Ein strykekvartett er ei gruppe av fire strykarar, eller musikkstykke skrivne for ei slik gruppe.
Vanlegvis fell musikken ein strykekvartett spelar inn under nemninga kammermusikk.
Gruppa kan teoretisk setjast saman av alle slags strykeinstrument, men normalt er instrumenta:
Eit musikkstykke for fire strykeinstrument kan ha alle moglege former, men om det ganske enkelt blir omtala som ein strykekvartett har det som regel fire satsar og har same utforming som ein symfoni. Dei ytre to satsane er som regel raske, medan ein typisk har ein sein sats og ein dansesats (til dømes menuett eller scherzo) i valfri rekkefølge inni.
Eit utval av komponistar som har utmerkt seg ved å skriva strykekvartettar:
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Strykekvartett, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.