Hastigheit: Endring i posisjonen til eit objekt som ein funksjon over tid, og retninga av denne

Hastigheit eller snøggleik er ein storleik definert posisjonsendring delt på tid.

Det vil sei at snøggleik skildrar både fart og retning.

I fysikken skil ein mellom hastigheit som er ein vektoriell storleik og fart som er ein skalar storleik. Farten er absoluttverdien til snøggleiken. I daglegtalen nyttar ein vanlegvis hastigheit og fart om ein annan med same tyding.

Eininga til snøggleik er lengd over tid. SI-eininga er m/s, men km/t og knop er òg vanlege i bruk.

Mange symbol vert nytta til å skildre snøggleik, men v og u er vanlegast (feit skrift er trykt notasjon for vektorar.)

Langs ei rett linje er gjennomsnittshastigheit v gjeven ved

der s er tilbakelagt strekning og t er tida det tar. (legg merke til at langs ei rett linje er snøggleik ein skalar.)

Måling av hastigheit

Hastigheit er ein sentral storleik og kan målast på mange måtar. Nokre metodar finn berre absoluttverdien, medan andre målar både fart og retning.

  • Den vanlegaste måten å måle hastigheit på er å ta tida for rørsle mellom to punkter. Målinga er ofte indirekte, slik som speedometer i ein bil som målar omdreiingsfarten på eit hjul eller ein aksling og reknar om til fart på vegen.
  • Hastigheitsmåling ved hjelp av radar bruker dopplereffekten til å rekne ut farten.
  • I fly vart hastigheit målt som skilnaden mellom dynamisk trykk og statisk trykk. Dette gjev eit uttrykk for strøymingshastigheita til lufta kring flyet.
  • I ein ubåt målar ein lineær akselerasjon og rotasjon. Når desse vert målt kontinuerleg kan ein òg rekne seg til hastigheit og posisjon.

Definisjon

Den matematiske definisjonen av hastigheit er den tidsderiverte til posisjon r(t), dvs.

    Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme 

Vanleg notasjon for tidsderivasjon er òg Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme . Denne definisjonen gjeld òg når snøggleiken sjølv endrar seg med tida. Skrive ut i kartesiske koordinatar er definisjonen

    Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme 

Døme

Rørsle med konstant hastigheit

Rørsle med konstant hastigheit v kan skrivast

    Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme 

Sirkelrørsle

Ei sirkelrørsle med radius r i xy-planet vert skildra ved

    Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme 

der Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme  er vinkelhastigheit. Snøggleiken er gjeven ved den tidsderiverte

    Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme 

det vil si jo større Hastigheit: Måling av hastigheit, Definisjon, Døme , jo større fart.

Kjelder

Tags:

Hastigheit Måling av hastigheitHastigheit DefinisjonHastigheit DømeHastigheit KjelderHastigheitFartStorleikTid

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Oslo kommuneDervenokhóriaLastebilProsaHestehovHomofili45 av KinoSirkelSverigeDigital object identifierHollandBjørnPliktetikkAfroamerikansk litteraturEmma WatsonDet tredje riketAtle HansenSamisk språkhistorieMardalsfossenRSSFin GnattTidslinje over norsk historieEiffeltårnetMikroHelena BrodtkorbKristopher SchauVietnamROBEKEselAnimeSunndalsøraDílesiLibanonKlima i Nord-AmerikaPompeiiKvam herad1955Hammarby IF FFCanadaIsraelJaran DammannLungebetennelseNasjonaldyrCristiano RonaldoKonfutseFlaggdagarAldislampeHovudsideAl-Bustan i OmanBjørnstjerne BjørnsonMette-Marit av NoregSupermann29. juniWayback MachineBitcoinStolt henrikSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974NederlandRosenborg slottEspen Barth EideLars SponheimPoAleksander I av RusslandMoldedialektKrigJohann Sebastian BachVolda kommuneTonsillSMS-språkDet kommunistiske manifestetJernProvinsar i OmanInfleksjonspunktJesusDieze🡆 More