Inuktitut (ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, bokstaveleg 'som inuittane') er eit språk eller ei samling dialekter som høyrer til den eskimoisk-aleutiske språkgruppa som blir snakka nord for tregrensa i Canada: Newfoundland og Labrador (NFL), Quebec og i noko grad i nordaustre Manitoba og i territoria Nunavut, Northwest Territories (NWT) og av tradisjon på Yukonkysten mot Nordishavet.
I følgje kanadisk statistikk finst det rundt 30 000 talarar av inuktitut, der om lag 200 bur heilt eller tidvis utanfor dei tradisjonelle inuittiske områda.
Inuktitut ᐃᓄᒃᑎᑐᑦ, Inuktitut, Inuttitut, Inuktitun, Inuinnaqtun, Inuttut m.fl. | ||
Klassifisering | eskimoisk-aleutisk inuit Inuktitut | |
Bruk | ||
Tala i | Canada (Nunavut, Nunavik, Northwest Territories, Nunatsiavut) | |
Område | Nordre Nord-Amerika | |
Inuktituttalande i alt | 30 000 | |
Skriftsystem | Det kanadiske stavingsalfabetet | |
Offisiell status | ||
Offisielt språk i | Nunavut, Northwest Territories | |
Normert av | Inuit Tapiriit Kanatami og andre lokale institusjonar | |
Språkkodar | ||
ISO 639-1 | iu | |
ISO 639-2 | iku | |
ISO 639-3 | iku | |
Glottolog | east2534 |
Inuktitut har status som offisielt språk i Nunavut og NWT. Det har også rettsleg status i Nunavik, i Quebec, mykje takka vere James Bay and Northern Quebec Agreement og blir anerkjent i staden for det franske språket som det offisielle undervisningsspråket i dei inuittiske skoledistrikta i Nunavik. Etter at den føderale kanadiske regjeringa og provinsen NFL anerkjende språket, har inuktitut òg hatt ein avgrensa offisiell status i Labrador.
Inuittane i Nordvestterritoria i Canada kallar seg sjølv inuvialuit og lever i første hand i Inuvialuit Settlement Region, den nordlege delen av elvedeltaet til Mackenzieelva, den arktiske kysten av NWT og Yukon, Banksøya, ein del av Victoriaøya og ytterlegare nokre fjerne og berre periodevis folkesette arktiske øyar. Dei ulike språkvariantane i NWT brukar iblant kollektivt å bli kalla inuvialuktun, noko som er ei misvisande generalisering. Inuvialuit består av tre distinkte dialektar:
Inuvialuktundialektane er alvorleg trua etter at engelsk i løpet av dei seinaste åra har vorte kvardagsspråk i samfunna i NWT. Undersøkingar som har vorte gjort gjev litt varierande opplysningar, men alle gjev bilete av at dialektane ikkje er livskraftige. Etter Inuvialuit Cultural Resource Centre talar berre 10 % av befolkninga noka form av inuktitut og berre 4 % bruker språket i heimen. Statistics Canada si folketeljing frå 2001 gjev eit noko lysare bilete med 765 som oppgjev at dei tala inukitut, av ei befolkning på 3 905 personar. Med tanke på det store talet ikkje-inuittar som lever i inuvialuitområda og saknet av ein felles dialekt blant dei talarane som er att, ser framtida for inuittspråket i NWT dyster ut.
Nunavut opptar geografisk det største området i den inuittiske verda (utan å rekne med det indre av Grønland). Det omfattar store delar av det kanadiske fastlandet og eit stort tal øyar, eit enormt område som blir delt opp av elvar og sund, av Hudsonbukta og hav som berre periodevis frys. I dette området finst det mange dialektar, men samanlikna med alle andre like gamle språkfamiliar er det oppsiktsvekkjande draget innanfor inuktitut at det er så små språklege skilnader over dei enorme avstandane.
I Nunavut finst det fire offisielle språk: Engelsk, fransk, inuktikut og inuinnaqtun, men i kva omfang inuktitut og innuinnaqtun skal bli betrakta som ulike språk er omdiskutert. I praksis brukar ein ofte «inuktitut» som term for alle språka.
Demografisk er situasjonen betryggjande i Nunavut. Det bur 24 000 i territoriet, 80 % av dei talar inuktitut (2001), og av desse oppgjev omkring 3 500 at dei er einspråklege. Statistikk frå 2001 viser at til og med om delen talarar er noko høgare i eldre generasjonar, så har bruken av inuktitut slutta å minske i Canada, og språket kan til og med auke i Nunavut.
I Quebec bur det omtrent 10 000 inuittar. Så godt som alle bur i Nunavik, der 90 % av folkesetnaden etter folketeljinga 2001 snakka inuktitut.
Nunavikdialekten (nanuvimmiutitut) ligg relativt nære sørbaffin, men er ikkje heilt identisk med den. Grensa mellom Nunavik og Nunavut har gjort gjeve Nunavik ei anna regjering og andre utdanningsorgan enn dei andre inuktitutregionane. Standardiseringa av Nunavik-dialekten har gjort den ulik andre former av inuktitut. Inuktitut heiter på denne dialekten inuttitut og i blant til og med tarramiutut eller taqramiutut.
