Eurovision Song Contest 1968

Eurovision Song Contest 1968 var den 13.

utgåva av Eurovision Song Contest, den årlege songtevlinga for medlemmane av Den europeiske kringkastingsunionen (EBU). Tevlinga blei arrangert laurdag 6. april 1968 i Royal Albert Hall i London i Storbritannia. Katie Boyle leia sin tredje finale, og 17 land deltok. Finalen var den fyrste som ble produsert og send i farger, sjølv om dei fleste landa overførte han i svart-kvitt. Den store førehandsfavoritten var superstjerna Cliff Richard med «Congratulations», men i den spennande avrøystinga måtte han gje tapt med eit poeng for spanske Massiel og «La, la, la». Dette var den fyrste sigeren til Spania i Eurovision Song Contest. Noreg blei representert av Odd Børre og låten «Stress». Det norske bidraget blei nummer 13 med 2 poeng.

Eurovision Song Contest 1968
Dato
Vertskap
Stad
Royal Albert Hall
Eurovision Song Contest 1968 London i Storbritannia
Programleiar(ar)
Katie Boyle
Varigskap
Opningsnummer
Pausenummer
Bidrag
Kart
Røysting
Vinnar
Eurovision Song Contest 1968 Spania med «La, la, la» av Massiel
Eurovision Song Contest
1967 Eurovision Song Contest 1968 1969

Sendinga

Eurovision Song Contest 1968 
Royal Albert Hall blei oppført i 1871 og husa Eurovision Song Contest 1968.

Dette var den tredje gongen Storbritannia arrangerte ein Eurovision-finale, men det var fyrste gongen landet var vertskap etter sjølv å ha vunne. Dei to fyrste gongane, i 1960 og 1963, hadde BBC tredd inn som vert etter at høvesvis Nederland og Frankrike avstod av økonomiske årsaker. I 1967 vann Storbritannia Eurovision Song Contest for fyrste gang – med Sandie Shaw og «Puppet on a String». BBC la nok ein gong finalen til London, denne gongen til det velkjende konserthuset Royal Albert Hall i South Kensington. Med 6000 publikummarar i salen var dette den største konsertarenaen i tevlinga til då.

17 land, dei same som året før, deltok i tevlinga. Rekkefølgja blei avgjort ved loddtrekking, og Portugal starta, mens Jugoslavia avslutta. I likskap med året før trekte Noreg startnummer 13.

TV-personlegdommen Katie Boyle var også denne gong programleiar, ein jobb ho også hadde i 1960 og 1963 – i tillegg til i 1974. Sendinga frå London blei overført til 25 land og eit potensielt publikum på 200 millionar menneske. I tillegg til dei 17 deltakerlanda blei finalen også sendt i Tunisia og Aust-Europa. Sendinga varte i 1 time og 37 minuttar.

Fargane kjem

For fyrste gong blei Eurovision Song Contest produsert og send i fargar, men det var berre eit fåtal land som overførte sendinga i fargar: Frankrike, Tyskland, Nederland, Noreg, Sverige, Sveits og Storbritannia, men Storbritannia sendte tevlinga direkte i svart-kvitt på BBC1. Fargesendinga blei fyrst vist i opptak på BBC2 dagen etter. NRK Fjernsynet overførte også sendinga i fargar, sjølv om Noreg var fleire år unna farge-tv. I Noreg kom fargane fyrst som prøvesendingar i 1972, og fast frå 1975. Men NRK hadde teknisk moglegheit til å motta og vidareformidle farge-tv-sendingar, noko kanalen også gjorde med sendingane frå Sommar-OL i Mexico same år. Svært få nordmenn hadde ein farge-mottakar i 1968, og difor fekk kommentator Roald Øyen oppgåva med å formidle fargeinntrykka til norske tv-sjåarar. Som Øyen sjølv kommenterte frå London: «Så sant jeg får tid, skal jeg prøve å gi dere en beskrivelse av de forskjellige fargesammensetninger i klær og kostymer (…), så kan dere også få noe å le av innimellom».

Hitar og vinnarar

Eurovision Song Contest 1968 
Cliff Richard var den store favoritten før finalen.

