Spettmeisa (Sitta europaea) er cirka 15 cm, hannfugl og hofugl er nesten heilt like.
Spettmeis | |
Spettmeis Foto: Edvard Aske | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Livskraftig Utbreiinga av Spettmeis | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Fuglar Aves |
Overorden: | Neoaves |
Orden: | Sporvefuglar Passeriformes |
Underorden: | Passeri |
Familie: | Spettmeisfamilien Sittidae |
Slekt: | Sitta |
Art: | Spettmeis S. europaea |
Vitskapleg namn | |
Sitta europaea |
Spettmeisa er ein tett «plugg» med stort hovud og eit rett, meiselforma nebb. Styrken til nebbet blir understreka av den framståande svarte augestripa. Dette er ein svært spesiell fugl på mange måtar. Når han skal ha seg mat, hentar han ofte ei nøtt nede frå bakken og tek ho med seg opp i eit tre. Der plasserer han nøtta omhyggeleg ned i ein fast sprekk. Han hakkar på nøtta til ho klovnar. Her kjem det kraftige nebbet godt med. Spettmeisa er også den største treakrobaten av alle fuglar. Han er den einaste som er i stand til å faktisk klatre nedover bratte trestammar utan problem. Han sprintar nedover stammen i ein valdsam fart. Han nyttar heller ikkje stjerten til støtte. Dette er noko dei aller fleste fuglar gjer. Spettmeisa rugar i 15-18 dagar på 6-8 kvite egg med rustraude flekkar. Om spettmeisa hekkar i ein fugleholk, kan ho lett jage bort større fuglar som alt har teke i bruk reirplassen. Spettmeisa murar igjen holet til det er passe stort berre til ho, og større fuglar må finne seg ein annan plass å legge reiret sitt. Ho kan til og med jage bort kattugle på denne måten. Svært utprega standfugl.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Spettmeis, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.