Anna Karenina

Anna Karenina (russisk Анна Каренина) er ein roman av den russiske forfattaren Lev Tolstoj.

Romanen blir rekna som eit av dei mest sentrale verka frå siste helvta av 1800-talet, og som eit høgdepunkt i russisk realisme. Romanen vart skriven og publisert fortlaupande som føljetong i tidsskriftet Russkij vestnik i åra 1873–77 og vart utgjeven som bok i 1878. Tittelen syner til den kvinnelege hovudpersonen i romanen, Anna Karenina. Ho er gift med toppbyråkraten Aleksej Karenin, som ho har sonen Serjozja med.

Anna Karenina
Анна Каренина
Anna Karenina
Tittelsida på den russiske førsteutgåva av Anna Karenina.
Forfattar(ar)Lev Tolstoj
Språkrussisk
Blei til1873
Sjangerrealist novel
Utgjeven1877

Samandrag

Anna og Vronskij

Romanen opnar med at Anna Karenina kjem frå St. Petersburg til Moskva med nattoget for å mekle mellom broren, fyrst Oblonskij, og kona, som har oppdaga at mannen har vore utru. På togreisa har ho møtt grevinne Vronskaja. Dei to har funne kvarandre i hugnaden for sønene sine, Anna for vesle Serjozja, grevinne Vronskaja for sin forlengst vaksne son, grev Aleksej Vronskij. Under Moskva-opphaldet forelskar Anna seg i Vronskij, som gjengjelder kjenslene hennar. Ho er utru mot mannen sin, først i det skjulte, snart ope, og når ho skal ha barn med Vronskij, forhandlar ho med mannen sin om skilsmisse. Det er han viljug til å gje henne, men han insisterer på at ho då må gje frå seg Serjozja. Anna klarer ikkje tanken om å skiljast frå sonen, men held fram med å leve saman med Vronskij i et forhold som er uakseptabelt både for mannen hennar og for den aristokratiske verda ho lever i.

Anna Karenina 
Anna Karenina måla av Henrich Manizer (1847-1925).
Opningssetninga i romanen er vidgjeten: «Alle lykkelige familier ligner hverandre, hver ulykkelig familie er ulykkelig på sin egen måte».

Annas endelykt

Korkje Anna eller Vronskij er i stand til å stå imot dei sosiale konvensjonane som fordømer livsførselen deira. Samlivet mellom dei to blir meir og meir vanskeleg, og til slutt, råka av sinnsforvirring, kastar Anna seg inn under hjula på eit innkomande tog. Etter Annas død møter vi Vronskij for siste gong medan han ventar på toget som skal føre han til Balkan, der han har meldt seg som friviljug i krigen mellom sørslavarane og tyrkarane. Historia om Anna og Vronskij er voven saman med ei anna: Historia om godseigaren Konstantin Levin, som er ulukkeleg forelska i Kitty Sjtsjerbatskaja. Denne historia har eit forlaup som er motsett av Anna og Vronskij sitt forhold. I staden for å gå frå lukke til ulukke går den frå ulukke til lukke. Først avviser Kitty Levin sitt frieri, men etter fleire tyngsler blir dei gift og går inn i eit samliv som berre blir meir og meir harmonisk for kvart år som går.

Analyse

Sjangerkonvensjonar

Dei to handlingstrådane er dominert av sjangerkonvensjonar. Delen om Levin tek form av pastoral idyll, som når sitt høgdepunkt når han ligg under stjernene og kjenner seg eitt med omgjevnadene, både med sine medmenneske og med naturen. Delen om Anna utviklar seg derimot som ein tragisk avsondring frå omgjevnadene i ei rekkje hendingar prega av uroverkkjande førevarsel. Dei mest urovekkjande er kanhende banevoktaren som blir køyrd ned av toget den morgonen Anna først møter Vronskij, og som ho kjem i hug rett før ho kastar seg under hjula, og den lille bonden både ho og Vronskij drøymer om, og som heimsøkjer henne i dødsaugneblinken. I lesinga av Anna si historie blir tapet av sonen det avgjerande momentet, ein konsekvens ho ikkje hadde sett føre seg. Det blir hennar tragiske hamartia, den fatale feilvurderinga som blir årsak til ulukka hennar, og som til slutt endar i sjølvmord.

Anna Karenina 
Greta Garbo og John Gilbert i Flesh and the Devil (1926). Paret spelte året etter saman i ein stumfilmversjon av Anna Karenina med tittelen Love. Garbo spelte tittelrollen enno ein gong i lydfilmen Anna Karenina i 1935, då mot Fredric March.

To historier

Carl Stief skriv at fallet til Anna Karenina først og fremst har skuld i at ho på grunn av kjærleiken til Vronskij gløymer alle andre forpliktingar. Levin, som er Tolstoj sitt alter ego, har derimot ikkje gløymt forpliktingane overfor andre, og freistar støtt å finne ei meining med livet. Søkinga etter ei meining med tilværet driv han til å prøve ei rad forskjellige løysingar, som alle i tur og orden blir forkasta. Først då han innser at korkje fornuft, intellekt eller vitskap kan gje livet meining, kjem det til ei avklåring: «Bare tro på Gud og hans lover kan gi et tilfredsstillende svar. Vi skal leve for noe vi ikke forstår, leve for Gud som ingen kan definere eller fatte. Slik tror den russiske bonden, og av ham lærer Levin at slik må det være. Hva Anna aldri forstod, lærer Levin av det enkle russiske folk».

Anna Karenina 
Romanen sluttar med at Anna utfører sjølvmord ved å kaste seg framfor eit tog. Bilete frå ei russisk filmatisering frå 1914.