Den soleklåre førehandsfavoritten dette året var vertsnasjonen sjølv, som blei representert av Cliff Richard og «Congratulations». Britisk presse var så sikre på britisk siger at dei stilte spørsmålet: «Kven blir nummer to?». Cliff Richard stilte sigerssikker på scena i blå dress og skjorte med frysjeblonder i halsen – til ville skrik frå tenåringane i salen. Men under den dramatiske avrøystinga blei den britiske superstjerna slegen av spanske Massiel med eit poeng. Selv om «Congratulations» ikkje vann Eurovision, blei songen likevel den klårt største hiten i Europa dette året. Songen toppa singellistene i blant anna Storbritannia, Irland, Sverige, Nederland og i Spania, som vann tevlinga. Også i Noreg gjekk den britiske låten til topps og blei liggjande på toppen av VG-lista i heile ni veker. Sidan har songen blitt ein evergreen og er framleis ein av dei aller mest kjende frå historia av Eurovision Song Contest. Under jubileumsshowet til Eurovision Song Contest i 2005 blei «Congratulations» kåra til den åttande beste låten frå dei fyrste 50 åra av tevlinga.

Vinnarlåten «La, la, la» fekk mindre kommersiell suksess. Songen var derimot omslutta av fleire kontroversar. Opphavleg skulle artisten Juan Manuel Serrat synge songen, men han blei erstatta med Massiel kort tid før den internasjonale finalen. Årsaka var at Serrat kravde å få syngje songen på katalansk, noko Franco-regjeringa nekta å godta. I songen blir ordet «la» sunge heile 138 gongar.

Eurovision Song Contest 1968 
Massiel skaffa Spania sin fyrste sigerr.

I 2008 hevda ein spansk dokumentarfilm at general Franco hadde rigga avrøystinga i Eurovision Song Contest. Dokumentaren hevda at det spanske regimet hadde fått spanske TVE til å reise rundt i Europa for å kjøpe røystene til fleire av dommarane. Ein siger skulle betre det internasjonale omdømet til Spania. Massiel blei rasande over påstandane i dokumentaren og sa at ho vann fordi ho hadde ein betre song. Massiel meinte også at påstandane var drivne fram som følgje av hard konkurranse mellom spanske tv-kanalar, og at dokumentaren var laga for å trekkje sjåarar. José María Íñigo, mannen som fyrst kom med påstandane i dokumentaren, trakk seinare utsegnene sine. I staden sa han: «Om det hadde vore ein slik manipulering, hadde det nok skjedd med ein annan artist, tettare knytta til regimet.» Det svenske bidraget «Det börjar verka kärlek, banne mej», med Claes-Göran Hederström, blei også populær i Noreg. Songen kom på femteplass i tevlinga, godt hjelpt av seks poeng frå den norske jurygruppa. Etter finalen blei låten liggjande 13 veker på VG-lista med andreplass som høgaste notering, berre slått av «Congratulations».

Det norske bidraget

Noreg deltok i Eurovision Song Contest for niande gong, og for fyrste gong med ein låt som ikkje hadde vunne den norske finalen. Vinnarsongen, «Jeg har aldri vært så glad i noen som deg», blei nemleg trekt på grunn av plagiatpåstander. I staden var det andreplassen, «Stress» og Odd Børre, som blei sendt til London. Songen var komponert av Tor Hultin med tekst av Ola B. Johannessen, same duo som stod bak den norske vinnaren i 1967.

Noreg var det 13. landet ut på scena i London, og Øivind Bergh dirigerte orkesteret. Den norske songen fekk berre to poeng, eit frå Luxembourg og eit frå Spania. Den norske juryen gav 6 poeng til Sverige, 2 til Portugal, 1 til Finland og 1 til vinnarlandet Spania. Sverre Christophersen las poenga frå den norske jurygruppa frå studio på NRK Marienlyst i Oslo. Roald Øyen kommenterte sendinga frå London.

Dette året var Noreg på sett og vis representert gjennom to land. Wenche Myhre representerte nemleg Vest-Tyskland med songen «Ein Hoch der Liebe». I påskegul kjole song Myhre Vest-Tyskland inn til ein sjetteplass – utan å få poeng frå den norske jurygruppa.

Deltakarar

Liste over deltakarane og det offisielle resultatet. Tabellen er rangert etter startrekkefølgje, plasseringa og poengsummen er i kolonnane til høgre.

