Patagonia

Patagonia er det tradisjonelle namnet på den sørlegaste delen av Sør-Amerika i Chile og Argentina Då definerer ein gjerne området som sør for Río Colorado til Kapp Horn på Eldlandet.

Området omfattar den sørlege delen av Andesfjella, Valdivia-provinsen i Chile og området rundt Carmen de Patagones i Argentina. Patagonia grensar i vest til Stillehavet og til det sørlege Atlanterhavet i aust. Patagonia må ikkje forvekslast med det sørlegaste departmentet i provinsen Buenos Aires, som heiter Patagones.

Patagonia
Kart med vanleg definisjon av Patagonia.
Patagonia
NASA-bilete av Patagonia i 2003. Magellansundet ligg nede til høgre.
Patagonia
Ushuaia.

Etymologi

Namnet Patagonia kjem av det portugisiske ordet patagón, 'store bein'. Då Ferdinand Magellan oppdaga dette området i 1520, brukte han ordet for å skildra dei innfødde han møtte. Nokre kjelder meiner det var fordi dei hadde så store pelsstøvlar, medan andre meiner det kjem av at dei innfødde Magellan møtte, var spesielt høge.

Natur

Naturen i Patagonia består av innsjøar som er demma opp frå morenane frå istida. Djupe dalar skjer gjennom området frå vest mot aust. I aust ligg store, turre ørken- eller steppeområde med mykje vind. Bratte klipper skil ørkenområdet frå Atlanterhavet i vest. Både floraen og faunaen her er interessant, med mange endemiske artar.

Levevis

Området, som dekkjer over ein million km2, er relativt tynt folkesett med to millionar innbyggjarar. Til samanlikning bur det over 40 millionar i heile Argentina og over 16 millionar i Chile. Saueavl er ei viktig verksemd for innbyggjarane i Patagonia. Når snøen smeltar frå fjella, blir det gode beitemarker for sauene i høglanda. Det er lite jordbruk her, men det vert drive petroleumsutvinning fleire stader og det er store kolgruver i Río Turbio i Argentina.

Galleri

Kjelder

Tags:

Patagonia EtymologiPatagonia NaturPatagonia LevevisPatagonia GalleriPatagonia KjelderPatagoniaAndesfjellaArgentinaAtlanterhavetChileEldlandetKapp HornStillehavetSør-Amerika

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

ParlamentarismePenisHyseDer ingen skulle tru at nokon kunne buGrønlandVerdsdelLovSur nedbørKon-Tiki-ekspedisjonenStrilamålDurgaOppdrag SognefjordenØresundbruaTranebærOppland fylkeTurbanKelly ClarksonStupaDekarTjeldFormannskapMediaWikiRabagastSovjetunionenNapoléon BonaparteBankKristian ØdegårdEnkeltbekkasinStaudeNasjonal SamlingIP-adresseMarius UrzicăJødedommenRekonvalesensHjørundfjordenDeltaMonogamiEx-utstyrPresident i FinlandHildegun RiiseUrfolkBloggPeter Wessel TordenskjoldNasjonaldraktMexicoLangeKrøllparentesFriksjonPronomenStaphylococcus epidermidisKrakenStord kommuneDavid CameronKonservativPolarlysVinkelMS «Vega» (1938)SkognOksidasjonPatentVeneziaNorskPensjonPanterRoland BrücknerFirehundreårsnattaDetaljhandelIslandNazistLydfartDet norske flaggetKind of BlueHTMLOttomanTroms fylkeJ.K. Rowling🡆 More