Illustratør er eit yrke der ein lagar illustrasjonar, det vil seie bilete med eit klart formål eller bodskap, til dømes til bøker, tekstar og teikneseriar.
Når ein er illustatør, er det mest vanleg å jobbe frilans, men nokre illustratørar er òg tilsette i bokforlag, reklamebyrå eller medieverksemder. Ein illustratør bør ha talent og interesse innan teikning og jobbar med visuell kommunikasjon.
Ein illustratør er ikkje like fri som ein biletkunstnar, men gjer oppdrag frå ein arbeidsgjevar. Som illustratør kan ein arbeide med profilering av verksemder, bokillustrasjon/-design, emballasje, identitetsbygging, redaksjonell illustrasjon og design, plakatar, skriftdesign og kalligrafi, reklame, skilting, strategisk design, animasjon, teikneseriar, webdesign, multimedia, film & TV.
Løna til ein illustratør kan variere etter om ein er fast tilsett eller jobbar frilans. Andre faktorar som speler inn er utdanning, erfaring, oppdraga og tilknytingsforhold. Spesielt i byrjinga av karrieren er det opp til illustratøren sjølv å skaffe seg kontaktnettverk.
Mange illustratørar er sjølvlærte og har opparbeidd seg kompetanse gjennom praktisk arbeid.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Illustratør, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.