Nellie Bly (5.
mai">5. mai 1864–7. januar 1922), fødd Elizabeth Jane Cochran i Cochran's Mills i Pennsylvania, var ein amerikansk journalist og pioner innan undersøkande journalistikk.
Nellie Bly | |
Pseudonym | Nellie Bly |
Statsborgarskap | USA |
Fødd | 5. mai 1864 Burrell Township |
Død | 27. januar 1922 (57 år) |
Yrke | skribent, journalist, romanforfattar, reisande, oppfinnar, stemmerettsforkjempar |
Ektefelle | Robert Seaman |
Prisar | National Women's Hall of Fame |
Nellie Bly på Commons |
Cochran fekk den fyrste utdanninga si i heimen, men gjekk seinare på skule i Indiana. I 1881 flytta familien til Pittsburgh, og det var der ho debuterte i journalistyrket. I 1885 gav Pittsburgh Dispatch ut ein artikkel, What girls are good for, der ein ville innskrenke kvinnene si verd til hushaldsarbeid og familie. Til denne artkkelen forfatta den 18-årige Elizabeth eit engasjert svarbrev, som resulterte i at sjefredaktøren tilbaud henne arbeid i avisa og føreslo pseudonymet Nellie Bly etter ein populær song av Stephen Foster.
Allereie som 22-åring gjennomførte ho ei svært spesiell reportasjereise. Oppdraget hennar var nemleg å prøve å slå Phileas Fogg sin «litterære» rekord på 80 dagar for ei jorda rundt-reise. Dette klarte ho på litt over 72 dagar.
Nellie fekk lage ein artikkelserie om arbeidarjenter, ho skreiv om barnearbeid og skilsmisser, før ho etterkvart vart samfunns- og kunstredaktør. I 1887 reiste ho med mor si til Mexico og sende heim ein serie artiklar om dei sosiale forhalda der, som vart samla i boka Six months in Mexico.
Då Bly kom tilbake til USA flytta ho til New York-avisa The World der ho utførte ein serie avslørande reportasjar om mentalsjukehus. Gjennom sjølv å spela sinnsjuk blei ho lagd inn på Blackwell Island-asylet. Bly avdekte dårlege tilhøve som førte til sårt trengte endringar på sjukehuset. Med liknande teknikkar skreiv ho mellom anna om livet i slummen og arbeidstilhøve i fabrikkane.
Nellie Bly gifta seg med millionæren Robert Seaman i 1895 og trekte seg tilbake frå reportarlivet. Då mannen døydde i 1904 tok ho over styret av selskapa hans. Ho innførte mange av dei reformene ho hadde ivra for for arbeidarane, men gjekk konkurs i 1913.
Seinare tok ho opp att arbeidet som journalist, og dekte mellom anna konferansen for kvinneleg røysterett i 1913 og austfronten under andre verdskrigen.
Ho døydde 57 år gammal av lungebetennelse.
This article uses material from the Wikipedia Nynorsk article Nellie Bly, which is released under the Creative Commons Attribution-ShareAlike 3.0 license ("CC BY-SA 3.0"); additional terms may apply (view authors). Teksten er tilgjengeleg under CC BY-SA 4.0 om ikkje anna er oppgjeve. Images, videos and audio are available under their respective licenses.
®Wikipedia is a registered trademark of the Wiki Foundation, Inc. Wiki Nynorsk (DUHOCTRUNGQUOC.VN) is an independent company and has no affiliation with Wiki Foundation.