Nunatsiavutdialekten (nunatsiavummiutut, i offisielle dokument ofte kalla labradorimiutut) vart opphavleg snakka over heile den nordlege Labrador. Den har eit eige skriftsystem som vart laga av herrnhutistmisjonærar frå Grønland på 1760-talet. Dette skriftspråket, og den relativt isolerte stillinga som Nunatsiavut har samanlikna med andre inuittiske samfunn har gjort at det har vorte ein egen dialekt med ein egen litterær tradisjon. Nunatsiavummiut kallar språket sitt inuttut.
I Nunatsiavut oppgav fleire enn 4 000 av innbyggjarane at dei var av inuittisk opphav, men berre 550 oppgav inuktitut som morsmål ved folketeljinga i 2001, dei fleste budde i Nain. I Labrador er altså inuktitut eit truga språk.
Ein separat Nunatsiavutdialekt som skal ligge betydeleg nærare dei vestre inuktitutdialektane vart snakka kring Rigolet. Etter eit oppslag i media hadde dialekten berre tre eldre talarar i 1999.
Dei austkanadiske inuktitutdialektane har femten konsonantar og tre vokalar (som kan vere lange eller korte). Konsonantane har fem artikulasjonsstadar: bilabial, alveolar, palatal, velarog uvular; og tre artikulasjonsmåtar: ustemt klusil, stemte approksimantar og nasalar og ytterlegare to lydar - ustemte frikativar.
Natsalingmiutut har ytterlegare ein konsonant /ɟ/, eit rudiment av dei retroflekse konsonantar som fanst i førinuittisk. Inuinnaqtun har ein konsonant mindre, i og med at distinksjonen mellom /s/og /ɬ/ ikkje lenger blir oppretthalden, men blir realisert som /h/. Inuktitutdialektane har berre tre vokalar, men vokallengde er distinktiv. Innujingajut, den standardiserte latinske transkriberingsforma i Nunavut, skriv lange vokalar med dobbel vokal.
Vokaler | |||
---|---|---|---|
IPA | inuujingajut | Allofonar | |
Kort open fremre urunda | /a/ | a | |
Lang open fremre urunda | /a:/ | aa | |
Kort lukka fremre urunda | /i/ | i | [e], [ɛ] |
Lang lukka fremre urunda | /i:/ | ii | |
Kort lukka bakre rundad | /u/ | u | [o], [ɔ] |
Lang lukka bakre rundad | /u:/ | uu |
Konsonantar ({inuujingajut} og /IPA/) | ||||||
---|---|---|---|---|---|---|
Labial | Alveolar | Palatal | Velar | Uvular | Noter | |
Ustemt klusil | {p} /p/ | {t} /t/ | {k} /k/ | {q} /q/ |
| |
Ustemt frikativ | {s} /s/ {ł} /ɬ/ ({h} /h/) |
| ||||
Stemt | {v} /v/ | {l} /l/ | {j} /j/ ({j} /ɟ/) | {g} /g/ | {r} /ɢ/ |
|
Nasal | {m} /m/ | {n} /n/ | {ng} /ŋ/ |
|
Inuktitut, til liks med andre agglutinerande eskimoisk-aleutiske språk, har eit rikt morfologisk system der ein serie ulike suffiks kan leggast til ein ordstamme. Inuktitut har hundrevis av suffiks, visse dialektar så mange som 700. Desse suffiksa har likevel ei svært einsarta form, i motsetnad til dei bøyingsformene som opptrer i flekterande språk som t.d. norsk.
Inukitut kan bli skrive på fleire ulike måtar, avhengig av både dialektale skilnader og av historiske og politiske faktorar. Dei første som skreiv på inuktitut var nokre herrnhutismemisjonærar, dei utvikla eit skriftspråk med latinske bokstavar for språkvariantar på Grønland og i Labrador, m.a. brukar ein teiknet ĸ. På Grønland gjekk dei gjennom ei større rettskrivingsendring i 1973, noko som inneber at denne ortografien berre er i bruk i Nunatsiavummiutut på Labrador. Dei fleste inuktituttalarane i Nunavut og Nunavik bruker i dag ei inuitisk stavingsskrift basert på Canadas nasjonale skriftsystem. I NWT og dei vestre delane av Nunavut blir inuinnagtun brukt, eit skriftsystem med latinske bokstavar, som vart skapt av dei misjonærane som verka i området i slutten av 1800-og byrjinga av 1900-talet.
Den inuktitutske stavingsalfabetet i Canada utgår frå creeindianarane si stavingsskrift som vart laga av misjonæren James Evans. Den skrifta som blir brukt i dag vart teken i bruk av Det inuittiske kulturinstituttet i Canada på 1970-talet. Inuittane i Alaska, inuvialuitfolk, inuinnagtuntalare og inuittane på Grønland og i Labrador bruker det latinske alfabetet, tilpassa etter deira behov på ulike måtar.
Sjølv om inuittane sitt skriftsystem av tradisjon blir kalla for ei stavingsskrift, så blir det klassifisert som ein abugida, det vil seia eit skriftsystem der mange stavingar med same innleiande konsonant har glyffar med same konsonantbase med ulike alternasjonar for å representere stavinga til vokalen.
Alle teikna i inuktitutskrifta finst i Unicodes Unified Canadian Aboriginal Syllabics character table.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Inuktitut, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.