Abuja er offisiell hovudstad i Nigeria og har vore det sidan 12.
desember">12. desember 1991. Byen blei først til på 1970-talet då ein vedtok å flytta hovudstaden hit, midt i landet, frå Lagos, som ligg ved kysten i sør. Abuja er ein planlagd by som framleis er i vekst. Ein reknar med at folketalet er på rundt ein million.
Abuja | |
---|---|
Styresmakter | |
Land Territorium | Nigeria Federal Capital Territory |
Minister | Bala Mohammed |
Geografi | |
Flatevidd | 713 000 000 km² |
Flatevidd - by | 713 km² |
Innbyggjarar - by (2006) - folketettleik | 776 298 1 100/km² |
Høgd over havet | 360 m |
Tidssone | UTC+01:00 (UTC) |
Diverse anna | |
Heimeside: https://www.fcta.gov.ng/ | |
Nettstad: fct.gov.ng/fcta/ |
Byen er bygd på Chukukuåsane, men er prega av to fjellformasjonar i nærleiken, Zuma og Aso. Zuma skal vera det geografiske midtpunktet i Nigeria. Fjellet blir kalla «Porten til Abuja», og grensa mellom hovudstatsterritoriet og delstaten Niger går her.
Aso ligg nord for Abuja, og byen spreier seg ut frå foten av fjellet. Tidlegare låg landsbyen Asokoro her, men nå er han og innbyggjarane hans blitt ein del av byen.
Abuja er kalla opp etter emiratet Abuja, som vart grunnlagt i 1828. Namnet tyder Abu den Raude, som var namnet til grunnleggjaren. Hovudstadsterritoriet ligg rett sør for det gamle emiratet, som no heiter Suleja.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Abuja, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.