Konsonantar eller medlydar er i fonetikken lydar i talespråket som er slik at luftstraumen treffer på ei eller fleire hindringar på vegen frå lungene til munnen eller nasen.
Det vil seie at til dømes t og v er konsonantar, medan a og o ikkje er det.
I fonologien er hovudregelen at ein konsonant ikkje er stavingsberande. På det grunnlaget kan ein seie at n på norsk som regel er ein konsonant. Den norske j-en blir i mange variantar av norsk uttala akkurat som ein kort i, som er ein vokal. Men likevel blir han rekna for å vere ein konsonant (eller stundom for ein halvvokal), sidan han ikkje er stavingsberande.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Konsonant, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.