Fyrste eller fyrstinne (frå tysk: Fürst, 'den fyrste') er ei nemning eller tittel som kan visa til ulike typar adelsfolk.
Ordet kan visa til eit medlem av eit kongehus eller høgadelen, men kan også brukast om kvar ein uavhengig monark.
«Fyrste» kan brukast om ein uavhengig monark av eit område uansett kva for ein tittel dei brukar. Det kan visa til folk med titlar som konge, keisar, hertug og maharajah, men også fyrste. I Europa i dag finst tre fyrstedøme der statsoverhovudet brukar tittelen «fyrste»: Andorra, Liechtenstein og Monaco.
Prins har same avleiing som fyrste (latin princeps, 'den fyrste'), og blir i nokre språk brukt på same vis.
Fyrste har også blitt brukt som adelstittel i fleire land, mellom anna Tyskland og Russland. Tittelen har då gjerne vore den høgaste adelsklassa blant den ikkje-regjerande delen av adelen. Otto von Bismarck var ein slik fyrste. Variantar av fyrstetittelen er storfyrste og kurfyrste.
Fyrstehus eller fyrsteætt kan visa til slekta til ein uavhengig herskar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Fyrste, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.