Kombinasjonen av dei to historiene gjev ifølgje Jostein Børtnes forfattaren fritt spelerom til å skape ei brei framstilling av den russiske samtida, som tek opp i seg debatten som i 186070-åra gjekk føre seg i den russiske overklassen mellom dei progressive, vestleg-orienterte og dei konservative slavofile. Debatten femna om så ulike problem som tilhøva blant bøndene etter opphevinga av liveigenskapen i 1861, russisk landbrukspolitikk, spørsmålet om kvinnene si stilling og framtida for ekteskapet som institusjon. Alt dette let seg integrere i historia om godseigaren Levin sitt ekteskap og ekteskapsbrotet til Anna Karenina. Men ifølgje Børtnes var det for lesarane i samtida til Tolstoj ekteskapsbrotet som var det verkelege problemet. Kva gjer ein ektemann som oppdagar at kona har vore utru mot han?

Litteraturhistorisk plassering

Anna Karenina er ein samtidsroman og rekna som eit av høgdepunkta i russisk realisme. Men den peikar òg framover mot romandiktinga på 1900-talet. Dette blir kanskje mest tydeleg i den utstrakte bruken av indre monolog, det vil seie ei direkte attgjeving av personane sine indre tankar og kjensler, slik dei sjølv opplevde det. I dag er Anna Karenina rekna som ein klassikar, og romanen har av nokre blitt omtala som ein kjærleikens høgsong. Samstundes har den framleis aktualitet som skilsmisseroman, ikkje minst gjennom Tolstoj sin analyse av tilhøvet mellom barn og foreldre i ein slik situasjon.

Romanen er filmatisert eit titals gongar, seinast i 2012 i regi av Joe Wright. Anna Karenina er òg oppført som ballett og opera. I 2012 oppførte både Nationaltheatret og Riksteatret stykkjet med utgangspunkt i Armin Petras si dramatisering av romanen.

Omsetjingar til norsk

Anna Karenina er omsett til norsk (bokmål/riksmål) fleire gongar.

  • 1911: Omsett av Olaf Broch. Kristiania: Aschehoug, 1911. 2 band.
  • 1928–29: Omsett av Per Wigholm. Oslo: Nasjonalforlaget. 4 band
  • 1938: Omsett av Martha Grundt. Oslo: Gyldendal. 2 band
  • 1950: Omsett av Nic. Henriksen. Oslo: Mortensen. 3 band
  • 1974: Omsett av Erik Egeberg; med innleiing av Geir Kjetsaa. Oslo: Gyldendal. 2 band

Filmatiseringar

Anna Karenina er filmatisert eit titals gongar. Først med tittelen Love i 1928 i regi av Edmund Goulding og med Greta Garbo i houdrolla. Nokre av filmatiseringane inkluderer:

  • Anna Karenina (1935) i regi av Clarence Brown med Greta Garbo.
  • Anna Karenina (1948) i regi av Julien Duvivier med Vivien Leigh.
  • Anna Karenina (1967) i regi av Alexander Zarkhi med Tatiana Samoilova (russisk).
  • Anna Karenina (1985) i regi av Simon Langton med Jacqueline Bisset (for TV).
  • Anna Karenina (2012) i regi av Joe Wright med Keira Knightley.

Sceneoppføringar

Tolstoj sin roman har danna grunnlaget for fleire operaer, mellom desse kan ein nemne:

  • Karenina Anna av J. Hubay med libretto av S. Góth (urpremiere Budapest 10. november 1923) og Anna Karenina av I. Robbiani med libretto av E. Guiraud (uroppføring Roma 6. mai 1924).
  • Oppført som ballett av den russiskfødde dansaren og koreografen André Prokovsky til utvalt musikk av Tsjajkovskij, med Europa-premiere i Oslo 3. mars 1990.
  • Oppført på Nationaltheatret i regi av Hanne Tømta og med Ågot Sendstad i hovudrolla i 2012.
  • Oppført av Riksteatret i regi av Morten Borgersen med Gørild Mauseth i hovudrolla i 2012.

Kjelder

  • Børtnes, Jostein (29. juni 2018). «Anna Karenina». Store norske leksikon. Henta 9. oktober 2019. 

Fotnotar

Tags:

Anna Karenina SamandragAnna Karenina AnalyseAnna Karenina Omsetjingar til norskAnna Karenina FilmatiseringarAnna Karenina SceneoppføringarAnna Karenina KjelderAnna Karenina FotnotarAnna KareninaLev TolstojRealismenRomanRussiskRussland

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

27-årsklubbenNorsk fonologiBardufoss lufthamnVictoria av StorbritanniaAndre verdskrigenNorrøn tidDen kalde krigenAbugidaWikiGiroInger Lise GjørvI Dovregubbens hallBöle i HelsingforsSilkehegreThe First Cut Is the DeepestMesopotamiaPyramidekabalEngelskSamuel MassieTrykkHepatitt C-virusKyprosFelix MendelssohnKommunikasjonssatellittPeter ŠťastnýIngrid FiskaaROBEKKalkulusNamnedagar i NoregZirósDisney Channel SkandinaviaAmasoneAddress Resolution ProtocolLuftfartøyBuJacques BrelKolonialhandelFacesEmma EllingsenHydrogenSexyBlåmannSjakkMaskorama (sesong 4)Det norske alfabetetJamie MuirLonely and BlueReligiøse debattar om Harry Potter-serienStorfuglHerman WildenveyLonnie MackTyrkiaHalloMidsommarØrsta kommune24. aprilNicolette LarsonEtnisk nasjonalismeÅVM i skiskyting 1999WikipediaEuropaSerious Hits… Live!Ouverture i fransk stilTidslinje over norsk historieAndreas Hofgaard WinsnesFrøylandsvatnetSlaveKanye WestHannoverAleksandr RagulinEnglandMount Salisbury i AntarktisNangijalaCicero🡆 More