Tregleiksmoment

Tregleiksmoment om aksen til ein punktforma lekam er massen gonger kvadratet av avstanden frå aksen til lekamen.

For ein ustrekt lekam finn ein tregleiksmomentet ved å summere tregleiksmomenta om aksen for alle dei einskilde massepunkta.

Tregleiksmoment
Ein balansekunstnar utnyttar tregleiksmomentet til den lange stanga til å lettare halde balansen Dette er Samuel Dixon som kryssar Niagara i 1890.

I SI-systemet har tregleiksmomentet eininga kg m² og det er eit mål på rotasjonstregleiken til ein stivt lekam. Symbolet vert vanlegvis nytta.

Oversikt

Tregleiksmomentet til ein lekam om ein gjeven akse skildrar kor vanskeleg det er å sette lekamen i rotasjon om aksen, der aksen går gjennom det massefellespunktet til lekamen. Som eit døme, tenk på to hjul med same masse, eit med stor og eit med liten radius. Det mindre hjulet er lettare å akselerere inn i ei rotasjonsrørsle, fordi massen er konsentrert nærare rotasjonsaksen. Tilsvarande er det vanskelegare å få det større hjulet til å akselerere, siden massen er spreidd lenger frå rotasjonsaksen. Det vesle hjulet har eit mindre tregleiksmoment, medan det større hjulet har eit større tregleiksmoment.

Tregleiksmoment må ikkje forvekslast med flatetregleiksmoment eller polart arealmoment, som ofte har same symbol Tregleiksmoment .

Det finst to former av tregleiksmoment, ei skalar form, og ei meir generell form, der det ikkje er naudsynt å vite rotasjonsaksen. Det skalare tregleiksmomentet er ofte det ein refererer til og forstår med «tregleiksmoment», og den generelle forma blir derfor ikkje omtalt i denne artikkelen.

Skalart tregleiksmoment

Definisjon

Det (skalare) tregleiksmomentet for eit massepunkt som roterer om ein kjend akse er:

    Tregleiksmoment 

der

    m er massen,
    og r er avstand frå massepunktet til rotasjonsaksen.

tregleiksmomentet kan summerast, så for ein lekam definert som fleire massepunkt med masse Tregleiksmoment  og avstand frå rotasjonsaksen Tregleiksmoment , er det totale tregleiksmomentet summen av tregleiksmomentene for kvart enkelt massepunkt.

    Tregleiksmoment 

For ein kontinuerlig massefordeling er tregleiksmomentet definert ved uttrykket

    Tregleiksmoment 

Parallellakseteoremet

Visst tregleiksmomentet for rotasjon om ein akse gjennom massefellespunktet for ein symmetrisk lekam har blitt kalkulert, kan ein finne tregleiksmomentet for rotasjon om alle parallelle aksar. For ein rotasjonsakse med ein avstand Tregleiksmoment  frå massefellespunktet, blir det nye tregleiksmomentet:

    Tregleiksmoment 

der

    Tregleiksmoment  er den totale massen til lekamen,
    og R er avstanden frå den nye rotasjonsaksen til massefellespunktet.

Dette teoremet er òg kjent som Steiners sats.

Eit døme på bruk av denne formelen vil vere om ein i staden for å rotere eit hjul rundt akselen, spinner det rundt ein ny aksel heilt i ytterkanten av hjulet. Det nye tregleiksmomentet vil bli det opphavlege tregleiksmomentet pluss massen til hjulet ganga med hjulradiusen i andre.

Eit utval kjente tregleiksmoment

Dette er kjende tregleiksmoment for ein del vanlige geometriske former med rotasjonsakse gjennom massefellespunktet. Desse kan nyttast for Tregleiksmoment  i parallellakseteoremet. Alle former har masse M.


Homogen slank stav med lengd Tregleiksmoment  langs y-aksen:


    Tregleiksmoment 


Tynn rektangulær plate i xy-planet med sidekant Tregleiksmoment  langs x-aksen og sidekant Tregleiksmoment  langs y-aksen.


    Tregleiksmoment 
    Tregleiksmoment 
    Tregleiksmoment 


Rektangulært prisme med sidekant b langs y-aksen og sidekant a langs x-aksen, med vilkårleg høgd langs z-aksen.


    Tregleiksmoment 


Tynn sirkulær skive med radius r i xy-planet.


    Tregleiksmoment 
    Tregleiksmoment 


Sirkulær sylinder langs z-aksen med radius r og lengd L.


    Tregleiksmoment 
    Tregleiksmoment 


Tynt sylinderskal langs z-aksen med radius r og lengd L:


    Tregleiksmoment 
    Tregleiksmoment 


Kule med radius r har same tregleiksmoment om alle aksar gjennom massefellespunktet:


    Tregleiksmoment 


Kuleskal med radius r har òg same tregleiksmoment om alle aksar gjennom massefellespunktet:


    Tregleiksmoment 

Kinetisk energi

For ein lekam som roterer med konstant vinkelhastigheit Tregleiksmoment  om ein akse, er den kinetiske rotasjonsenergien Tregleiksmoment  gjeve ved:

    Tregleiksmoment 

Formelen held òg for rulling av hjul.

Kjelder

Tags:

Tregleiksmoment OversiktTregleiksmoment Skalart tregleiksmomentTregleiksmoment KjelderTregleiksmomentMasse

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

Le CorbusierMesse i musikkHalvdan SvarteDeskátiAles stenardqgy5Nordland fylkeHar SedomIl Tempo GiganteJoakim Harestad HaukaasTriesteSS LazioOdontologiBolstadøyriTrude DrevlandHenrik IbsenArve Opsahl1416Creative CommonsBiologisk familieHeilage onsdagHjartøyaDet greske alfabetetOle Gunnar SolskjærMarikkenJohannespasjonen av BachTrøffelBrest i FrankrikeAsbjørnsen og MoeOrientråkeAlderspensjonMelhusVolda kommuneOffentleg eigedomAli Baba og dei førti røvaraneSacramentoTidssoneHarald V av NoregMusculus latissimus dorsiSandsøya i SandeLukkaLiv Grete SkjelbreidErling SkakkeBarentshavetPVictoria av StorbritanniaRasVerdas språk etter utbreiingEselLinda MedalenOmanSauKlimaAbsoluttverdiKapp VerdeStockholmSverigeLysingParaguayOrSekkenDeltaSaltROBEKRuth VangNaturgjødselLatinHubroStare🡆 More