Tunga er ei stor muskelsamling i munnen som handsamar mat og blir brukt til å smaka med.
Ho blir òg brukt til kommunikasjon, og er eitt av taleorgana hjå menneske. I tillegg har ho ei rekkje andre bruksfelt.
Mykje av tungeyta er tekt med smakslaukar.
Menneske brukar tunga til å framstilla ei rekkje språklydar ved at ho sperrar for noko av luftstraumen som går ut gjennom munnen.
Tunga er òg ein viktig del av kroppsspråk, der å slikka seg rundt munnen tyder at ein har lyst på mat, eller ei utstrekt tunge kan brukast til å erta eller skremma med. Det siste finst til dømes i formelle helsingar blant maoriar.
Nokre dyr bruker tunga til å kjøla seg ned med. Ved å rekka ut tunga slik at vatn fordampar frå henne, senker dei kroppstemperaturen på same måte som når menneske sveittar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Tunge, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.