Startnr. Land Artist Song Språk Plass Poeng
01 Eurovision Song Contest 1968  Portugal Carlos Mendes «Verão» Portugisisk 11 5
02 Eurovision Song Contest 1968  Nederland Ronnie Tober «Morgen» Nederlandsk 16 1
03 Eurovision Song Contest 1968  Belgia Claude Lombard «Quand tu reviendras» Fransk 7 8
04 Eurovision Song Contest 1968  Austerrike Karel Gott «Tausend Fenster» Tysk 13 2
05 Eurovision Song Contest 1968  Luxembourg Chris Baldo og Sophie Garel «Nous vivrons d'amour» Fransk 11 5
06 Eurovision Song Contest 1968  Sveits Gianni Mascolo «Guardando il sole» Italiensk 13 2
07 Eurovision Song Contest 1968  Monaco Line og Willy «À chacun sa chanson» Fransk 7 8
08 Eurovision Song Contest 1968  Sverige Claes-Göran Hederström «Det börjar verka kärlek, banne mej» Svensk 5 15
09 Eurovision Song Contest 1968  Finland Kristina Hautala «Kun kello käy» Finsk 16 1
10 Eurovision Song Contest 1968  Frankrike Isabelle Aubret «La source» Fransk 3 20
11 Eurovision Song Contest 1968  Italia Sergio Endrigo «Marianne» Italiensk 10 7
12 Eurovision Song Contest 1968  Storbritannia Cliff Richard «Congratulations» Engelsk 2 28
13 Eurovision Song Contest 1968  Noreg Odd Børre «Stress» Norsk 13 2
14 Eurovision Song Contest 1968  Irland Pat McGuigan «Chance of a Lifetime» Engelsk 4 18
15 Eurovision Song Contest 1968  Spania Massiel «La, la, la» Spansk 1 29
16 Eurovision Song Contest 1968  Tyskland Wencke Myhre «Ein Hoch der Liebe» Tysk 6 11
17 Eurovision Song Contest 1968  Jugoslavia Dubrovački trubaduri «Jedan dan» Serbokroatisk 7 8

Artistar som har delteke tidlegare

Artist Land Deltok i Merkandar
Isabelle Aubret Eurovision Song Contest 1968  Frankrike 1962 Vinnar av Eurovision Song Contest 1962

Poengtavle

Tavla er ordna etter stemmerekkefølgja i finalen.

Deltakarland Poenggjevande land Sum Plass
Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968  Eurovision Song Contest 1968 
Eurovision Song Contest 1968  Portugal 2 3 5 11
Eurovision Song Contest 1968  Nederland 1 1 16
Eurovision Song Contest 1968  Belgia 1 1 1 3 1 1 8 7
Eurovision Song Contest 1968  Austerrike 2 2 13
Eurovision Song Contest 1968  Luxembourg 1 1 1 1 1 5 11
Eurovision Song Contest 1968  Sveits 2 2 13
Eurovision Song Contest 1968  Monaco 2 1 3 1 1 8 7
Eurovision Song Contest 1968  Sverige 1 1 1 2 6 4 15 5
Eurovision Song Contest 1968  Finland 1 1 16
Eurovision Song Contest 1968  Frankrike 3 6 2 3 3 1 2 20 3
Eurovision Song Contest 1968  Italia 1 2 2 2 7 10
Eurovision Song Contest 1968  Storbritannia 1 2 2 1 4 5 3 2 4 1 1 2 28 2
Eurovision Song Contest 1968  Noreg 1 1 2 13
Eurovision Song Contest 1968  Irland 1 1 1 4 1 4 6 18 4
Eurovision Song Contest 1968  Spania 4 2 1 4 3 4 3 1 1 6 29 1
Eurovision Song Contest 1968  Tyskland 1 1 2 5 2 11 6
Eurovision Song Contest 1968  Jugoslavia 1 1 1 1 3 1 8 7

Kommentatorar og dirigentar

25 land kringkasta finalen: Dei 17 deltakarlanda, samt Tunisia, Bulgaria, Polen, Romania, Sovjetunionen, Tsjekkoslovakia, Ungarn og Aust-Tyskland gjennom Intervision. Kvart land hadde sin eigen dirigent og ein eigen kommentator som formidla informasjon, fargar og hendingar direkte til sjåarane heime. Roald Øyen kommenterte finalen direkte frå London for NRK Fjernsynet og NRK Radio. Oversikt over kommentatorar, dirigentar og poengopplesarar under Eurovision Song Contest 1968:

