Skriftspråk

Skriftspråk er språk som blir uttrykt eller representert av teikn, som hieroglyfar eller bokstavar, gjennom eit skriftsystem.

Omgrepet kan òg bli brukt for å visa til tale som ligg nær nedskrive språk.

Skriftspråk er kunstige språk, til forskjell frå talespråk som har oppstått naturleg i alle menneskesamfunn. Medan menneske lærer talespråk av seg sjølv frå dei er små ungar, treng dei undervising for å læra skriftspråk.

I dagens skriftprega samfunn blir det sett på som viktig for eit språk å ha eit skriftspråk dersom det skal overleva.

Samanheng mellom skrift og tale

Medan talespråk stadig utviklar seg er skriftspråk meir statiske. Det vil derfor nesten alltid vera forskjell mellom tale- og skriftspråk.

Ofte blir skriftspråket forma ut frå éin særskild dialekt eller sosiolekt innan eit språksamfunn, som regel den som blir snakka rundt eit maktsenter. I visse samanhengar blir dermed nemninga «skriftspråk» ikkje brukt berre om sjølve skriftspråket, men om ein dialekt som skriftspråket byggjer på eller som blir assosiert med det. I Finland blir t.d. normert talemål kalla for skriftspråk (kirjakieli), sjølv om det nett ikkje er skriftspråk, men talespråk.

Bakgrunnsstoff

Tags:

BokstavHieroglyfSkriftsystemSpråkTeikn

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

GaukmesseDøgeniktWikimediaKvadratmeterSnowdonHaakon LieHavørnIddisÉg veledKnut Marius DjupvikUSAVictoria av StorbritanniaMarita LiabøÆrfuglEinar GerhardsenValdes-halvøyaBelarusSingaporeAurgjeldingDaddelDifferensialsperreJonas BrothersNíkeaDuane EddyJesusIkonoklastKledeBelgiaTettstader i RogalandPireusTrygve BratteliTeknologiMellom-AmerikaÅOstemasseTove StrandTrekanthandelBrividiAslak Sira MyhreSilje Nordnes27-årsklubbenSymbol i hinduismenBarraliBieSantiago de CompostelaSkotringMesopotamiaAttikíDet tysk-romerske riketLésvos533Sportsjournalistenes statuettParitetsbitSauVerdas land etter folketalKognitivismeSandviken i SverigeSiddisBokfinkInternasjonal telefonkodeLill LindforsPliktetikkMarte GerhardsenROBEKFinlandBjørnar LøbergSamfunnNasjonalismeSkjold-klasseLeksandPeriferieininga PireusKelly ClarksonLitauenJon FosseErik Andersen600🡆 More