Nunavut ('vårt land' på inuittspråket inuktitut) er det største og yngste av territoria i Canada.
Det blei delt frå Nordvestterritoria i 1999 medan dei faktiske grensene blei fastlagde i 1993. Territoriet omfattar nesten 25 % av dei kanadiske landområda. 80 % av innbyggjarane er inuittar. Nunavut er det første territoriet der urfolk har fått ei stor grad av sjølvstyre.
Nunavut | |||
territorium | |||
| |||
Motto: Nunavut Sannginivut (Inuktitut for 'landet vårt, styrken vår') | |||
Land | Canada | ||
---|---|---|---|
Hovudstad | Iqaluit | ||
Areal | 2 038 722 km² | ||
Folketal | 36 858 (2021) | ||
Grunnlagd | 1. april 1999 | ||
Språk | Inuktitut, inuinnaqtun, engelsk, fransk | ||
Tidssone | UTC-5, UTC-6, UTC-7 | ||
Nunavut 70°N 90°W / 70°N 90°W | |||
| |||
Wiki Commons: Nunavut | |||
Om Nunavut var eit eige land ville det vore det femtande største og hatt den lågaste folketettleiken i verda. Folketalet på berre 30 782 er fordelt på eit område like stort som Vest-Europa.
Territoriet omfattar fleire store arktiske øyar, der Baffinøya er den største. Den nordlegaste av dei, Ellesmereøya, ligg berre nokre mil frå nordvestre spissen av Grønland. Nunavut grensar elles til Manitoba i sør, Saskatchewan i sørvest, og Nordvestterritoria både på fastlandet og fleire av øyane. Hovudstaden Iqaluit ligg på Baffinøya. Den nest største byen i territoriet er Rankin Inlet.
Nunavut er delt inn i tre administrative regionar: Kitikmeot, Kivalliq og Qikiqtaaluk.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nunavut, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.