Grønlandsk (grønlandsk kalaallisut) er eit eskimoisk-aleutisk språk som blir snakka av om lag 50 000 menneske på Grønland.
Det er i nær slekt med dei andre eskimoiske språka, særleg med inuktitut, som blir snakka i Nunavut i Canada. Grønlandsk er eit polysyntetisk og ergativt språk, som dannar nye ord ikkje med samansetjingar, men med avleiing frå røter med hjelp av (ofte fleire) avleiingsaffiks.
Grønlandsk Kalaallisut | ||
Klassifisering | eskimoisk-aleutisk eskimoisk Inuit-språk grønlandsk | |
Bruk | ||
Tala i | Grønland (Danmark) | |
Grønlandsktalande i alt | 58 000 | |
Skriftsystem | Det latinske alfabetet | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | kl | |
ISO 639-2 | kal | |
ISO 639-3 | kal | |
Glottolog | kala1399 |
Det er tre grønlandske dialektar, nord-, vest- og austgrønlandsk. Vestgrønlandsk er den største, og blir snakka på mesteparten av vestkysten. Skriftspråket byggjer på vestgrønlandsk. Nordgrønlandsk (inuktun) blir snakka rundt Qaanaaq (Thule) og er ein overgangsdialekt til inuktitut. Austgrønlandsk skil seg mest frå dei to andre; distansen frå vest- til austgrønlandsk kan vere vel så stor som den vestover til inuktitut.
Grønlandsk er eit polysyntetisk språk, dvs. at språket kan legge ei rekke bøyingsendingar til ei rot, slik at det blir danna eitt ord (syntese), til skilnad frå analytiske språk, der ulike grammatiske fenomen blir uttrykt av separate ord. Eit grønlandsk ord kan bestå av ei rot og heilt opp til fem til ti tilheng, som det blir kalla i den grammatiske tradisjonen. På grønlandsk tilsvarer derfor eitt ord ofte ei heil setning på eit analystisk språk. Jf. dømet.
Grønlandsk | Tilheng | Tyding | Norsk |
---|---|---|---|
umiaq | konebåt | ||
umiarsuaq | +(q)suaq | stor | skip |
umiarsualivik | +livik | stad | hamn |
umiarsualivimmi | +mi | i / på / ved | på hamna |
umiarsualivimmiippoq | +mi+ip | å vere i | ho/han er på hamna |
umiarsualivimmiinngilaq | -nngit | ikkje | ho/han er ikkje på hamna |
umiarsualivimmiikkusunngilaq | +gusup | vil vere | ho/han vil ikkje vere på hamna |
Grønlandsk har eit svært enkelt vokalsystem, med berre tre vokalfonem, /i/, /a/, /u/, som har låge allofonar framfor uvulare lydar (/r/, /q/).
Grønlandsk har to opne ordklasser, substantiv og verb. Verba er delt inn i to klasser, intransitive og transitive; dette skiljet er grunnleggjande — ikkje berre for syntaksen, men også for morfologien til verba. Grønlandske verb kongruerer med både subjekta og objekta sine, og dei intransitive verba manglar fullstendig objektskonjugasjon. Grønlandsk har fire personar (første, andre, tredje og fjerde (refleksiv)), to numerus (singularis, pluralis; grønlandsk manglar altså dualis, som vi finn i inuktitut), åtte modi, indikativ, interrogativ, imperativ, optativ, kausativ, partisipp, kondisjonalis og partisipalmåte.
Substantiva er delt inn i to bøyingsklasser, ein regelrett klasse (p-klassen, som har suffikset -p i relativt kasus), og ein uregelrett klasse (up-klassen, som har suffikset -up). Dei siste hundre åra har fleire og fleire substantiv gått over frå up- til p-klassa. Denne overgangen har resultert i ei eiga overgangsklasse av substantiv som blir bøygde dels etter up- og dels etter p-mønsteret. Grønlandsk har åtte kasus — absolutiv, relativ, terminativ, ablativ, lokativ, ækvativ, instrumentalis og vialis. Substantiva blir bøygde i numerus, kasus, og person og tal for possessor.
Grønlandsk har tre opne ordklasser, substantiv, verb og partiklar. Det finitte verbet kongruerer både med subjektet og objektet, og er det einaste obligatoriske ordet i ei setning. Både Sinippoq "Han/ho søv." og Asavaa "Han/ho elskar han/henne/det." er dermed fullstendige setningar i seg sjølv. Det er også mogleg å uttrykke subjektet og objektet i tillegg.
Grønlandsk er eit ergativt språk, dvs. at subjektet i intransitive setningar står i same kasus som objektet i transitive setningar. Grønlandsk har relativt fri ordstilling, men nøytral ordstilling ar SOXV, der X er ein nominalfrase i eit adverbialt kasus.
Grønlandsk blir skrive med det latinske alfabetet. Skriftspråket skil seg frå skriftspråket til dei andre eskimoiske språka m.a. fordi dei fekk eit standardisert skriftspråk relativt tidleg, nemleg ved Samuel Kleinschmidt sin standard frå 1850-åra. Denne rettskrivinga var gjeldande fram til 1973 og brukte m.a. ein spesiell bokstav, bokstaven Kra (ĸ, Ux0138 i Unicode), for å markere glottal stop (IPA ʔ). I den nye ortografien, som betre speglar det moderne talespråket, blir glottal stop representert med bokstaven q. Ein får eit godt bilete av grønlandsk språkutvikling dei siste 100 åra viss ein samanliknar ein tekst skriven etter ny og gammal rettskriving, t.d. ved å samanlikne ei ny og ei gammal ordbok. Den nye rettskrivinga har innført konsonantassimilasjonar der det på tidlegare språksteg var distinkt uttale.
Skriftspråket gjev ein god representasjon av det grønlandske språket.
Som polysyntetisk språk bruker grønlandsk eit relativt lite sett av røter, men desse kan ved avleiing danne svært mange ordformer. Dette kan vere bakgrunnen til myten om at det på grønlandsk skulle vere mange ord for snø. Grønlandsk har berre to distinkte ord for snø, qanik (snø som fell) og aput (snø som ligg på bakken).
Wiki på grønlandsk
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Grønlandsk, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.