58°56′29″N 5°40′18″E / 58.94139°N 5.67167°E / 58.94139; 5.67167
Sverd i fjell er ein bronseskulptur sett opp til minne om slaget i Hafrsfjord som samla Noreg til eitt rike. Han er laga av tre store sverd som står opp frå svaberget i Møllebukta inst i Hafrsfjord i Stavanger kommune. Skulpturen vart laga av Fritz Røed frå Bryne frå 1980 til 1983. Han vart avduka av kong Olav 7. mai 1983.
Eit større sverd står for kongen som sigra, medan dei to mindre er bilete på dei tapande småkongane. Minnesmerket er også meint som eit symbol for fred. Sverda er sett ned i fjellet for at dei aldri meir skal brukast, slik ein kunne stikka sverd i jorda som ei fredshandling i norrøn tid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Sverd i fjell, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.