Nysing er ei plutseleg og eksplosiv utanding gjennom munn og nase som blir utløyst reflektorisk.
Ho gjer at slimpartiklar frå nase, munn og svelg blir slynga ut med stor kraftanstrengelser. Samtidig utstøyter ein gjerne ein lyd som kan ha ulik karakter - på norsk uttrykt skriftleg som «atsjo».
Nys kan utløysast ved kjemisk, mekanisk eller termisk irritasjon av visse delar av naseslimhinna, og kan også utløysast av sterkt lys. Ein nys særleg ved allergi og infeksjon i øvre luftvegar, som forkjøling. Ved luftvegsinfeksjonar gjer nys at mikrobar blir spreidde og kan smitta andre gjennom dropesmitte.
We have a custome, that when one sneezes, every one els putts off his hatt, and bowes, and cries God bless ye Sir. John Aubrey (1626-1697) |
Ein har tillagt nysing mange ulike tydingar gjennom tidene. Det kan bera bod om lukke eller ulukke, tyda at nokon tenkjer på ein, at ein vil møta nokon, få eit brev eller anna. Verbale svar på nys er utbreidde, og kan vera knytt til slik tru. Ulike tilsvar er til dømes nordisk «prosit», tysk «gesundheit!», og engelsk «[God] bless you».
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nysing, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.