Austroasiatiske Språk

Austroasiatiske språk er ein språkfamilie i Søraust-Asia og det nordaustlege India.

Namnet kjem frå greske ordrøter og tyder Sør-Asia. Dei austroasiatiske språka blir ikkje snakka i ein samanhengande region, fordi han vert splitta opp av andre språk og språkfamiliar. Sannsynlegvis høyrer talarane av austroasiatiske språk til ein veldig gammal folkesetnad i Sør- og Søraust-Asia, og talarane av dei andre språka har kome til regionen seinare. Blant desse er talarar av indoeuropeiske språk, tai-kadai-språk og sinotibetanske språk.

Austroasiatiske språk
Klassifisering: austroasiatisk
Vidare inndeling:
  • Monnar-khmer
  • Nikobarisk
  • Munda
Område: Sør- og Søraust-Asia
Austroasiatiske Språk
Kart over dei austroasiatiske språka

Inndeling av dei austroasiatiske språka

Austroasiatiske Språk 
Ilja Peiros si kontroversielle inndeling av dei austro-asiatiske språka

Det er fleire framlegg til inndeling av dei austroasiatiske språka. Eitt kjem frå Ilja Peiros, som går inn for ei tredeling, i nikobaresisk, munda og mon-khmer. Eit anna kjem frå Gérard Diffloth (2005), som også held munda for seg, men som skil ut ei eiga nordleg mon-khmer-gruppe, og lèt nikobaresisk vere ein del av mon-khmer. Ethnologue følgjer Diffloth. Peiros si inndeling er basert på den leksikostatistiske metoden (graden av språkslektskap er proporsjonal med graden av slektskapsord i dei moderne orda), dette er ein kontroversiell metode. Paul Sidwell (2009) viser at den leksikostatistiske metoden faktisk gjev større skilnader internt i kvar potensielle undergruppe enn undergruppene i mellom. Basert på den historisk-komparative metoden viser han at det ikkje er grunnlag for å gruppere nokre av dei tretten ukontroversielle grupene saman, og han går derfor inn for ein flat kam-lik struktur. I seinare arbeid går han nærare inn på delar av familien og argumenterer for at khasispråka og dei palaungiske språka har eit felles urspråk.

Bakgrunnsstoff

Litteratur

Tags:

GreskIndiaIndoeuropeiske språkSinotibetanske språkSpråkfamilieSøraust-AsiaTai-kadai-språk

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

RakettAthamánesBuDet indiske kastesystemetOslo kommuneKaptein SabeltannNasjonaldagWayback MachineGuvernement i OmanOppland fylkeBrunKjeleelvtindenAksla27-årsklubbenEventyrGulJonas LieDet engelske herrelandslaget i fotballBygdedyretDet nederlandske koloniriketFørste maiBM-21VrangianáCoca-ColaBokmålSylvi ListhaugHypertrofiAldous HuxleyCharlène av MonacoOmanFinnøyKallesignalOdd NordstogaMetéoraTermisk diffusivitetIranSikhismenJamstellingsvedtaketEli Kari GjengedalForelskingOksygenProgrammeringsspråket JavaSamuel MassieNordfjordeidRio de Janeiro2024AlderspensjonForvandlingaDen kalde krigenFreddie MercuryHavørnDiezeNyrekapselHaaretzDet tredje riketHinduismenKardítsaØrsta kommuneCarl Philip av SverigeSkiáthosLarvik kommuneBerlinblokadenRonja RøverdatterDet første krosstogetSvart kattVipeValdresJordskorpeplateOslo Øst fotballNormert talemålRekonvalesensMuscatZagorá-Mourési🡆 More