Greta Garbo (fødd Greta Lovisa Gustafsson, 18.
september">18. september 1905–15. april 1990) var ein svensk skodespelar. Ho vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger og vart løna med ein æres-Oscar i 1955. Garbo er kjend som ein av dei mest myteomspunne personane i filmhistoria. Ho var kjend for sin karisma, klassiske venleik og gåtefullheit. I 1999 vart ho kåra til tidenes femte største kvinnelege filmlegende av Det amerikanske filminstituttet.
Greta Garbo | |||
| |||
Fødd | 18. september 1905 | ||
---|---|---|---|
Fødestad | Katarina församling | ||
Død | 15. april 1990 (84 år) | ||
Dødsstad | New York by | ||
Fødenamn | Greta Lovisa Gustafsson | ||
Aktive år | 1920–1941 | ||
Verka som | skodespelar, filmskodespelar, teaterskodespelar | ||
Mor | Anna Lovisa Johansdotter | ||
Far | Karl Alfred Gustafsson | ||
Prisar | Æres-Oscar, kommandør av Nordstjerneordenen, stjerne på Hollywood Walk of Fame, Litteris et Artibus, Illis quorum |
Greta Gustafsson voks opp i enkle kår i ein av dei fattigaste bydelane i Stockholm. Faren døydde då ho var fjorten år, og ho måtte tidleg tena til livsopphald. Ho byrja å jobba i ein frisørsalong, seinare vart ho ekspeditrise i eit varemagasin. Den store draumen hennar var å bli skodespelar, og mot alle odds kom ho gjennom nålauget under ei opptaksprøve på Dramaten, og mellom 1922 og 1924 studerte ho ved Dramatens elevskola i Stockholm. Her vart dei særeigne talenta hennar snart oppdaga av den svenske stjerneregissøren Mauritz Stiller, som gav henne kunstnarnamnet Greta Garbo. Han sørgde for at ho som 18-åring debuterte i ei filmatisering av Gösta Berlings Saga. Deretter fekk ho hovudrolla i to svenske spelefilmar og éin tysk. Stiller overtydde henne likevel om at framtida hennar var i USA, og med han som manager og nær venn drog dei i 1925 saman til Hollywood. Dette vart starten på ein eksepsjonell filmkarriere.
I USA skaffa Stiller henne kontrakt med filmselskapet Metro-Goldwyn-Mayer. Det internasjonale gjennombrotet kom med Eros (1926) som umiddelbart gjorde ho til ein av dei største stjernene innan stumfilm. Det tette tilhøvet til Stiller kjølna likevel i takt med det stigande ryet til Garbo. Han reiste attende til Sverige i 1928, der han døydde kort tid etter. Dette skal ha gått svært hardt inn på Garbo, som likevel valde å halda fram filmkarrieren. I motsetnad til mange stumfilmstjerner, heldt ho på stjernestatusen då lydfilmen overtok. Trass den mørke, monotone stemmen sin og den gebrokne engelsken, fascinerte ho no kan hende i endå sterkare grad publikum heilt frå den første talefilmen sin, Anna Christie i 1930. Suksessen vart følgd opp med rollen som spion i Mata Hari (1931), og dessutan Grand Hotel (1932) der ho spelte ei dansarinne.
Fram til ho døydde i 1990 levde Garbo heilt tilbaketrekt i ei luksusleilegheit i New York. Ho gifta aldri seg og fekk ingen barn. Garbo vart nominert til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle fire gonger. Ho mottok ein æres-Oscar i 1955, men var ikkje sjølv tilstades ved utdelinga. Garbo har fått ei stjerne på Hollywood Walk of Fame. I 1999 vart ho kåra til den femte største kvinnelege filmlegenda gjennom tidene av Det amerikanske filminstituttet.
