Wiki Nynorsk 2023: Hovudside
NNWiki Tiếng ViệtWiki English

Ohms lov, namngjeve etter oppdagaren Georg Ohm, seier at tilhøvet mellom elektrisk straum, spenninga og motstand kan uttrykkast

    U = RI,

der U er spenninga, R er motstanden og I er straumen. Spenninga er med andre ord produktet av R og I.

Nokre døme

Døme 1

Når det er kjend at straumen i ein krins er 3 ampere og krinsen har ein motstand på 2 Ω kan ein finna spenninga som

    U = RI = (2 Ω)(3 A) = 6 V.

Døme 2

Når spenninga over ein motstand er 3 volt og motstanden er 1,5 Ω er straumen gitt som:

    I = U/R = (3 V)/(1,5 Ω) = 2 A.

Sjå òg

This article uses material from the Wikipedia article Ohms lov, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply. (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 3.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
#Wikipedia® is a registered trademark of the Wikimedia Foundation, Inc. Wiki (duhoctrungquoc.vn) is an independent company and has no affiliation with Wikimedia Foundation.