Influensa Ah1N1

Influensa A(H1N1), tidlegare kalla svineinfluensa, er ein alminneleg og i blant dødeleg luftvegssjukdom hos gris som kjem av eit influensavirus type A.

Viruset spreier seg normalt ikkje til menneske, sjølv om smittetilfelle blir notert av og til, først og fremst mellom personar som har vore i direkte kontakt med grisar. Det mest kjende tidlegare utbrotet er frå 1976 på militærbasen Fort Dix i USA.

Influensa Ah1N1
Influensa A-virus

Eit svinevirusutbrot i Mexico og USA ramma menneske i 2009, med mange døde som følgje. Det vart raskt frykta at dette kunne vere starten på ein ny pandemi. Det særskilde viruset som er agens i dette utbrotet er tidlegare ikkje sett hos gris eller menneske. Dette spesifikke viruset er ein av fleire tusen variantar av undergruppa (H1N1) av influensa A-virus.

Smitte og symptom

Viruset smitter mellom menneske på same vis som vanleg sesonginfluensa: ved hoste, nysing og nær kontakt med sjuke menneske. Symptoma på sjukdommen er dei same som ved vanleg influensa, som feber, hoste, vond hals, kroppsverk, hovudpine, frysingar og trøyttleik.

Behandling

Det er utvikla ei særskild vaksine mot influensa A(H1N1). For dei som har sjukdommen, har vanleg influensamedisin som oseltamivir og zanamivir verknad.

Kjelder

Tags:

Gris

🔥 Trending searches on Wiki Nynorsk:

HovudsideDrinfossenNynorskSamvirkelagLike-til-likeThesprotíaAsker kommuneBizkaiaSaksofonMichael UhrmannKonsentrasjonsleirFilmen EllingUrinsyregiktDie WelleNicholas MayallMicky MoodyUngarnApeWikipediaBoliviaNorskTrekanthandelIltalehti23. aprilHenning SolbergNorges IshockeyforbundFader vårWikifrasarBrasil27-årsklubbenIlta-SanomatNoreg under sommar-OL 2008Det tredje riketPetter NorthugKristin SkogheimBente KahanKalkulusØyvind AlsakerDag HammarskjöldPeriferieininga ÁrtaTamreinHar SedomCommunist Party of Great BritainArne TreholtEllen DeGeneresFinding DoryThomas CrecquillonKokosmakronErnst VettoriStyresettVan der VeenstraumenWattensSjakkGresk mytologiØlebrødFlammepunktHalsnøyJørn Lier HorstNederlandGoTeltHarriet BackerGrunnstoffet tinnForbundsrepublikkNykøbing MorsTutankhamonPeriferieininga PrévezaHannah MontanaJolene av Dolly PartonWilliam OrpenFile Transfer ProtocolUniversity of Florida🡆 More