Eleanor Rigby

«Yellow Submarine»

«Eleanor Rigby»
Singel av The Beatles
frå albumet Revolver
A-side

Språk engelsk
Utgjeve 5. august 1966
Innspelt Abbey Road
28.-29. april 1966
Sjanger Barokk pop
Lengd 2:06
Selskap Parlophone (UK)
Capitol (USA)
Komponist John Lennon, Paul McCartney
Tekstforfattar John Lennon, Paul McCartney
Låtskrivar(ar) Lennon/McCartney
Produsent George Martin
The Beatles-kronologi 
«Paperback Writer»
(1965)
«Eleanor Rigby» «Strawberry Fields Forever» / «Penny Lane»
(1966)


«Eleanor Rigby» er ein song av The Beatles som kom ut på albumet Revolver i 1966. Songen er hovudsakleg skriven av Paul McCartney. Han er ein av dei mest utypiske og lettast gjenkjennelege av Beatles-songane med ein dobbel strykekvartett arrangert av George Martin og tekst om einsemd. Songen var eit framhald av den musikalske forvandlinga bandet starta med Rubber Soul frå å vere eit hovudsakleg pop-basert band til eit meir seriøst og eksperimentelt band.

«Eleanor Rigby» vert ofte skildra som ein klagesong for einsame menneske. Songen gjev glimt frå liva til ei kvinne, Eleanor Rigby, og ein prest, Father MacKenzie. Han endar med gravferda til Eleanor Rigby der presten ikkje har nokon å tala for.

All the lonely people, where do they all come from?
All the lonely people, where do they all belong?

Paul McCartney
Eleanor Rigby

Skriving

Songen kom til då McCartney sat ved pianoet sitt. Det første namnet han kom på var ikkje Eleanor Rigby, men Daisy Hawkins. I tillegg hadde han namnet Father McCartney, men dette vart endra til Father MacKenzie fordi han var redd folk ville tru han song om sin eigen far.

Songen vart skriven ferdig heime hos John Lennon med dei andre i The Beatles til stades. McCartney spelte gjennom songen medan dei andre kom med idear.

Innspeling

«Eleanor Rigby» har ikkje eit vanleg pop-arrangement, og ingen i The Beatles spelte instrument på songen, sjølv om både Lennon og George Harrison medverka med korvokal. I staden nytta McCartney ein dobbel strykekvartett som bestod av fire fiolinar, to celloar og to bratsjar. Partituret var skrive av produsent George Martin. Oktetten vart spelt inn 28. april 1966 i Studio 2 ved Abbey Road Studios og gjort ferdig i Studio 3 29. april og 6. juni. Det 15. forsøket vart nytta som master.

Utgjeving

«Eleanor Rigby» vart gjeve ut samstundes med albumet Revolver den 5. august 1966 som ein singel med dobbel A-side. Den andre A-sida var «Yellow Submarine». Singelen gjekk til topps i heimlandet Storbritannia, men nådde berre 11. plassen i USA. I Noreg vart songen marknadsført med «Yellow Submarine» som A-side, og det er denne som står oppført på VG-lista. Singelen låg 11 veker inne på Topp 10, og sju av desse på førsteplass.

Ettermæle

Eleanor Rigby 
Eleanor Rigby-statuen i Liverpool.
Foto: Erik Ribsskog

I enkelte referansebøker om klassisk musikk vert «Eleanor Rigby» nemnd på like linje med klassiske verk. Howard Goodall har kalla songen ei blanding av melodiar som kanskje berre Mozart kan måle seg med i europeisk musikkhistorie.

Musikkmagasinet Rolling Stone plasserte songen på 138. plass på lista si over dei 500 største songane gjennom tidene i 2010.

I Liverpool er det sett opp ein statue av Eleanor Rigby, laga av Tommy Steele og tileigna «all the lonely people».

Forfattaren Douglas Coupland har gjeve ut boka Eleanor Rigby om ei anna kvinne som kjenner seg einsam og mislukka.

Medverkande

    Personell per Ian MacDonald

Salslister

Liste (1966) Plassering
UK Singles Chart 1
Canadian CHUM Chart 1
US Billboard Hot 100 11
Liste (1986) Plassering
UK Singles Chart 63

Andre innspelingar

Ei rekkje andre artistar har gjort sine eigne utgåver av «Eleanor Rigby». Av desse finn ein Joan Baez, Ray Charles, Tony Bennett, Aretha Franklin og Wes Montgomery

Songen har òg vorte sampla av fleire rapparar.

Bakgrunnsstoff

Kjelder

Føregangar
«Sunny Afternoon»
The Kinks
Toppen av norske topp 10
The Beatles

7 veker, veke 34–40 1966
Etterfylgjar
«Little Man»
Sonny & Cher

Tags:

Eleanor Rigby SkrivingEleanor Rigby InnspelingEleanor Rigby UtgjevingEleanor Rigby EttermæleEleanor Rigby MedverkandeEleanor Rigby SalslisterEleanor Rigby Andre innspelingarEleanor Rigby BakgrunnsstoffEleanor Rigby KjelderEleanor RigbyYellow Submarine

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

88SogeBiologisk systematikkHartmanns operasjonArabiskIstanbulPoarta AlbăBirgitte GrimstadVår Frelsers gravlundLaosPilfinkBouvetøyaHanne Skartveit67Norske bilandFilmjølkRuts bokJesusSverd i fjellKon-Tiki-ekspedisjonen1992ØresundbruaNorskLNordland fylkeMoldedialektKnut den mektige55JøssingStorbritanniaDen muslimske verdaLangeDet latinske alfabetetGeitSexyDompapKatten med støvlaneVillsauOrHanna BrummenæsTrettiårskrigenDer ingen skulle tru at nokon kunne buSpektrogramTPelterbreenGeirr Lystrup19. augustGrunnstoffliste etter namnSlaget på StiklestadOhioHalloweenHageReguleringsventilVendlandSøkerobotVictoria av Storbritannia1958Oslo9FKirgisistanJosip Broz TitoDen ytre kjernenHåvard NordtveitBambiAlderspensjonRGullT. RexCornelis VreeswijkVulkanar i ItaliaKoalaAtommodellOle BrummRolandskvadetMenneskeanatomiStare🡆 More