Blåveis (Hepatica nobilis, Linné kalla planten Anemóne hepática) er ein fleirårig urt i soleiefamilien.
Blåveis | |
Blåveis | |
Systematikk | |
Rike: | Planteriket Plantae |
Overrekkje: | Landplantar Embryophyta |
Rekkje: | Karplantar Tracheophyta |
Underrekkje: | Frøplantar Spermatophytes |
Orden: | Ranunculales |
Familie: | Soleiefamilien Ranunculaceae |
Slekt: | Hepatica |
Art: | Blåveis H. nobilis |
Vitskapleg namn | |
Hepatica nobilis |
Han har karakteristiske, leverforma, vintergrøne blad og blå blomar i april–mai. Planten vert om lag 10 cm høg.
Blåveisen finst i Europa nord til Skandinavia og Finland, og sør til Apenninane og Pyreneane. Den manglar i Vest-Frankrike og på Dei britiske øyane. Blåveisen veks på turr og kalkrik grunn i lauvskog eller barskog. På desse vekseplassane viser ingen andre blomar seg før blåveisen. Allereie under snøsmeltinga byrjar han å opne dei mørkeblåe kronblada sine.
I Noreg er blåveisen vanlegast på Austlandet, Sørlandet og i Trøndelag, men planten finst òg i Ryfylke, Hardanger og ved Bodø.
Slektsnamnet Hepatica viser til det latinske ordet for lever (hepar), medan artsnamnet, nobilis, tyder ‘edel’.
Etter blomstringa ligg stengelen bøygd mot jorda, og småfruktene (nøttene) vert liggande nær morplanten. Dei vert spreidde med hjelp av maur (ein myrmekofil plante).
Blåveis vert dyrka i hagar — både den arten som veks vilt i Noreg og ungarsk blåveis (Hepatica transsylvanica).
Blåveis er fylkesblom i Akershus.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Blåveis, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.