År | Tittel | Rolle | Regissør | Motspelar | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
1920 | Herrskapet Stockholm ute på inköp | Eldre søster | Reklamefilm. Garbo sitt segment er ofte kjend som «korleis ein ikkje skal kle seg». Reklamen hadde premiere 12. desember 1920. | ||
1921 | En lyckoriddare | Statist | Ikkje kreditert. Filmen er tapt. | ||
Konsum Stockholm Promo | Companion | Reklamefilm. | |||
1922 | Luffar-Petter | Greta | Komedie på to filmrullar. Den fyrste rolla til Garbo i ein kommersiell film. | ||
1924 | Gösta Berlings Saga | Elizabeth Dohna | Mauritz Stiller | Lars Hanson | Den fyrste hovudrolla til Garbo i ein spelefilm, regissert av mentoren hennar, Mauritz Stiller. |
1925 | Bak gledens maske | Greta Rumfort | Georg Wilhelm Pabst | Asta Nielsen | Garbo speler hovudrolla i denne tyske filmen regissert Georg Wilhelm Pabst. |
1926 | Alt undtagen kjærlighet | Leonora Moreno også kjent som La Brunna | Monta Bell | Ricardo Cortez | Den fyrste filmen ti Garbo i USA. Alle dei etterfølgjande filmane hennar er lag i Hollywood og produsert av MGM. |
Fristerinnen | Elena | Fred Niblo | Antonio Moreno | Stiller var opphavleg tiltenkt regien av denne filmen, men måten hans å regissera på førte til konfliktar i høve til MGM-produsenten Irving Thalberg, som sparka han. | |
Eros | Felicitas | Clarence Brown | John Gilbert | Den fyrste av sjua filmar regisserte av Clarence Brown som Garbo spelte i, og den fyrste av fire filmar med John Gilbert som motspelar. | |
1927 | Anna Karenina | Anna Karenina | Edmund Goulding | John Gilbert | Etter Tolstoj sin roman Anna Karenina. |
1928 | En guddommelig kvinne | Marianne | Victor Seastrom | Lars Hanson | Filmen er tapt, berre 9 minutt av han er att. |
Den mystiske kvinnen | Tania Fedorova | Fred Niblo | Conrad Nagel | ||
Den grønne hatt | Diana Merrick Furness | Clarence Brown | John Gilbert | Den fyrste av sju Garbo-filmar der ho spilte mot Lewis Stone som, med unntak av Ville orkidéer, spelte biroller. | |
1929 | Ville orkidéer | Lillie Sterling | Sidney Franklin | Nils Asther | |
A Man's Man | Seg sjølv | James Cruze | William Haines | Garbo og John Gilbert opptrer i gjesteroller. Tapt film. | |
Den nye moral | Arden Stuart Hewlett | John S. Robertson | John Mack Brown | Nils Asther,||
Kysset | Irene Guarry | Jacques Feyder | Conrad Nagel | Garbos og MGMs siste stumfilm. |
År | Tittel | Rolle | Regissør | Motspelar | Merknad |
---|---|---|---|---|---|
1930 | Anna Christie | Anna Christie | Clarence Brown | Marie Dressler | Charles Bickford,Den fyrste talefilmen til Garbo, og den fyrste nominasjonen hennar til Oscar for beste kvinnelege hovudrolle. |
Ditt navn er kjærlighet | Madame Rita Cavallini | Clarence Brown | Gavin Gordon | Nominert—Oscar for beste kvinnelige hovedrolle | |
Anna Christie | Anna Christie | Jacques Feyder | Salka Viertel | Hans Junkermann,MGM sin tyske versjon av Anna Christie som kom ut i 1930. Salka Viertel, ein nær venn av Garbo, var seinare medforfattar av fleire av hennar filmmanus. | |
1931 | Inspirasjon | Yvonne Valbret | Clarence Brown | Robert Montgomery | |
Susan Lenox (Her Fall and Rise) | Susan Lenox | Robert Z. Leonard | Clark Gable | ||
Mata Hari | Mata Hari | George Fitzmaurice | Ramon Novarro | Etter den stjernespekka Grand Hotel, var dette den av Garbo sine filmar som spelte inn mest pengar. | |
1932 | Grand Hotel | Grusinskaya | Edmund Goulding | Lionel Barrymore, Joan Crawford, Wallace Beery | John Barrymore,Oscar for beste film |
Som du vil ha meg | Zara alias Marie | George Fitzmaurice | Erich von Stroheim | Melvyn Douglas,Den fyrste av tre filmar med Douglas. | |
1933 | Dronning Christina | Dronning Christina | Rouben Mamoulian | John Gilbert | |
1934 | Det brokete slør | Katrin Koerber Fane | Richard Boleslavski | George Brent | |
1935 | Anna Karenina | Anna Karenina | Clarence Brown | Fredric March | New York Film Critics Circle-prisen for beste kvinnelege hovudrolle |
1936 | Kameliadamen | Marguerite Gautier | George Cukor | Robert Taylor |
|
1937 | Maria Walewska | Grevinne Maria Walewska | Clarence Brown | Charles Boyer | På grunn av totalkostnaden på denne ekstragagante produksjonen, som gjekk over budsjettet, kombinert med den dårlege mottakinga på kino, tapte denne filmen 1 397 000 US-dollar. |
1939 | Ninotchka | Nina Ivanovna «Ninotchka» Yakushova | Ernst Lubitsch | Melvyn Douglas |
|
1941 | Den lettsindige tvilling | Karin Borg Blake | George Cukor | Melvyn Douglas | National Board of Review-prisen for beste skodespelar |
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Greta Garbo, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.