Morgenbladet: Norsk avis

Morgenbladet er ei avis som kjem ut i Oslo kvar fredag.

Ho har eit stadfesta nettoopplag på 15 720. Ansvarleg redaktør er Sun Heidi Sæbø.

Morgenbladet
Morgenbladet: Historie, Ansvarlege redaktørar, Kjelder
LandNoreg
TypeVekeavis
FormatTabloidformat
Grunnlagd1. januar 1819
Pris59 kr (laussal)
EigararMentor Medier
UtgjevarMorgenbladet A/S
Sjefredaktør(er)Sun Heidi Sæbø (oktober 2019)
SpråkNorsk
Politisk posisjonUavhengig, tidlegare konservativ
Opplag28 998 (netto 2017)
Papiravisdel 26 174
HovudkvarterChristian Krohgs gate 16, Oslo
Nettstadhttps://morgenbladet.no/
Morgenbladet: Historie, Ansvarlege redaktørar, Kjelder
Framside 2. januar 1820

Avisa har som mål å vere ei ubunden røyst i den offentlege debatten og konsentrerer seg hovudsakleg rundt temaa kultur, media, politikk, kunst og litteratur. Tidlegare var avisa ei konservativ avis.

Dei viktigaste eigarane i Morgenbladet er Forlagskonsult, Fritt Ord og Dagsavisen.

Historie

Boktrykkar Niels Wulfsberg stod bak den første utgåva av Morgenbladet, som kom ut 1. januar 1819. Ingen norske dagsaviser er eldre. Avisa kom med undertittelen «En daglig Avis af alle Slags Indhold» og vart trykka av det Wulfbergske Boktrykkeri under faktor Rasmus Hviid.

Morgenbladets første format var 20 x 20 cm, mindre enn dagens A4-format. Sidetalet var fire. Dette formatet heldt avisa på i 17 år.

Wulfsberg utgav til tross for at enkelte krefter meinte at ein hadde nok aviser i landet. Morgenbladet utkom samtidig med aviser som Nationalbladet, Drammens Tidende, Budstikken og Rigstidende.

Utover 1820-talet vart Morgenbladet sett på som ei av dei viktigaste avisene i Noreg.

Adolf Bredo Stabell

Morgenbladet fekk i 1831 med Adolf Bredo Stabell, som første norske avis, ein redaktør som førte ei langsiktig politisk line. Med inspirasjon fra utlandet innførte Stabell leiarartikelen. Gjennom sitt politiske ståsted og uahenighetsideal i Morgenbladet vart Stabell ein av dei fremste bidragsytarane til utforminga av den norske redaktørrollen.

1900-talet

Carl Joachim Hambro d.e. var Morgenbladets redaktør under og etter den første verdskrigen.

Avisa vart under den andre verdskrigen stoppa av den tyske okkupasjonsmakta i april 1943. Redaktørane Olaf Gjerløw og Fredrik Ramm vart sende i tysk fangenskap.

Etter krigen gjekk det stadig nedover med Morgenbladet.

I perioden 1963 til 1982 var Chr. Christensen (C.C.) redaktør i avisa.

Ein periode på 1980-talet vart avisa utgjeven av Hroar Hansen, som også stod bak Søndag Søndag. I denne perioden var Hans Geelmuyden redaktør. Etter ei tid trekte likevel Geelmuyden og det meste av redaksjonen seg etter fleire konfliktar med Hansen.

I 1993 kjøpte Truls Lie avisa, som vart omgjort til ei vekeavis.

Ansvarlege redaktørar

  • Niels Wulfsberg 1819–1821
  • Rasmus Hviid 1821–1831
  • Adolf Bredo Stabell 1831–1857
  • Christian Friele 1857–1894
  • Nils Vogt 1894–1913
  • C.J. Hambro 1913–1919
  • Olaf Gjærløw 1920–1940
  • Olaf Gjærløw og Fredrik Ramm 1940–1941
  • Rolv Werner Erichsen 1941–1943
  • Olaf Gjærløw 1945–1949
  • Birger Kildal 1958–1963
  • Christian Christensen 1963–1982
  • Sverre M. Gunnerud 1982–1984
  • Odd Gisholt 1984–1985 (fungerende)
  • Paul Einar Vatne 1985–1987
  • Hans Geelmuyden 1987–1988
  • Hroar Hansen 1988–1993
  • Truls Lie 1993–2003
  • Alf van der Hagen 2003–2012
  • Anna Børve Jenssen 2012–2019

Kjelder

Litteratur

  1. Bastiansen, Henrik G. og Dahl, Hans Fredrik : Norsk Mediehistorie – Universitetsforlaget – ISBN 82-15-00325-7

På nettet:

Bakgrunnsstoff

Tags:

Morgenbladet HistorieMorgenbladet Ansvarlege redaktørarMorgenbladet KjelderMorgenbladet BakgrunnsstoffMorgenbladetAnsvarleg redaktørOslo

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Jerry ReedNynorskSexyMolde kommuneNicholas MayallMiljøproblemTatjana TomasjovaNederlandSteinAlpin tundraGotlandPhil MillerAksel SandemoseJørn Lier HorstZinédine ZidaneMarco PoloLastebilÍpirosArne Kjell LarsenOrbitalQ.E.D.NasjonaldyrNasjonalrettDei fem K-ane i sikhismenBöle i HelsingforsTraneHellasAegisLemmingPer SpelmannTrykkDen kalde krigenBrohlbachMicky MoodyJerry DouglasNykøbing MorsKvartalAlfred MaurstadNikólaos Skoufás i ÁrtaHøyArne TreholtVevdesignSjangerOksygenNederlandskReligionskrigTerje StrømdahlØresundbruaSkigardsviseXboxPollachiusÁrtaMoldedialektAndreas BlochTeltPilSekretær som møbelManuela Di CentaRovfuglarAbugidaKommunismeWikipediaStore norske leksikonSola kommuneCupheadSki-VM 2019Paradise and LunchRolf KjødeNorsk fonologiOperahuset i OsloKelly ClarksonLangnebbparakittAcanthisOdinDet første krosstogetIrritasjon🡆 More