Jaguaren (Panthera onca) er eit stort kattedyr som lever i heile Latin-Amerika.
Jaguar | |
Jaguarhann | |
Jaguarhoe | |
Utbreiing og status | |
Status i verda: Nær truga Utbreiinga av jaguar | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Orden: | Rovpattedyr Carnivora |
Underorden: | Feliformia |
Familie: | Kattefamilien Felidae |
Underfamilie: | Pantherinae |
Slekt: | Store kattedyr Panthera |
Art: | Jaguar P. onca |
Vitskapleg namn | |
Panthera onca |
Han vert rekna som det amerikanske motstykket til leoparden, men er større og tyngre og manglar evna til å brøla.
Ordet jaguar kjem frå tupi-guarani jaguara, eit namn som opphavleg blei brukt om alle store rovpattedyr.
Jaguaren liknar ein leopard, men er større og tyngre. Han er som regel gulbrun med svarte flekkar, er 110-190 cm lang og veg frå 55 til 120 kg. Heilt svarte jaguarar (pantrar finst òg.
Jaguaren trivst best i tett vegetasjon med lett tilgang til vatn, men ein kan treffa på han i dei fleste biotopar i det store utbreiingsområdet, som går frå Mexico i nord til Patagonia i sør.
Kosthaldet til jaguaren består hovudsakleg av store til mellomstore pattedyr, fuglar og krypdyr. Han er òg flink til å fanga fisk. Jaguarar lever og jaktar åleine, og trass i at dei er dyktige klatrarar, fangar dei helst byttet sitt på bakken.
Jaguarar søker berre selskapet til artsfrendar i paringstida. Kvar ho føder mellom to og fire ungar, som veg opp mot ein kilo ved fødselen. Dei heldt seg med mora til dei vert kjønnsmogne i toårsalderen.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Jaguar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.