Walter «Walt» Elias Disney (5.
desember">5. desember 1901–15. desember 1966) var ein amerikansk teiknefilmskapar og ein av dei mest betydingsfulle personar i moderne underhaldningsbransje.
Disney vart fødd i Chicago i Illinois. I løpet av karrieren si mottok han meir enn 950 utmerkingar frå heile verda, mellom anna 48 Oscar-statuettar og 7 Emmy-prisar. Det starta for alvor i 1928 med stumfilmen «Plane Crazy» og sidan lydfilmen «Steamboat Willie». Begge handla om Mikke Mus, som altså var den første av dei kjende figurane som Disney skapte.
Den første langfilmen hans var Snehvit og de syv dverger, som kom ut 21. desember 1937.
Verksemda som Walt Disney grunnla, The Walt Disney Company, produserer teiknefilmar, teikneseriar og andre underhaldningsprodukt. Han grunnla fornøyelsesparkane Disneyland (1954) og Disneyworld, temaparkar som har fått utspring i Japan og Frankrike. I Noreg er den definitivt mest kjente teikneseriefiguren hans Donald Duck. Selskapet hans har stått bak nokon av verdas mest populære teiknefilmar; Askepott, Bambi, Dumbo og ikkje minst Snøkvit og dei sju dvergane.
Walt Disney har fått to stjerner på Hollywood Walk of Fame og figurane Donald Duck og Mikke Mus har fått kvar si stjerne. I 1964 vart han tildelt Presidentens fridomsmedalje av president Lyndon B. Johnson.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Walt Disney, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.