Land Kringkastar Kommentator Poengopplesar  Dirigent
Eurovision Song Contest 1968  Portugal RTP Fialho Gouveia (RTP) Maria Manuela Furtado Joaquim Luís Gomes
Eurovision Song Contest 1968  Nederland NTS Elles Berger (Nederland 1) Willem Duys Dolf van der Linden
Eurovision Song Contest 1968  Belgia BRT
RTB
Janine Lambotte (RTB)
Herman Verelst (BRT)
André Hagon Henri Segers
Eurovision Song Contest 1968  Austerrike ORF Willy Kralick (ORF) Walter Richard Langer Robert Opratko
Eurovision Song Contest 1968  Luxembourg CLT Jacques Navadic (Télé-Luxembourg) N/A André Borly
Eurovision Song Contest 1968  Sveits TV DRS
TSR
TSI
Theodor Haller (TV DRS)
Georges Hardy (TSR)
Giovanni Bertini (TSI)
Alexandre Burger Mario Robbiani
Eurovision Song Contest 1968  Monaco Télé Monte-Carlo Pierre Tchernia (Télé Monte-Carlo) N/A Michel Colombier
Eurovision Song Contest 1968  Sverige Sveriges Radio Christina Hansegård (Sveriges Radio TV) Edvard Matz Mats Olsson
Eurovision Song Contest 1968  Finland Yle Aarno Walli (TV-ohjelma 1) Poppe Berg Ossi Runne
Eurovision Song Contest 1968  Frankrike ORTF Pierre Tchernia (Deuxième Chaîne de l'ORTF) Jean-Claude Massoulier Alain Goraguer
Eurovision Song Contest 1968  Italia Rai Renato Tagliani (Secondo Programma) Mike Bongiorno Giancarlo Chiaramello
Eurovision Song Contest 1968  Storbritannia BBC  Ingen kommentator (BBC1)
Pete Murray (BBC Radio 1)
Michael Aspel Norrie Paramor
Eurovision Song Contest 1968  Noreg NRK Roald Øyen (NRK Fjernsynet og NRK Radio) Sverre Christophersen Øivind Bergh
Eurovision Song Contest 1968  Irland RTÉ Brendan O'Reilly (RTÉ Television)
Kevin Roche (Radio Éireann)
Gay Byrne Noel Kelehan
Eurovision Song Contest 1968  Spania TVE Federico Gallo (TVE1) Joaquín Prat Rafael Ibarbia
Eurovision Song Contest 1968  Tyskland ARD Hans-Joachim Rauschenbach (Deutsches Fernsehen) Hans-Otto Grünefeldt Horst Jankowski
Eurovision Song Contest 1968  Jugoslavia JRT Miloje Orlović (Televizija Beograd)
Mladen Delić (Televizija Zagreb)
Tomaž Terček (Televizija Ljubljana)
Snežana Lipkovska-Hadžinaumova Miljenko Prohaska

Kjelder

Bakgrunnsstoff

Eurovision Song Contest 1968  Wiki Commons har multimedia som gjeld: Eurovision Song Contest 1968

Tags:

Eurovision Song Contest 1968 SendingaEurovision Song Contest 1968 DeltakararEurovision Song Contest 1968 PoengtavleEurovision Song Contest 1968 Kommentatorar og dirigentarEurovision Song Contest 1968 KjelderEurovision Song Contest 1968 BakgrunnsstoffEurovision Song Contest 196819686. aprilCliff RichardCongratulationsDen europeiske kringkastingsunionenEurovision Song ContestFjernsynKatie BoyleLa, la, laLondonMassielNoreg i Eurovision Song ContestRoyal Albert HallSpania i Eurovision Song ContestStorbritanniaStress av Kirsti Sparboe og Odd BørreSvart-kvitt

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Emma WatsonSør-SudanVår StaudeWikipedia29. juniSpanskNitrogenSteinAsbjørnsen og MoeDet finske riksvåpenetJernNynorsk nettleksikonJohn Churchill, 1. hertug av MarlboroughBaliKattFenresulvenSvartedauenLokríGaysirSiderAlbert ÅbergNanbudoJesu Kristi Kyrkje av Siste Dagars HeilageBondelungeSymbolNazistAustromarriketAutoritetsdataUkrainsk matMolde kommuneJal i OmanRøyslandSkeiselandskampen Nederland–Noreg 1974Martha SkrettebergOperativsystemTokyoEngelskOperatunnelenHaillIdas sommarvisaFilmserien Harry PotterOksygen1968Jon FosseØdipusSur i OmanMakrakómiTrekanthandelHaitiAftonbladetFurieSyriaÅsgardSamvirkelagVolda kommuneBolsjevismeBirger HatlebakkMargrethe RøedSandnessjøenUngkarNautisk milHenrik II av EnglandHypoteseRosenborg slottInnsjøar i SverigeFuglen munkOffentleg eigedomSexyEli Kari GjengedalEuropaMorfologi i biologiØresundbruaHellasAsker kommune🡆 More