Blekksprutar (eller blekkspruter; lat.
Blekksprutar | |
Systematikk | |
Rike: | Dyr Animalia |
Underrike: | Eumetazoa |
Infrarike: | Protostomia |
Rekkje: | Blautdyr Mollusca |
Klasse: | Blekksprutar Cephalopoda Cuvier, 1797 |
Cephalopoda) er ein klasse blautdyr kjenneteikna av eit framståande hovud og fleire armar eller tentaklar. Blekksprutar lever i alle hav og på alle djupner. Ingen av dei toler ferskvatn, men nokre få artar kan leva i brakkvatn.
Klassen har om lag 786 nolevande artar som er delt opp i to underklassar. I underklassen Nautilodea finn me blekksprutar med eit ytre skal, medan dyr i Coleoidea har skalet innvendig eller manglar det heilt.
I Noreg er dei vanlegaste typane ti-arma blekksprutar, akkar, og Loligo forbesi.
Blekksprutar skil seg frå andre blautdyr ved å ha lukka krinsløpssystem, større hjerne og meir sofistikerte sansar. Blekksprutauga liknar særs mykje på pattedyra sitt, men sidan synsnervene leiar ut på baksida av retina manglar det den blinde flekken. Ein kan såleis seie blekksprutane har betre augo enn oss. Likevel er dei fleste artane fargeblinde.
Nervesystemet til blekkspruten er det mest avanserte mellom dei virvellause dyra.
Med unnatak av nautiloidane har dei fleste blekksprutar kromatophorar som gjer at huda deira kan skifta form og farge etter omgjevnadane. Desse vert nytta både til å kommunisera med andre blekksprutar og som kamuflasje.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blekksprutar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.