Kommunikasjon er utveksling av opplysningar, vanlegvis gjennom eit sams symbolsystem (t.d.
eit språk). Omgrepet kan òg visa til samferdsle.
Kommunikasjon kjem frå det latinske communicare, som tyder å gjere felles. Menneske kommuniserer for å utveksla kunnskap, røynsler og kjensler. Vanlege uttrykk er teiknspråk, talespråk, skriftspråk, rørsler og kringkasting. Den ikkje-verbale kommunikasjonen kan vi dele inn i auditiv og visuell kommunikasjon. Også pausen, eller stilla, har ein funksjon i kommunikasjon.
Kommunikasjon har også eit makt- og kontrollaspekt, og er ein reiskap for å både styre andre og meistre eigen livssituasjon. Kommunikasjon skaper felleskap og identitet.
Mange dyreslag kommuniserer òg med kvarandre ved hjelp av lyd, lukt og kroppspråk. Kvalar brukar til dømes kvalsong over store avstandar, hundar sender ut og mottek lukteinntrykk, og honningbier «dansar» kvar dei andre biene kan finna nektar.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Kommunikasjon, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.