Oskar og Oscar er mannsnamn brukt i fleire vesteuropeiske kulturar.
Namnet er truleg avleidd frå norrønt Ásgeirr ('gud' + 'spyd'), men er best kjend frå irsk mytologi som namnet på sonen til Oisín. Den vestfrankiske forma av namnet er Ansgar.
Oskar har namnedag den 5. august i Noreg og den 1. desember i Sverige.
Det var i 2007 2 646 som hadde Oskar og 1 643 menn som hadde Oscar som første fornamn i Noreg (SSB). Namnet er også mykje brukt som andre del i namnesamansetjingar (som Karl Oskar).
Skrivemåten med c var vanleg på slutten av 1800-talet, men gjekk ned fram mot 1900, då forma med k blei meir utbreidd. Rundt 1900 fekk opptil 1,3 prosent av alle nyfødde namnet Oskar. Begge namneformene auka i bruk frå slutten av 1990-åra. Ein har hatt ei liknande namneutvikling i Sverige. Dette kan ha samanheng med dei norsk-svenske kongane Oscar I (regjerte 1844–1859) og Oscar II (regjerte 1872–1905/07). Namnet Oscar blei opphavleg teke inn i den svenske almanakken i 1812, for å heidra Oscar (I) Bernadotte.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Oskar, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.