derfor klassifiserte som ikkje eigna NA for rødlisting. Tamformen, bydue, er introdusert i Noreg.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Klippedue, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.