Castor er ei pattedyrslekt som omfattar to artar av bever.
Castor | |
Utbreiing | |
Utbreiinga av Castor | |
Systematikk | |
Underrekkje: | Virveldyr Vertebrata |
Klasse: | Pattedyr Mammalia |
Infraklasse: | Placentale pattedyr Placentalia |
Overorden: | Euarchontoglires |
Orden: | Gnagarar Rodentia |
Underorden: | Castorimorpha |
Familie: | Beverfamilien Castoridae |
Slekt: | Castor von Linné, 1758 |
Bever er den største gnagaren som finst på den nordlege halvkula. Beverane omfattar familien Castoridaæ med dei to artane Castor canadensis og Castor fiber. Førstnemnde høyrer heime i Amerika, mens sistnemnde høyrer heime i Europa.
Beveren kan oppnå ei vekt på 40 kg. Han er dekt av tjukk, vasstett pels, og bakbeina er kraftige, med symjehud mellom de fem tærne. Forbeina derimot liknar våre hender, og beveren bruker dei med stor dyktigheit og presisjon til forskjellige oppgåver.
Beveren overgår alle andre pattedyr (unntatt mennesket) når det gjeld evna til å endre og tilpasse sitt livsmiljø. Det som imponerer mest er beveren sine demningar. Dei kan vere opptil fleire titals meter lange, og sørgjer for at vasstanden i hovudreviret er mest mogleg konstant. Sjølve beverhytta kan vere opptil 7 m i diameter, og huse 2–3 familiar, med høgast 8–10 individ.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Castor, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.